SAMSTUNDES SOM AT me menneske slutta å vandre til fordel for å bli stadbundne, sådde me dei fyste byggkorna i håp om å få ei mettande avling. Dette hende i Mesopotamia for om lag ti tusen år sidan. Her oppe måtte isen trekke seg enno meir attende før kornet kom i jorda. Ein dag i yngre steinalder (4000-1800 fvt.) sådde me det fyrste byggkornet – utan å vite at det i dag, mange tusen år etter, skulle bli det mest dyrka kornet i Noreg. Jamvel er det berre 0,5 % av dagens byggproduksjon som nyttast til menneskemat. Er det moglegheit for ein renessanse for den trauste, gamle kornsorten?
NAMNET HORDEUM kjem truleg frå horrere som betyr oppreist på latin. Den ville slektningen til bygg veks i Midtausten – og er forgjengaren til kornet slik me kjenner det i dag.
Bygg har lange tradisjonar i vårt verbitne land, faktisk er det den eldste kornsorten me har. Aller mest har den vore ei viktig matplante for både folk og fe, og til dels har den også vore nytta som medisinplante. Velkjende rettar som graut, raspeballar og flatbrød har vore basert på bygg. Vassgrauten, ein rett som har redda mange frå hunger, var laga med nettopp bygg og vatn. Det er mykje som tyder på at den hardføre Hordeum vulgare har vore særs viktig for å berge oss her oppe, kor dei meir varmekrevjande kornsortane fort bukka under for vêr og vind.
Som medisinplante var bygg sett på som mjukgjerande, svalande, nedkjølande og oppbyggande. Det er funne heile tre tusen år gamle oppskrifter med bygg mot innvollsorm og dårleg fordøying, og det seiast også at omslag av byggraut vart lagt over beinbrudd og forbrenningar. Hildegard Von Bingen (1098-1179) anbefalte også rekonvalesenspasientar å bade i byggvatn for å kome seg att.
OM EIN TRUR PÅ mellomalderens kurar eller ei, herskar det i alle fall liten tvil om at bygg er helsefremjande, noko som i seg sjølv er grunn til å ete meir av det tradisjonsrike kornet.
Ifølgje opplysningskontoret for brød og korn har bygg mykje fiber, mineral og sunne feittsyrer- og ikkje berre det, forsking tydar at bygg også kan vere kreftforebyggjande.
I det gamle Hellas har det næringsrike kornet vore ei sjølvfølge i kosten til greske atletar. Og dei romerske gladiatorane vart kalla hordearii, som betyr «dei som et bygg». Berre det snakkar vel for seg.
Kornsorten med dei lange håra, kalla snerp, brukar berre hundre dagar frå såing til det er hausteklart. Nokre typar bygg treng så lite som åtti dagar for å gje ei mogen avling. Dette gjer at bygg kan dyrkast både lengre nord og på fleire høgdemeter enn andre kornsortar. Så langt nord som til Alta dyrkast det bygg. Såpass mykje at dei har produsert whisky av kornet nyleg. Ei framtid med mykje ustabilt vêr vil krevje at me har planter som toler påkjenninga det gjev. Bygg har tilpassa seg det norske klimaet gjennom fleire tusen år, og framleis arbeidast det med å finne sortar som er enno meir robuste for eit desto villare klima.
OGSÅ HJÅ BRYGGHUSA har interessa for norsk byggmalt fått ei auka interesse, og det forskast stadig på korleis me kan få nytta meir norsk bygg til ølbrygging. Dei norske sortane har ikkje blitt odla med tanke på brygging, og har då andre kvalitetar enn det bygget som vanlegvis nyttast til dette formålet. Jamvel har me eit par malteri i Noreg som maltar korn frå norske åkrar, og som sel råvarene vidare til bryggeri rundt om i landet. Med andre ord; det er mogleg å etterspørje øl med norsk kornmalt!
Berre 0,5 % av byggkornet som vert dyrka i Noreg i dag nyttast til menneskemat, noko som betyr at nesten alt me produserer av bygg i dag går til dyrefôr. Sjølv om det er vel og bra at dyra får fôr av god norsk kvalitet, er det fleire bønder som etterspør ei endring i folk sine matvanar. Ein større prosentandel av produksjonen kan moglegvis bli brukt til menneskemat, for det er ikkje kvaliteten det står på, men kva me som forbrukarar ønskjer å setje på middagsbordet. Kva om norsk bygg kunne erstatte ris frå Asia, eller pasta produsert i Tyskland? Kva om me kunne lagd sushi med bygg, og byggotto istaden for risotto? Moglegheitene er mange for den som tør å tenkje annleis. Bygg er ein ressurs me allereie har, det står berre att for endå fleire å gjenoppdage han – moglegvis med ein ny vri.
Kilder:
Holtet, E. K. og Ergon. Å. Bygg, Store Norske Lekiskon, 2024.
Bygg (samleside). Opplysningskontoret for brød og korn.
Lusæter, E., Kessel, D., Ranheim M. Norske bønder oppfordrer nordmenn til å spise mer bygg og mindre ris. NRK, 2024.
Bygg. Urtekildens planteleksikon.



