Bergtatt print 9 of 30
Reportasjer

Sperlebakken

Det er mykje som har hendt i Luster dei siste par åra. Kunstnarar og utøvarar av alle slag har teke vegen frå inn- og utland til den elles så stillfarne vesle bygda inst i Sognefjorden.

TILSKUARAR OG INTERESSERTE har komne til frå fjern og nær, for å få med seg det som skjer. Bygdefolket har hatt tilbod om alt frå sirkus, teaterstykke og konsertar til kurs, badstuklubb og meditasjonstimar.

– Kultur er ikkje berre noko som høyrer byen til, det er også viktig på bygda. Me prøver å bryte opp i desse normene, seier Troels Rosenkrantz Fuglsang.

Han vaks opp på det som ein gong var den største mjølkegarden i Danmark. No har han funne heimen sin på Sperlebakken saman med partnaren Mari Dahl Stoknes, eit lite småbruk på fire mål, som foreinar kultur og landbruk i vestlandsbygda Luster. Troels er tradisjonshandverkar og formidlar gjennom blant anna foto og film. Mari er luftakrobat, utdanna i sirkus, og har hatt sitt eige kompani i ti år.

EIN BLIR FORT IMPONERT når høyrer kva dei har fått til på den korte tida dei har budd i bygda. I løpet av 2,5 år har dei hatt over 1200 besøkande, og Luster har fått godt over like mange overnattande gjestar. Dei har renovert og fått liv i eit attgrodd og forfalle småbruk, bygd ei badstu, og starta ein bastuklubb som husar 33 medlemmar. Dei har også sett opp eit minihus som dei leiger ut til ein som nyleg har flytta til bygda. Dette er samstundes som dei har kurs og førestillingar, dyrkar grønsaker og har gris, høns og nokre sauar til låns. I tillegg har dei begge arbeid på utsida av garden, og er aktive bidragsytarar i bygda. Med so mykje liv og røre på tunet vil ein tru at ein må setje pris på ein slik livsstil, og rett nok så er iallfall Troels godt vand frå barndommen av.

Ein gamal silo forvandlast til sirkusarena når Mari går i gang med luftkunstar.

– Det var mykje aktivitet på garden eg vaks opp på, med bestemor som hadde fosterbarn, mange folk som arbeidde der, og naboar som kom innom til lunsj og middag, så det var alltid minst ti personar rundt bordet. Eg har dette med meg frå oppveksten, seier han. 

Begge ønskjer å ha ein heimstad som er open og inkluderande, og gjerne med mange rundt middagsbordet. Også Mari har med seg dette frå bakgrunnen i sirkusmiljøet, kor samhaldet minner meir om ein storfamilie, fortel Troels. Til neste år skal dei avslutte eit femårig prosjekt, kor dei har fylt gamle, tomme siloar med sirkus, luftakrobatikk og musikk, til glede for alle som har teke turen for å sjå. Sidan prosjektet har vore støtta, har billettane vore billige, noko som har vore eit viktig poeng med det heile. Uansett kva økonomi ein har, skal ein kunne kome og oppleve kultur. 

Troels fortel at dei legg til rette for desse opplevingane, men at det er eit tosidig forhold, der dei også er avhengige av at folk nyttar seg av tilboda.

– Det aller viktigaste er at det kjem folk. Utan folk skjer det ingenting, det er dei som gjer opplevingane moglege.

Han fortel vidare om korleis kulturen i dag slit når den knivar om merksemda vår mot sterke konkurrentar frå Sillicon Valley.

NO DRØYMER DEI om å vidareutvikle ordninga dei har starta med kunstnaropphald. Gjennom dette kan kunstnarar kome til Sperlebakken for å bu, og få ro i landlege omgjevnadar medan dei fokuserer på kunsten, gjennom ei stipendordning. Når dei er ferdige med opphaldet gjev kunstnaren tilbake til bygda ved å ha ei førestilling, workshop, eller utstilling. Å gje tilbake til lokalsamfunnet er essensielt for kunstnaropphaldet, men også ein etikk som Sperlebakken generelt er opptekne av.

– Alt me gjer, er for å skape eit meir levande og attraktivt bygdenorge, presiserer Troels.

Av same grunn har dei no gått i gang ilag med fleire sambygdingar med det dei kallar «Luster Mikromakeri». Gjennom dette prosjektet leiger dei ein låve saman, Øyrilåven, der det vert rom for å drive med kunsthandverk. Der vil det verte fleire verkstadar, men også kontorfellesskap der ein kan utfalde seg kreativt. Draumane og ideane står i kø på Sperlebakken, og felles har dei at dei peikar mot same mål; å skape opplevingar som fører folk og lokalsamfunn tettare saman, og tettare på naturen. Sterke, autonome bygder treng stadar å samlast, og opplevingar å hugse i fellesskap. Lustringane kan glede seg over mykje både no og framover, og dei har nok bevist at kultur ikkje berre høyrer byen til, men at du moglegvis kan ha dei beste opplevingane på bygda.

Flere artikler