Brennesleøl

6 l
DSC 9405 2

Brennesla er òg ein velkjend vekst. Den trivs i nitrogenrik jord, til dømes der det har vore beita i overkant mykje av husdyr. Brennesle kan du plukke frå vår til haust, alt etter kva du skal bruke den til.

Til brennesleøl nyttar me grøne, fine blad, men me erfarer at det ikkje spelar så stor rolle om dei har stått ei stund. Det einaste minuset er at næringsinnhaldet har gått litt ned.

I denne oppskrifta nyttar me brunt sukker og sitronar. Om du ønsker å gjere ølen enno meir lokal kan du eksperimentere med å byte ut sukkeret med honning, og nytte til dømes sure eple i staden for sitronar.

Det har me ikkje fått prøvd enno, men det kan tenkast at honningen vil gje meir mjødpreg på ølen. Oppskrifta me brukar er inspirert av Pascal Baudar si oppskrift i The New Wildcrafted Cuisine, ei bok som anbefalast på det sterkaste om du er interessert i ville vekstar og eksperimentering med dei. Han er fullstendig grenselaus når det kjem til ville smakar og sanking.

DU TRENGER

800g brennesle
brunt sukker (eller anna søting)
6 l vann
3 sitroner (eller anna syre)
ølgjær (gjær til ølbrygging)

FRAMGANGSMÅTE

  • Plukk grøne fine blad.
  • Det er ein fordel å bruke hanskar.
  • Ha brennesle, brunt øko sukker og 6 liter vatn i ein kjele.
  • Skvis oppi 3 økologiske sitrona , og la blandinga koke i 30 minutt.
  • La deretter kjelen stå i kaldvatn til temperaturen når 21 grader med lokk eller kjøkkenhandkle over.
  • Tilsett ølgjær.
  • Dette får du tak i på nett eller andre stadar dei sel ølutstyr.
  • Ein pose ølgjær er ofte nok til 25L, så ikkje bruk meir enn 1/4 av posen.
  • Sil væska over i eit sterilt fermenteringskar, til dømes ein stor glasbehaldar eller vinballong.
  • Ha over eit reint tøystykke eller bruk ein gjærlås.
  • La det stå i 4 dagar.
  • Ha over på reine flasker og tilset ei halv ts brunt sukker (kan sløyfast) pr flaske.
  • La flaskene stå i romtemperatur i 7–10 dagar til karbonering, etter dette er dei drikkeklare og må lagrast kaldt (om ikkje kan flaskene eksplodere).
  • Denne framgangsmåten gjev ein låg alkoholprosent, men den kan aukast med meir sukker og meir tid og tolmod i fermenteringsprosessen.

Les også Geitramste & Løvetannkaffi.

Flere oppskrifter