Lundelien 05
Dyrk selv

Korleis kan du bruke permakultur i ditt eige liv?

Det fyste eg lærde på permakulturkurset var at det ikkje berre var ein måte å dyrke på, men eit tankesett. For å få på oss «permakulturbrillene» finst det fleire verktøy. Det viktigaste er observasjon.

START MED Å KARTLEGGE kva det er du har tilgjengeleg, og kva som er der frå før. Utan denne informasjonen er det vanskeleg å designe noko som er berekraftig og fungerer over tid. Me bør handle ut frå det me veit og vere føre-var. Du kan ikkje sette tilbake det same treet du hugga ned, men du kan tenkje deg godt om før du huggar det. Ein måte å observere på er å lage eit «design web», eit tankekart som kartlegg prosjektet du skal i gong med.

Eit anna verktøy er sonedeling, der du plasserer det viktigaste, eller det du har mest med å gjere, nærast deg sjølv, sone 00, og det minst viktige, eller det som du har minst med å gjere, i sone 5. Eg brukar sonedeling til å fordele arbeidsoppgåver eg skal gjere, designe ein stad eller få orden på tankane.

Design web og sonedeling
«Design web» og sonedeling.

→ Korleis kan du bruke permakultur i hagen?

Om du dyrkar på ein måte som tek vare på dei tre etikkane: Omsorg for jorda, omsorg for menneske og rettferdig fordeling, driv du med permakultur i hagen. Eit døme på dette er matskogar, planta skogar beståande av fleirårige mat- og nyttevekstar. Ein matskog eller skoghage er oftast designa i sju sjikt eller etasjar, frå skogbotnen til dei høgste trea.

Eit anna eksempel er hügelbedd, der du bygger opp bedd i hagen som ein skogbotn, slik at du fokuserer på å dyrke jord framfor plantar. Sunne, ytande plantar er eit resultat av ei sunn og levande jord. Naturen fortel deg kva som kan vere i bedda, kvar dei skal vere og korleis dei kan sjå ut, dersom du lyttar og ser.

→ Kva slags ressursar finst?

Kvar er sola og kor lenge? Kva for indikatorplanter veks der, og kvifor? I kva steg i suksesjonen er det no? Korleis er jorda? Kor mykje vatn er der, og kvar kjem det frå? Korleis kan du halde på det naturlege vatnet? Kvar forsvinn og legg snøen seg fyrst? Kva slags nytte- og skadedyr finst? Kva likar du å ete, korleis kan du legge til rette for det? Må du forlenge sesongen med forkultivering eller drivhus/tunnel/ drivbenk? Finnes det stein som kan halde på varmen? Kor mykje tid, pengar og energi har du? Kven skal vere med, og korleis kan dei inkluderast?

Når du har svart på desse spørsmåla, har du kome langt på veg i å skape ein hage som spelar på lag med naturen og er lett å lykkast med.

Denne artikkelen er en del av reportasjen "Nytt liv på Lundelien" som stod på trykk i Ren Mat nr 48. Du kan lese resten av saken her.

Flere artikler