Jaerert 1
↑ Jærerta kan etast både som sukkerert tidleg i sesongen, og som tørkeert når den er moden.
Råvarer

Ursorten: Sukkerert

Den klatrevillige veksten ålar seg over gjerdestolpane som eit teppe og bugnar av sprø fylte belgar. Erteplanta har søte frukter for folk og dyr, fargerike blomar for våre pollinerande venar, og nitrogenfikserande rotknollar som plantene set stor pris på. Jamvel treng denne veksten ein renessanse etter fleire år med overkoking og misbruk i diverse grønsaksblandingar i frysedisken.

NORDEN TRENG meir kortreist planteprotein, og me treng neppe å gå over bekken etter vatn, når me har lange tradisjonar med belgvekstar her til lands.

Erta har vore her nord i alle fall sidan 1200-talet, og sannsynlegvis dyrka dei erter også i vikingtida. På Jæren har dei funne eit leirkar frå jernalderen med ei tydeleg kulerund avstøping, som truleg kan vere frå ei ert. Jamvel er det inga tvil om at erta har vore her lenge, og at ho har betydd mykje for matkulturen vår. Så korleis står det til med erta i dag? Me har fleire eldre sortar i Noreg takka vere entusiastar på feltet som har teke vare på dei og odla dei. Blant andre har me jærerta og ringeriksert. Jærerta vart dyrka saman med havre i uminnelege tider på Jæren, heilt til korndykringa vart effektitivisert ved midten av forrige århundre. Då ho ikkje vart sett som økonomisk lønsam, vart jærerta nesten heilt gløymd. Det som redda sorten var at ein tidlegare fylkeslandbukssjef tok vare på ertene, og sendte ein pose med erter til den nordiske genbanken. Slik gjekk det til at du i dag kan kjøpe jærerter hjå Solhatt. Denne sorten er hardfør, og er godt vand med vêr frå havet i vest. Difor eignar den seg særs godt der det er vêrhardt, og ikkje minst er det viktig genmateriale å ta vare på i møte med ekstremvêr som kjem med klimaendringane. Jærerta har også fleire bruksområder, då belgen er etande tidleg i vekstsesongen lik ei sukkerert, i tilegg til at ho kan nyttast som tørkeert når ho er moden. Ho er søt på smak i forhold til andre sortar, har relativt små erter, og er grøngul i fargen.

RINGERIKSERTA er den eldste sorten me har i Noreg i dag, og vart nedteikna allereie på starten av 1800-talet. Erta har ein beskytta tittel, og kan kun reknast som ei ringeriksert om ho er dyrka på Røysehalvøya i Hole kommune. På denne halvøya har dei særleg kalkrik skjelljord, som skal vere eit viktig grunnlag for smaken på desse små, stadseigne ertene. Du kan støtte denne unike matkulturen med å kjøpe produkta på diverse lokalmatbutikkar.

Me har mange gamle sortar erter i Noreg som er godt tilpassa vårt klima; lomserter, grønn sabel, aslaug, marie og margsukkerert bremer er nokon av dei Solhatt har på lager om du vil prøve deg på ein eldre ertesort. Det er mange gode grunnar til å dyrke erter, og det å ta vare på genmateriale og norsk matkultur er ein av dei. Ein annan grunn er at erta er ein god samarbeidspartnar for andre planter, og dimed ypparleg til samplanting. Det er ikkje utan grunn at dei nytta ertene som underkultur til kornet i tidlegare tider. Ertene er nitrogenfikserande, slik alle andre medlem av erteblomfamilen (Fabaceae) er. På røtene sine har dei små rizobiumknollar. I desse rotknollane bur det rizobiumbakteriar som kan ta nitrogen frå lufta gjennom fotosyntesa, og omdanne det til nitrogen som planter kan nytte seg av. Ein kjend måte å samplante på er dei tre systrene. Då dyrkar ein mais, erter og graskar saman, eit system som opprinneleg kjem frå Sør-Amerika. Ertene gir nitrogen til dei andre plantene, maisen nyttast som klatrestativ for ertene, medan graskar dekkjer bakken med dei store blada sine og fungerar som eit effektivt jorddekke. Tradisjonelt i Sør-Amerika nytta dei bønner i staden for erter, og begge kan nyttast i dette systemet sidan både erter og bønner er nitrogenfikserande og klatrevillige.

EIN TREDJE GRUNN til å dyrke desse ertene er at me treng meir planteprotein i Noreg. Det meste av belgfruktene me kjøper i butikken har reist langt for å hamne i ditt handlenett. Allereie gjer me krav på mykje landareal i andre land fordi me nyttar det til dyrefôr, og i tillegg kjem det me kjøper til menneskemat. Dette er landareal, vassressursar og mat som folk i desse landa gjerne skulle hatt sjølv. Også med tanke på matsikkerheit her til lands, dreg me nytte av eit breitt mangfald av belgvekster å dyrke i møte med kriser og utfordringar globalt. Det viser seg ofte at god matsikkerheit i eige land og solidaritet globalt er to sider av same sak.

Det er jo sjølvsagt landbrukspolitikk og storprodusentar som kan gjere dei store endringane, men i mellomtida kan me andre gjere det som er bra for hagen, biene, jorda, helsa, matkulturen og den lokale ertebonden.

Kjelder:
Bye, Mads Telste; Ringerikserter, Lokalmat.no.
Nilsen, Linn Borge; Jærerta – nesten glemt, NIBIO, 2020.
Nilsen, Linn Borge; Erter, NIBIO.


Flere artikler