Geitramste

Sank så mye du vil
Mikal Tessem Larsen

Geitrams er det nok mange som kjenner frå før. Den vekst vilt over heile landet frå fjell til fjøre. Geitramsen er ei sokalla pionerplante og kjem ofte i store mengder der det har vore skogbrann eller andre øydeleggingar som til dømes flathogst.

Du kan sanke av den frå vår til haust, avhengig av kva del av planta du vil bruke. Til geitramste nyttar me bladverk. Geitramsteen er det nordiske svaret på svart te, då den har mykje av den same bitre, runde smaken. Den inneheld rett nok ikkje koffein, slik svart te gjer.

FRAMGANGSMÅTE

  • Sank grøne, fine blad utan flekkar og skadar.
  • Ein treng fleire blad enn ein trur.
  • Ta berre blada, la resten av planta stå.
  • Rull blada mellom reine hender til dei har sleppt veske og blitt mørke og fuktige.
  • Legg alt i ei rein krukke, og press det godt ned slik at det kjem enno meir veske ut.
  • Legg eit reint handkle over krukka med ein strikk rundt.
  • Lukt på den etter ein dag, kanskje er den ferdig etter din smak.
  • Vil du ha den litt bitrare kan du la den stå litt til, prøv deg fram.
  • Bruk ein urtetørkar, eller legg blada utover eit steikebrett og ha det i omnen på femti grader med varmluft til blada er heilt tørre.
  • Dei er tørre nok når du lett kan knuse blada med fingrane.
  • Teen er klar, og du nyttar den slik du gjer med anna te ved å tekke den i om lag 10 minutt før du drikk den.

Les også Brennesleøl & Løvetannkaffi.

Flere oppskrifter