Ande-rillet

Ca. 3 liter
8
Endene hjelper deg gjerne med hagearbeidet, og er ivrigen snegleetarar om dei får gå seg ei runde i kjøkkenhagen din. Når endene har tilgang på vatn vil dei ha det bra og halde seg friske og reine. Når tida er inne for andeslakt er det mykje som kan gjerast med så godt kjøt. Her får du oppskrift på eit pålegg som eigentleg kjem frå Frankrike, men som har komme til Sellanrå via sveitsaren i kollektivet. Her treng du verken kjøleskap eller frysar, så det er jo rett opp vår gate!

DU TRENGER
1 and på ca. 2 kg
500 g bacon
25 dl vatn
2 dl kvitvin
1 økologisk grapefrukt
3 kvastar timian
1 laurbærblad
salt (smak til)
pepar (smak til)


FREMGANGSMÅTE

  • Ha jus av grapefrukta og grapefruktskalet i ein kjele saman med resten av ingrediensane og la det koke i 2 timar.
  • Fjern anda og baconet frå gryta.
  • Reduser sausen til det er 1/3 att i gryta.
  • Fjern skinn (valfritt) og bein frå anda og riv kjøtet i tynne fibrar med ein gaffel.
  • Kutt baconet i strimlar.
  • Sil sausen som er att i gryta.
  • Ha sausen, kjøt/bacon og grapefruktskal tilbake i gryta, og la det småkoke til resten av sausen er redusert og blanda inn i kjøtet.
  • Legg kjøtblandinga på steriliserte glas, fyll dei heilt opp til lokket.
  • Oppbevar mørkt og kjølig.

Flere oppskrifter