Margrete Joleik Degvold-Jonstad | DJ forlag
Kva gjer du når straumen går og butikkane er stengde? Om krisa kjem, og du faktisk må ta i bruk beredskapslageret i kjellaren? Mangeveit i dag kva dei bør ha i spiskammerset sånn i tilfelle, men få veit korleis dei faktisk skal bruke varene. Beredskapskokeboka er difor laga som ei slags førstehjelpsbok for kjøkkenet i krisetid. For ein treng slett ikkje sitje og ete rett frå hermetikkboksen – ein kan nemleg lage enkel, næringsrik og smakfull mat av desse ingrediensane, skal me tru Margrete Joleik Degvold-Jonstad.
Boka er delt i tre: Først ei handleliste og ei praktisk gjennomgang av korleis du kan klare deg ei veke med matlageret ditt, deretter ein stor oppskriftsdel ordna etter varegrupper – frå belgfrukter og tomatar til korn, fisk og nøtter – og til slutt ein del om sjølvforsyning, landbrukspolitikk og nyttig informasjon om langtidshaldbare energikjelder, kokemetodar og konservering.
Oppskriftene er jordnære og tilpassa vanlege folk: linsegryte, nødrisotto, beredskapspesto, byggrynsgrøt, flatbrød og havrebollar. Pris og energiinnhald er rekna ut for kvar rett, og boka skil tydeleg mellom innkjøpspris og matverdi –eit nyttig perspektiv i tider der både økonomi og beredskap står sentralt. Bak i boka finn du òg ei praktisk bytteoversikt som viser kva du kan bruke i staden for ingrediensar du manglar.
Degvold-Jonstad skriv utan svulst, med praktisk klokskap og eit tydeleg ønskje om å redusere avhengigheita av ultraprosesserte varer. Økologiske råvarer er ikkje hovudtema, men tankegangen ligg tett på: rein mat, lite svinn og respekt for ressursane.
Beredskapskokeboka er ei bok både for deg som vil stå stødigare i kvardagen og for deg som vil førebu deg på ein eventuell naudsituasjon. Samstundes vil du kanskje oppdage at beredskap òg kan smake ganske godt. KS




