Råvarer

Å lære om det ville

Sjølvberging har alltid i stor grad handla om å førebu seg til vinteren, å kunne ha nok til den harde tida som kjem. Slik er det i stor grad for oss òg, sjølv om vestlandsvinteren er snill og mild og Spar er eit kvarters køyretur unna. Forskjellen er sjølvsagt at me gjer det fordi me har lyst, og ikkje fordi me må.
Mikal Tessem Larsen Urter

NÅR ME SNAKKAR om sjølvberging er det nærliggande å tenke på det me kultiverer på garden, som rett nok er ein stor del av det. Å sanke det som veks vilt i landskapet kring oss har jamvel også stor verdi for sjølvbergaren. Ville vekstar er alt frå molta på vidda til løvetanna som trenger seg gjennom asfalten ein heit sommardag i byen. Du treng ikkje så mykje som ein hageflekk for å få tilgang på desse ressursane, dei er tilgjengelege for oss om me tileignar oss kunnskap.

Å gjere seg kjend med det biologiske mangfaldet ikring oss gjev oss òg større medvit om kva me vil verne om og beskytte mot miljøøydelegging og naturtap. Om ein ikkje kjenner det som er truga, er ein heller ikkje klar over kva som vil gå tapt. Når me nyttar oss av det me har i nærmiljøet minskar me òg utnytting av landareal og ressursar i land som sårt har bruk for det sjølv. Lokale sesongvarer er ikkje berre det mest berekraftige du kan ete, men og det mest solidariske. Her får du nokre oppskrifter på sesongens ville drikkevarer som nyttast mykje her på bruket, og som du kan ta med deg inn i vinterdvalen når den tid kjem.


NÅR DU SKAL SANKE ville vekstar er det nokre grunnreglar du må følje, for sikker og beredyktig sanking.

  • Vær hundre prosent sikker på kva du plukkar. Les deg godt opp på veksten på førehand, ta gjerne med ein flora når du er ute å sankar. Særleg i skjermplantefamilien er det nokre planter som er veldig giftige. Det kan være lurt å gjere seg kjend med dei giftigaste plantene for å vite kva du skal unngå. Dei ofte nemnde giftigaste plantene er selsnepe, giftkjeks og hundepersille.
  • Når du sankar pliktar du å tenke berekraft. Du må heile tida gjere ei vurdering om kor stor bestanden av veksten er i området, det er det som bestemmer kor mykje du kan ta av den. Plukk aldri reint, la ein god del stå att. Om du til dømes skal sanke bladverk, la blomen stå att til pollinatorane, og gje planta moglegheit til å frø og spreie seg til neste år. Det finst eksempel på folk som har sanka ramsløk med ljå i skogen for å fylle søppelsekkar med den ettertrakta planta, slik omsynslaus sanking er grunnen til at ramslauken no har hamna på raudelista. Med denne metoden er det òg fort gjort å få med seg eit blad av forvekslingsarten liljekonvall som er giftig.


NÅR ME SANKAR ser me landskapet med nye auge, og vert meir vare på det me ser i kring oss. Me legg meir merke til alle komponentane i det sårbare og samstundes kraftfulle økosystemet. Lærer me oss namnet på ei plante, luktar, kjenner og smakar på ho, vil me òg sakne denne planta om ho forsvinn. Ein kjempar sjeldan for noko ein ikkje kjenner til. Mykje kunnskap har blitt gløymd i leita etter kjappe løysingar, og gjort oss mindre sjølvstendige i møte med naturen og det me kan hauste frå den. Noko av det mest kraftfulle du kan gjere for å verne om ein mangfaldig natur, er å lære deg om den, og ta del i den. Ved å sanke til matauk har du ei god moglegheit til å starte den reisa.

Se oppskrifter på tre sorter drikke på ville vekster: Løvetannkaffi, Geitramste & Brennesleøl.

Flere artikler