Råvarer

Å vera ein kulturberar på mikroskopisk nivå

Det var ei tid då kvar ein liten krok i dei mest beskjedene dalføra hadde sin eigen ost og sin eigne lokale måte å bruke mysa på. Mjølkeforedling var ein stolt kultur som vart ført vidare gjennom generasjonar, frå bestemor, til mor, til dotter. For ja, i Noreg var dette eit kvinnearbeid.
Melk Sellenaraa

Både kulturen og oppskriftene svann hen i gløymselen i takt med industrialiseringa og tilgangen på den rimelege franske camemberten. I Frankrike har osten og mjølka stått fast som eit stolt handverk, og om den skulle verte truga på noko vis ville det storma i gatene. I dei fleste sydeuropeiske land har mjølkeforedling vore eit maskulint domene, og det finns teoriar om at det er nett difor kulturen kring mjølka har stått sterkt i desse landa i motsetnad til i Noreg. Om ein vil ta den norske osten tilbake må ein òg heidre dei mange kvinnene som sto bak den. Norsk mjølkeforedling er eit handverk verd å halda fast i.

DET ER IKKJE BERRE den mellommenneskelege kulturen kring mjølka som har gått tapt med tida, det er òg kulturen i sjølve mjølka. Medan produkta våre har blitt til industri, har omgjevnadane kring mjølka vorte meir og meir sterile. Mjølka du får i butikken er pasteurisert, og det som er att er berre ein bleik versjon av den komplekse råvara ho ein gong var. For ikkje å snakke om osten, så var det ein råtøff kamp å få lovleggjord sal av ost av rå mjølk for berre nokre år sidan. Bakteriar og sopp har fått status som noko me må kjempe imot, medan sanninga er at dei er grunnlaget for all fermentering av råvarer og sjølve grunnlaget for all eksistens. For at mjølka skal syrne må der vere sopp og bakteriar, på same måte som at dei må vere til stades i ei skinke som skal spekast. No er det jo sjølvsagt ein grunn til at Mattilsynet er redde for dårleg hygiene, for me vil jo ikkje bli råka av dei dårlege bakterie- og soppkulturane som gjer oss sjuke. Det som er synd er at kampen mot dei dårlege organismane også vert ein kamp mot dei gode bakteriekulturane i kring oss. Paradokset er at dei gode sopp- og bakteriekulturane som finst i mjølka naturleg er dei beste krigarane mot til dømes Listeria.

Det som er synd er at kampen mot dei dårlege organismane også vert ein kamp mot dei gode bakteriekulturane i kring oss.

RÅ MJØLK er utan tvil ei særs næringsrik energikjelde som alle er forunnt, og ikkje minst ei fantastisk råvare som grunnlag til gode smaksopplevingar. Når tida er inne for det skal me skaffa oss mjølkegeit her på Sellanrå, men først er det eit par brikker til som skal på plass. Når me handlar på butikken er korga vår nesten utelukkande full av meieriprodukt då me har det meste me treng av grønt, fisk og kjøt, så å verte sjølvforsynte på mjølk vil bli eit stort og viktig steg for oss vidare. Me klør jamvel i fingrane etter å lage meieriprodukt, og då er det heldigvis mogleg å høyre med ein mjølkebonde om hen har nokre liter til overs for sal. I følgje lovverket er det berre lovleg med tilfeldig sal av rå mjølk. Med mindre du har for vane å vandre rundt ymse gardstun med eit mjølkespann i handa for så å tilfeldigvis møte ein bonde som snublar og mistar eit par liter mjølk i spannet ditt, er det kanskje mogleg å sende ei kryptert melding. Men det høyrde du ikkje frå meg.

Ei god byrjing om ein vil prøva seg på heimelaga meieriprodukt er å lage yoghurt. Me vil gjerne dele med dykk korleis me lagar yoghurt her på Sellanrå. Dette syrlege meieriproduktet er ikkje berre veldig godt og anvendeleg, men det er også sjukt lett å lage. Det er heller ingen problem å lage mykje på ein gong, då den held seg i vekesvis om den står kaldt.

Her finner du oppskrift på hjemmelaget yoghurt.

Her finner du oppskrift på myrmjølk

MARLIN NAKKEN KJELSVIK (f.1995) er utdanna øko-agronom og har ei brennande interesse for eit framtidsretta landbruk. I dag er ho meddrivar av Sellanrå Gardskollektiv som starta opp på Halsnøy på utsida av Hardangerfjorden våren 2021. Garden rettar særleg fokus på sjølvforsyning, naturkunnskap og formidling. Følg dei gjerne på Instagram under @sellanraagardskollektiv

Flere artikler