Lundelien01
Reportasjer

Nytt liv på Lundelien

Kva er det eigentleg som får to unge menneske med ressursar, alle moglegheiter og heile livet føre seg, til å flytte til ein aude husmannsplass langt frå allfarveg? Kven er det som vel å gå mot straumen, kvifor gjer me det, og kva brukar me dagane våre på?

NÅR EG SKAL FORKLARE korleis det er der me flytta til ein kald vinterdag i fjor, brukar eg ofte seie «Dei ringde frå der ingen skulle tru med ein gong». Eller «Det veks bringebær inn på kjøkkenet, så det er kort veg til maten!» Svara kjem fort, somme gonger med eit glimt i auget, somme utan. Dei eg snakkar med smilar, bekymra, og klør seg i hovudet.

Me kom til Lundelien den kaldaste helga i februar i fjor. I tida før me landa, langt oppe i skogen, leste me «The One-Straw Revolution» av Masanobu Fukuoka og «The way home – Tales from a life without Technology» av Mark Boyle. Begge bøkene handlar om å gå tilbake til det enkle livet, i samspel med naturen. Lause draumar og ynskjer vart fastare planar og mål.

Les mer fra Lundelien:

Me kjem frå forstadar, både eg og forloveden min. Frå plen og veranda, hytte på fjellet, åtte til fire-jobb, avslapping og aktivitetar på kveldane. Begge to kom inn i landbruket i ungdomen, Maurice gjennom siviltenesta som gartnar og landskapspleiar i hans heimland Sveits, og eg gjennom Inn På Tunet-ordninga på ungdomsskulen.

Gjennom tilbodet på Haugen gard på Melhus, bygda eg kjem frå, fekk eg lov å kjenne på eigenverd, meistring og fellesskap. Me gjorde ekte ting, og me gjorde det i lag. Alt me gjorde hadde ein grunn, og gjorde ein stor forskjell. Eg forstod at det me gjer her, på denne økologiske garden, er å bygge eit krinslaup og støtte matproduksjonen vår. Men det er noko meir. Me tar tak i verdiane våre, i ferdigheitene våre, styrkane og svakheitene, gjennom å gjera, framfor å sitte på ein stol og bli fortelt kva og kvifor. Eigne meiningar, tankar og det unike som kvar og ein bring med seg får verdi når ein gjer noko som er ekte. Det var ingen veg tilbake.

EG BEGYNTE PÅ ØYA VGS, Noregs andre største landbruksskule, for å læra meg å bli bonde. Her fekk eg spørja, lære og diskutere med dei som veit meir enn meg. På skulen fekk me eit viktig innblikk i korleis «dei aller fleste» driv landbruk i Noreg, med alt det inneber. Korn, jordarbeid, slått, poteter, mjølkerobot, røyranlegg og spannmjølking, produksjon av sau, kylling, egg, svin og storfekjøt. Me lærde om landbrukspolitikk, me var på messer, landbruksforretningar og gardsbesøk.

Eg fekk lov å bli med, å prøva meg, å feile og meistre. Øya var utruleg flinke til å rettleie for praksis, som var viktig for meg. Dei andre i klassa hadde både odel, traktorlappen og refleksbukse, og hadde vore med på heimgarden heile livet. Dei satt med uvurderleg innsikt og kunnskap som var gull verd for ei som ikkje visste så mykje om verken mjølking eller slått, for ikkje å snakke om å rygge med hengar.

Samstundes som eg gjekk på landbruksskulen jobba eg på Melhusgården Øvre, som gav meg innsikt i andelslandbruk og ammekuhald på økologisk vis. Det var eit spennande år, med mange spørsmål, likskap og motsetningar, som eg er veldig takksam for. Det eg sit igjen med er ein enorm respekt for alle norske matprodusentar, som legg ned ein kjempeinnsats for eit felles mål: Å få mat på bordet. Og sjølv om eg kan argumentere godt for både konvensjonelt og økologisk landbruk, valde eg å byrje på Noregs einaste heiløkologiske landbruksskule, Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

Maurice og geitene
Ina og Maurice har bygd om fjøs og skaffa seg seks geiter som er ein del av krinslaupet på Lundelien.

