IMG 20220921 182419858
Ina Støen og Maurice Jean-Paul Bischof har teke over småbruket Lundelien i Valdres. – Me har eit ynskje om å gjera noko framfor å berre snakka om det, seier dei. Heile artikkelen om livet på Lundelien kjem i sommarutgåva av Ren Mat.
Dyrk selv

Lag smarte bed

La deg inspirere av permakultur og lær korleis du anlegg eit hügelbed som held på fukta i varmen.

Eit hügelbed er lagt opp som ein kaldkompost: Ein tredjedel grønt og to tredjedelar brunt materiale. Dette leggast over kvarandre som ein lasagne, og frigjer næringsstoff sakte og brytast ned til ein jordhaug.

Gjennom å bruke jorddekke og tett beplanting «lukkar» me jorda og unngår det som skjer når me grev og pløyer; at me opnar jorda og sett i gong jordas eigen helingsprosess: ugras.

«Bar jord, ope sår» er eit godt bilete på dette. Det same skjer i jorda som når du får eit risp i huda; blodet straumar til og tettar det med ei skorpe. Ugraset dekker jorda med pionérplantar.

Når me brukar jorddekke unngår me behovet for ugraset, og dermed også lukinga. Du kan bruke hügelbedteknikken overalt, i pottar, balkongkasser, blomsterkasser, markedshagen og kjøkenhagen. Moglegheitene er endelause. Hügelbed er litt jobb å anleggje fyste gongen, men tida du bruker då, er lett spart inn på kor lite tid du bruker gjennom sesongen. I fjor luka me ein halv time til saman på vår relativt store kjøkenhage. Du anlegg beda éin gong, som sparar tid og arbeid på våren i alle dei kommande åra.

Heile artikkelen om Livet på Lundelien får du i sommarutgåva av Ren Mat. Her får du Ina Støens guide til korleis ein kan bruke permakultur, og lage designweb og sonedeling. Bli abonnent her.


SEKS STEG TIL DITT EIGE HUGELBED


1. MARKDEKKE
– gje plantane eit forskot på ugraset Du kan bruke brun papp (f.eks. sykkeleskar), avisar, nedbrytbar barkduk, eventuelt ein behaldar med hol i, t.d. ei gamal bøtte. Legg eit ordentleg tjukt lag (4 lag papp) og blaut det godt opp med vatn.

2. TREMATERIAL – brunt materiale
Trematerialet er den brune delen i komposten din; sakte næring til jorda og spesielt soppen. Bruk gjerne lauvtre, nedbrotne eller ferske, flis, konglar, ull og hundehår. Vær kreativ og bruk det du har, gjerne mykje forskjellig saman. Unngå å bruke nåletre og barnåler, som er surt og inneheld mykje kvae, og som dermed brytast sakte ned. I jordbærbed og fleirårige grønsaker kan du bruke nåletre med fordel.

3. GJØDSEL - grønt materiale
Gjødsel gir rask næring til bakteriar og jordliv. Grønt lauv, ugras, ugrasvatn, dyremøkk, levande kompost. Om du ikkje dyrkar til sal kan du bruke utvatna gullvatn/urin i forhald 1:20 eller «humanure» - varmkompostert menneskegjødsel. Les meir om dette i «The humanure handbook» av Joseph C. Jenkins.

4. JORD
Dei aller fleste plantar treng næringsfattig jord den fyste tida. Det betyr at jorda i toppen av bedet må innehalde lite nitrogen. Dei fyste åra etter du har anlagt eit hügelbed, er det ofte for mykje næring og nedbryting som skjer til at småplanter trivst. For å kompensere for dette kan ein legge jord på toppen. Det beste er å bruke jord du har tilgjengeleg, f.eks. frå hagegangen. Du kan også bruke lauvkompost, eller kjøpe torvfri såjord og lage ei renne å så i. For å finne ut om komposten eller jorda i bedet ditt er for sterk kan du gjera ein karsetest: Så eit lite stykke eller i ei potte med karse, og sjå om det spirer. Om det ikkje spirer, er det for sterkt, og må modnast lenger.

5. JORDDEKKE – bar jord, ope sår
Til å dekke jorda kan du bruke grasklipp, ull, hundehår, aviser, papirstrimlar, flis frå lauvtre, konglar. Under jordbærplantar kan du bruke barnåler, det gjev ekstra smakfulle jordbær.

Til å dekke jorda kan du bruke grasklipp, ull, hundehår, aviser, papirstrimlar, flis frå lauvtre, konglar.

6. DYRK!
Vel eit stort mangfald av planter, dyrk i vekstskifte, samplant så mykje som mogleg, plant tett og så gjerne i hald som du kan høste gjennom sesongen. Det fyrste året du dyrkar i hügelbedet ditt, er det lurt å velge planter som toler og liker nedbryting godt, til dømes graskar og squash.

Ein vanleg sesong ser slik ut:
Skyv jorddekket til side
Så eller plant ut
La det spire
Tynn ut og luk
Skyv jordekket tilbake, eventuelt ha på ekstra gjødsel og
jorddekke
Gjenta år etter år!

Likte du det du las? Heile artikkelen om Livet på Lundelien får du i sommarutgåva av Ren Mat. Bli abonnent her.
Ina og Maurica nyttar det dei har læra om permakultur på småbruket deira Lundelien i Valdres. Fleire av Inas tips kjem i sommarutgåva "Spis det, ikke mist det!".



Flere artikler