SETT VEKK IFRÅ at faren til Kjetil var oppvaksen på gard, var det ingen av dei to som sjølv kom frå landbruket. På kvar sin kant hadde dei begge hatt draumar om eit natur- og sesongnært liv og leikt med tanken om småbruk. Kjetil hadde sine tvil om dette i det heile var mogleg økonomisk utan nokon gard å arve.
Heldigvis trefte han Mari som var fast bestemt på at draumen var mogleg om det vart gjort på rett måte, som eit Mangesysleri. Det var reine slumpen som gjorde at det vart akkurat garden i Samnanger, med tips frå venar og kjende.
– Me drog på vitjing og fall pladask for staden, fortel Kjetil.
– Ved kjøkenbordet den kvelden såg me på kvarandre og sa at det må berre bli gard før det blir andre prosjekt.
I AUGUST 2020 hoppa dei rett i det med begge føtene og starta opp gardsdrift med sauer og gardskafé. Ifølgje dei sjølv kan dei diskutere kor lurt eller ulurt det var å gape over så mykje på ein gong, men det er inga tvil om at det har gjeve nokre gode resultat.
I dag, fire år etter at dei flytta til småbruket, driv dei med alt frå grønsaker og urter, sauer, høns og bier – til handverksarbeid, blomar og ulike produkt av ville vekstar.
Dei har mange bein å stå på, som også vitnar om ei tru på mangfald i fleire samanhengar. No har dei nett skaffa seg og planta flettepil til ulike handverksprosjekt, og dei har også planar om ein dam. Kjetil legg til at no vil dei gjere det enno vakrare og villare på Gjengevoll, for det er også viktig når ein skal bu og leve ein plass, at det estetiske harmonerer.

GRØNSAKENE OG SAUENE har blitt fast inventar på småbruket, men bortsett frå det er framtida på Gjengevoll ganske open.
– Det kan seiast at framtida er usikker, for det er ikkje lett å leva av ein liten gard i Noreg i dag, seier Kjetil. Men heldigvis er framtida også open fordi me har så utruleg mange moglegheiter. Det er så mykje ein kan gjera med ein plass som dette.
I fortsettinga av praten om draumar og framtid legg han til at han håpar at dei kan finne ein fin balanse mellom fritid og økonomi.
– Me kjem aldri til å bli rike av arbeidet på garden, det veit me. Men me vil leva eit liv kor me har tid til å gå sakte, samstundes som me slepp å bekymra oss for økonomien. Eg trur absolutt at det skal vere mogleg på ein stad som dette. Me har ikkje lyst til å arbeide oss i hel, og det er jo i grunnen stikk imot det bildet ein har av kva landbruket i dag skal vere.
– Arbeidsmengda heng att frå ei tid kor det var store familiar som arbeidde i lag, medan det no ofte er ansvaret til ein person åleine. Det heng ikkje på greip. Difor prøver me å finna ein annan måte å gjera det på, med å vera kreative, ha rom til å sitte og erfara, samstundes som me produserer noko verdifullt. Og mat er jo noko av det mest verdifulle som finst.
MARI OG KJETIL er som sagt ikkje redde for å ta del i debatten om landbruket og matsystemet. Dei har blant anna ein eigen podcast som heiter «Gjengevoll Pludrecast», kor du kan høyre heile deira reise frå kjøpet av garden og fram til i dag.
Her snakkar dei om alt frå opplevingar med dyra til gardsøkonomien. Det er også ein arena kor dei får snakka ut om frustrasjonar kring landbrukspolitiske spørsmål, og tankar kring kva som kunne vore annleis for å betra situasjonen for bønder i dag.
På Gjengevoll Mangesysleri er dei opptekne av å endre på strukturen når det kjem til arbeid og fritid, for at det skal vere sosial og helsemessig berekraft i kvardagen. Dei satsar på ei gardsdrift som er mangfaldig, og som prisar det ville og ekte.
Framtida er usikker, men ho er også open, for på eit Mangesysleri er det meste mogleg.