HER MØTTE EG MANNEN eg skal gifte meg med neste sommar. På skulen lærte me om jord, kompost, grønsaksdyrking, ysting, fruktproduksjon, dyrehald, planlegging og mykje, mykje meir. Det viktigaste eg lærte på SJH var samanhengar, og korleis naturen har bygd alt heilt perfekt. Alt me gjer har store konsekvensar, både positivt og negativt. Me elevane, dei fleste vaksne, hadde mykje til felles på eit djupt plan, som gjorde det spennande og givande å lære og vere i lag. Me delte ein sterk rettferdssans, eit hjarte for dyr, menneske og jord, og eit ynskje om å gjera noko framfor å berre snakka om det. Handling er den sterkaste forma for aktivisme, trass alt.

Som nyfikne øko-agronomar køyrde me med ombygd bubil «heim» til Maurice i Sveits, klare for å prøve og gjera. Diverre var eg allereie sjuk før me fór på denne turen. Eg hadde forferdeleg vondt i kroppen, og eg sleit med å forstå kvifor verda er slik som den er, å akseptere tida eg er født inn i og sjå det fine med den. Eg vart deprimert, engsteleg og sliten, og eg var redd for å søkje hjelp, og vart verken trudd eller høyrd når eg endeleg søkte. Det vart eit vanskeleg år, og eg valde etter ein månad der eg jobba med arbeidshest i Tyskland, å vende nasen heim.

Maurice jobba då på ein biodynamisk gard i Sveits, og me vart einige om at me skulle finne ein stad å bu i lag i Noreg. Me ynskte å bu på ein gard, gjerne saman med andre likesinna. Me ville vera i lag med naturen og prøve å samarbeide med den. Vi håpa det ville gjere meg frisk att, å gjera slike ting som eg liker, vera litt i ro og komme på plass. «Me er alle plantar», brukar Maurice å seie. Nokon er bjørketre som sprett opp over alt og har forutsetningar for å klare både vêr og vind. Andre er fjellplantar som treng meir spesifikke forhold for å trivst. Men dei er like vakre, og har sin plass i verda. Og me treng dei like mykje.

SÅ ME LAGA EI ANNONSE, og fór til Valdres for å sjå oss omkring. Me hadde vore her på vår fyste ferie i lag, og drog tilbake til setra i Tisleidalen, utan vatn og straum, med utedo og mykje plass utom stoveglaset. Da me kom fram, kom me ikkje opp med den tunge bubilen. Det gjekk opp eit lys for meg. «Me kjem ikkje fram med alle desse tinga», sa eg. «Dei held oss tilbake. Me lyt gå.» Så me gjekk.

Om me hadde køyrd fram til setra, hadde me ikkje fått med oss korkje nordljoset eller månen, stjernene eller dyrespora. Me hadde vore altfor opptekne av å bere med oss alle desse tinga. Når så Eivind i Mitt Sør-Aurdal fortalde oss om ein «håplaus» stad i skogen, utan bilveg fram, straum, vatn, kloakk eller fastbuande sidan syttitalet, måtte me berre opp og sjå. To veker seinare flytta me inn.

Lundelien
Ina Støen og Maurice Jean-Paul Bischof har teke over småbruket Lundelien i Valdres. – Me har eit ynskje om å gjera noko framfor å berre snakka om det, seier dei.

DET VAR UNDER 15 minus inne dei fyrste fire dagane, før me fekk fiksa pipa og den gamle vedkomfyren. Me var blanke i auga når det vart fyr i omnen. Eg kjem aldri til å gløyme det. Med varme frå komfyren kunne me smelte snø til vatn, me skrapa måling som hang frå taket, vaska golv, som fraus og vart til isbane. Ein nabo hjelpte oss å få køyrd opp ein storbestilling økovarer som me flytta inn på det gamle stabburet. Me fiksa utedoen, handla på brukt’n og henta frå gjenbruksplassen. Utan det hjartenære og gode nabolaget i grenda der me bur, hadde det vore vanskeleg. Me fekk låne dusj og vaskemaskin, og kome inn på kaffi og varme tærne våre. Det vart mange turar opp den lange, bratte og svingete kjerrevegen. Maurice vart fort kalla «hesten» min, for han er sterk og får med seg mykje på ein tur.

Kjøkenet, det einaste rommet i tømmerstua med heile vindauge, vart fort vår heim, og to kattar fekk komme til gards. Litt for kos, og litt fordi eg ikkje ville bruke musefeller. Me vart ein familie; eg, Maurice, Vesla og Bruno.

Ettersom snøen smelta, oppdaga me nye ting kvar dag. Det kom opp eit solcellepanel, som minska kaférekninga. Maurice fekk seg jobb på ungdomsskulen og eg stelte heime. Eg begynte på PDC, Permaculture Design Certificate, for å lære om permakultur og korleis eg kunne drive med hage og landbruk med ein kropp som vart meir og meir smertefull, og ein energi som minska for kvar dag.

