Myrmjølk

Myrmjolk Sellanraa

Denne oppskriften har vi fått av Marlin Nakken Kjelsvik frå gardskollektivet Sellanrå ved Hardangerfjorden, les gjerne kronikken hennes Å vera ein kulturberar på mikroskopisk nivå om norsk melkeforedling og forsvinnende kultur.

Den tida då budeiene brukte somrane på setra trong dei ein god måte å lagre mjølk på, det vart gjort ved hjelp av ulike foredlingsmetodar som til dømes ysting, syrning og kinning. Ein av måtane å lagre mjølka på var å setje den fersk på flasker og grave flaskene ned i myra. Dette vart eit lufttett og stabilt klima som ikkje fraus, og denne mjølka kunne stå lagra her til neste gong dei kom oppatt på setra, altså til neste sommar. Då hadde den forvandla seg til ei god surmjølk som var perfekt å kjøle seg ned med etter ei lang og tung buføring.

På Sellanrå likar me å teste ut alle måtar å lagre mat på som ikkje krev elektrisitet, så det var klart me måtte prøve dette òg!

  • Fyll fersk mjølk på sterile flasker.
  • Du kan tilsetje surmjølkskultur for å få eit sikrare resultat.
  • Finn ei myr.
  • Grav flaskene ned.
  • Merk kvar du har greve ned flaskene, eventuelt lag eit skattekart.
  • Vent nokre månadar før du grev dei oppatt.

Eg har lest at somme tilset surmjølkskultur i mjølka for å vere sikker på at det vert eit bra resultat, det gjor ikkje me då me ikkje hadde kultur tilgjengeleg. Om det vert eit produkt å skryte av veit me ikkje, men det vert gøy å sjå korleis det utviklar seg!

Når me foredlar mjølk på kjøkkenbenken får me ikkje berre ei god oppleving, me tar tilbake ein kunnskap og eit handverk som med rette skulle vore tilgjengeleg for alle. Me tar eigarskap over produktet, får erfaring gjennom hendene, og held liv i ein kultur som er skapt gjennom årtusnar. Det handlar om tilgang på kunnskap og næringsrik mat, og til meir me deler av desse godane til meir rettferdig og berekraftig kan både matsystemet og samfunnet elles verte. Bli med å ta bakteriane og mjølka tilbake!

Flere oppskrifter