Vossakvann Ove Fossa
Dyrk selv

Ursorten: Vossakvann

I denne spalta vil du bli kjend med gamle sortar av grønsaker, frukt og bær som har ei historie i Noreg, og som er godt tilpassa vårt klima. Dette er for å vise det breie mangfaldet me har av ulike sortar, og for å inspirere til å dyrke og ta vare på dei. I den tida me står i er det viktigare enn nokon gong å ha eit spekter av grøder som kan nyttegjere seg i eit klima i endring. Det eine utelukkar ikkje det andre, og det beste er å ha eit mangfald som spelar på lag, og som kvar og ein gjev mat til pollinatorane, jorda, folk og dyr.

TIL Å STARTE det heile kjem ein ode til vossakvann. Den ville forgjengaren har du kanskje møtt på fjelltur, det er nemleg fjellkvann (Angelica Archangelica). For mange er det nok strandkvannen som er mest kjend, ei plante du kan finne langs heile vår langstrakte kyst. Vossakvannen vart nesten heilt borte for oss i forrige århundre, trass i ei lang historie som kulturplante i Noreg. Heldigvis var det att nokre eksemplar på Voss som kunne redde arten frå utrydding. No har me fire ulike typar vossakvann som held stand, frå Elgje, Markhusteigen, Mestad og Bordalen.

Vossakvannen er som sin forgjengar ein fleirårig staude i Skjermplantefamilien (Apiaceae) som brukar to til sju år på å danne blomestand, alt etter vekstforholda. Vår kultiverte variant er odla fram for å vere mildare og søtare enn villsorten. Faktisk har vossakvannen heile 50 % meir sukker enn fjellkvann. Vossakvannen har også fylte stilkar, til forskjell frå forgjengaren. Smaken kan minne om ein krydra stangselleri, og ein nyttar helst unge friske bladstenglar. Det som er så fint med kvannen, både vill og tam, er at den er ein av dei fyrste plantene som vaknar til liv om våren. Allereie i april kan du enkelte stadar plukke friske vårskudd av planta.

Med den spennande smaken som kvann har, er det mange moglegheiter for kva den kan nyttast til. Til dømes kan dei friske stenglane brukast ferske i salatar, og slik du elles ville nytta stangselleri. Elles kan ein prøve kvannesyltetøy, te, kandisert kvann, eller kva med fermentert eller sylta kvann?

KVANNDAL, KVANNES, Kvannfjellet, Kvanneidfjord, faktisk skal det vere meir enn 700(!) stadsnamn i Noreg som inneheld kvann. Det seier oss noko om kor viktig denne planta har vore for oss. Nøyaktig kva tid me byrja å odle kvann er me ikkje heilt sikre på, men det seiast at me i alle fall har drive med dette sidan vikingtida. Vossakvannen vart dyrka i eigne innheigna områder kalla kvannegardar, og hadde ein slik status at den var beskytta gjennom Gulatingsloven. Den som stal frå annan manns kvannegard kunne vente seg straff.

Kvann har vore særs ettertrakta som medisinplante opp igjennom tidene, både her heime, men også etterkvart lengre sør. Også i Sàpmi har kvann blitt tygd på som beskyttelse mot smittsame sjukdommar. Under middelalderen vart det eksportert store mengder kvann frå Norden og ned til eit pestbefengt Europa. Kvannerota vart nemleg sett på som eit viktig botemiddel mot pest, og var difor særs ettertrakta som medisin mot dei sjukene som herja på kontinentet. Med dette vart kvannen den første grønsaka som vart eksportert frå Norden.

OM DET FREISTAR å ha denne spennande og historierike kulturplanta i hagen din kan det anbefalast å bli med i KVANN – Norwegian Seed (kvann.no), ein norsk organisasjon som arbeider med frøsamling. Tanken bak er å ta vare på frøsortar til odling, kor alle kan få frø, og odle fram nye frø som kan deles vidare gjennom Kvann. Her kan du mellom anna få tak i vossakvann, og dei har til og med eit eige kvann-laug som har mykje erfaring og kunnskap om planta. Når du først har fått tak i frøa kan det vere nyttig å vita at planta set pris på jord med eit høgt innhald av humus. Kvannen skal heller ikkje ha for mykje direkte sollys, då den kan gå i stokk. Frøa vil ha ei stratifiseringsperiode, som vil seie at den vil ha ei periode med kulde (ein vinter).

Dette kan gjerast anten ved å fryse dei eller å sette dei kaldt etter såing, ein metode som passar bra om du vil prøve deg på dyrking allereie denne våren. Om du ikkje har bråttom kan du velje å ta naturen sjølv til nytte, og så frøa om hausten slik at dei spirer av seg sjølv til neste vår. For å kultivere vossakvann er det viktig å luke ut dei plantene som har hul stilk, og ikkje avle vidare på desse plantene. Dette er ein tendens vossakvannen har til å gå meir i retning av sin ville forgjengar.

Vossakvann er ei unik plante med ei spennande historie som er verd å ta vare på. Om du vel å dyrka den i hagen din vil det glede både deg, pollinatorane og artsmangfaldet. Hugs at du kan finne den informasjonen som trengs om dyrking på kvann.no. Saman kan me redde det fantastiske mangfaldet me har av planter her til lands, det er berre å dyrke og dele av grødene!

Referansar:
Nilsen, Linn Borgen: Vossakvann - en av våre eldste kulturplanter, NIBIO, 2020.
Røthe, Gunnlaug: Vossakvann; ein tradisjonsrik kulturplante, NLR, 2022.
Kvann: Søtsaken fra vikingtiden som forsvant – og gjenoppsto, Titan.uio.no, 2021.
Kvann. Urtekildens planteleksikon. Rolv.no.

Flere artikler