Løvetannkaffi

Mikal Tessem Larsen Lovetannrot

Løvetannkaffi har ein nøtteaktig, mørk og bitter smak som minner veldig om kaffi. Det beste er at den er laga av ei veldig sikker plante som dei fleste kjenner godt til, og det er mykje av den overalt! Det stemmer at blomane på løvetanna har frødd seg og flydd av garde for lenge sidan når du les dette, men bladverket står framleis og viser deg veg til røtene. Når me er ute etter røter på ein vekst er det faktisk ein fordel å sanke om hausten, då har næringsstoffa samla seg i røtene att for å førebu seg på vinteren. Eventuelt kan du sanke tidleg om våren før planta sprett, men då kan det vere vanskeleg å finne dei og identifisere dei. Det er røtene me er ute etter her.

FRAMGANGSMÅTE
Ta med deg ein spade, og finn eit område med masse løvetann. Spa opp slik at du får med heile, lange røter. Når du har teke røtene legg du tilbake torva du har spadd opp så det ikkje vert sår i landskapet etter deg. Plukk med deg så mykje du treng, kanskje om lag tjue røter til å starte med.

  • Vel heime att vaskar du røtene godt i kaldt vatn, gjerne gje dei ein lett skrubb med ein børste.
  • Kutt dei i små bitar (ca. 0,5 cm).
  • Sprei dei utover eit steikebrett. Ha dei i omnen på 120 grader i to timar, medan du vender dei eit par gongar.
  • Avkjøl og ha over på lufttett glas.
  • Lagrast mørkt og kaldt.
  • Knus bitane med ein mortar eller i ei kaffikvern til det vert fint som kaffipulver.
  • Trekk den som vanleg kaffi.

Les også Geitramste & Brennesleøl.

Flere oppskrifter