Kva vil du gjera og kvar kan biblioteket vera? Lag eit tankekart eller skriv nøkkelord. Kanskje du kan samarbeide med det lokale biblioteket?
Ta kontakt med andre som har gjort noko liknande og lytt til erfaringar. Sjekk også gjerne ut Andrew McMillions frøkurs på KVANNs medlemssider. Har du eit lokalt hagelag eller dyrkeglade som vil hjelpe der du bur?
→ SKRIV EI GOD PROSJEKTBESKRIVING, inkludert budsjett.
→ SØK MIDLER OG TILSKUDD, du treng som oftast eit organisasjonsnummer.
→ SKAFF BROSJYRER OG INFORMASJON som du kan leggje fram på biblioteket, send ein e-post til aktuelle organisasjonar o.l. og spør om å få det tilsendt.

→ SKAFF FRØ TIL BIBLIOTEKET
Mine kriterium for frø fyrste år i prosjektet:
- Lett å dyrke i området
- Lett å ta frø av på eitt år
- Opepollinerte/frøfaste – plantane gjer avkom som er like som seg sjølv
- Kan dyrkast på friland utan forkultivering
- Liten minstepopulasjon, lett å bevare genmaterialet
- Lite utsett for kryssing
- Sortane er et laug – dei er gode for kvarandre og kan plantast saman
- Frøa held seg godt i romtemperatur
- Ein kan ete avlinga frå frøa, det bidreg til sjølvforsyninga å dyrke dei
→ DÅ ENDTE EG OPP MED:
- Sukkerert «Tidlig Grønn Sabel» frå Solhatt Økologiske Hagebruk
- Fjellspinat/Hagemelde, donert av Andrew McMillion, kan kjøpast frå Solhatt
- Oransje ringblomst frå Solhatt
→ GJE UT VIKTIG INFORMASJON
Finn ein foredragshaldar eller held kurs på opninga av biblioteket, det gjev inspirasjon og gjer det enkelt å komme i gong.
→ MARKNADSFØR ARRANGEMENTET
Inviter gjerne skular, barnehagar og eldresenter til å vera med. Lag ei Facebookside og del det du kan!
→ LAG EIN LÅNESTASJON
Heng opp plakatar om korleis en lånar. Legg fram ei bok eller perm der ein kan skrive seg opp.
Så er det i gong!