PERMAKULTUR VISTE SEG FORT å vera rett for meg. Her kom det fram, det eg hadde sakna i landbruksutdanninga: Samplanting, heilskapleg forvaltning, det å ta vare på menneska som driv, å drive ut frå ressursane og det å vera heile menneske saman. Samstundes som eg gjekk på PDC byrja eg på kurs i Holistic Management, med Anders Lerberg Kopstad, i samarbeid med Økologisk Noreg. Desse verktøya har hjelpt meg mykje i både forvaltning av garden og mitt eige liv.

Eg byrja å observere det som var på Lundelien og dei utfordringane me møtte i kvardagen. Ut frå dette designa me hagen og kvardagen. Det har vore min største motivasjon for å fortsette å gå i behandling for sjukdommen. Eg ser at me kan gjera ein positiv forskjell i verda med dei ressursane me har.

Til tross for sjukdomsforverring fekk eg fullført grunnkurset i permakultur, og var stolt av hagen me fekk til i året som gjekk. «Du skal ikkje gjere noko ein plass det fyste året, berre observere», minner eg meg sjølv på, når eg stressar over hus som må restaurerast, å ta fatt på den overgrodde slåttemarka eller å ha ein perfekt hage. Me har gjort for mykje, ikkje for lite. Med det i tankane kan eg kvile i at eg endå er i behandling, og at det tar tid å byggje opp ein betre form. «Slow and steady wins the race» vart fort vårt motto.

Frøplanter og solcellepanel
Frøplantene nyter vårvarmen, side om side med solcellepanelet.

DA DYRKESESONGEN VAR OVER, bestemde me oss for å bu varmare og enklare, til me har kome meir på plass på Lundelien. Dei kalde temperaturane og all gåinga er for mykje slik situasjonen er no, og hindrar meg i å verte heilt frisk. Det kjentest som eit nederlag da me flytta. Me veit at det var riktig for oss, og at det var det som skulle til, akkurat no. Etter å ha budd med vener i nærleiken, vart ein nabogard til Lundelien ledig for leige. I sommar stølar me på Lundelien, og huset er fullt av plantar, planar, håp og draumar for sesongen som kjem der oppe. Me gler oss skrekkeleg til å kome opp til stillheita, fuglane og det «enkle» livet igjen, men me gjer det på våre premissar, i vårt tempo.

I vinter har eg jobba med å sette meg sjølv fyst, og verte frisk att, men også med garden. Nyleg etablerte me vår eige bedrift «Levande Lundelien», og eg har så smått byrja å produsere ringblomsalve, heimebrygga kombucha, såpar og andre naturprodukt. Eg har gått på fagskule med nettundervisning og byrja på ei 3-årig diplomoppgåve i permakultur. Me har bygd om fjøs og skaffa oss seks geiter som er ein del av krinslaupet, både på garden kor me bur no, og på Lundelien.

ETTER Å HA VORTE inspirert av frøbiblioteket på Hamar, tok eg kontakt med Sør-Aurdal folkebibliotek og lurte på om me ikkje kunne starte frøbibliotek her i Bagn. Dei var svært positive, og så var me i gong. Eg utvikla eit dyrkekurs som eg valde å kalle «Kvardagsdyrking – lær å dyrke i rusk og rask frå hagen, nesten utan å luke og vatne», som eg held på opninga av frøbiblioteket. Det morosame var at det vart oppmøterekord, med stappfullt bibliotek. Eg trur og håpar det vil dukke opp massevis av flotte permakulturhagar i bygda vår i sommar. Dyrkekurset var ein gyllen moglegheit til å inspirere og lære Sør-Aurdølane om permakultur og korleis skape heilskap i sin eigen hage, med dei ressursane som finns tilgjengeleg. Å bygge fellesskap og ta tilbake den kunnskapen me ein gong hadde: Å dyrke berekraftig og enkelt gjennom heile prosessen frå frø til frø – det har eg tru på! Kvar flekk bidreg til å halde kunnskapen levande, mette magar og bidreg til samberginga i bygda vår. «Hengekøya er permakulturistens beste ven», seier permakulturistar. Når me går frå krig mellom artar, stadig vending av jord og monokultur til eit samarbeid av levande organismar og prosessar, kan me ligge i hengekøya og berre nyte.

Flere artikler