Rein mat for huda 01
Helse

Rein mat for huda

Om eg fortel deg at huda di er eit økosystem, kva ynskjer du å gje ho?

KLOROFYLLET VANDRAR ned i røtene att, og etterlet seg dei fargane som eg lærde meg å elske i fjellet; grøngule, oransje, oker. Saman med dei grøne fargane som er att, vert hjartet glad av eit fargekart som berre naturen kan framkalle, frå vindauget i eit okermåla kunstnarrom på eit småbruk i Flora.

I vindaugskarmen står eit diplom som eg enno ikkje har teke meg tida til å henge opp. På diplomet står tittelen Veileder i Naturlig hudhelse, ei utdanning frå Tunsberg Medisinske Skole.

Eg ser ut vindauget på haustfjellet over dalen, og tenker at den raude tråden må vere ei forståing av at me er del av heilskapen. At det kjennast så naturleg å snakke om ein økologisk livsstil, økologisk hudpleie, i eit blad som handlar om rein mat.

Huda er nemleg det største organet me har, og det er også det siste organet som får næring. Difor fortel huda vår så mykje om korleis resten av kroppen har det, og difor vert det me tilfører huda vår, så verdifullt. Eg ynskjer å gje huda mi rein mat.

HUDA ER EIT organ som må sjåast i heilskap med resten av kroppen. Det ligg altså eit holistisk syn til grunn når eg snakkar om rein mat for huda. Som sertifisert rettleiar i naturleg hudhelse veit eg no at eit kosthald som fremjar god helse, også fremjar god hudhelse. I denne teksten vert fokuset kva for mat ein kan påføre huda direkte, og må sjåast i samanheng med kroppen som heilskap sjølv om det ikkje vert tid til å fokusere på kosthald i ordinær forstand denne gong.

Felles for det me tilfører kroppen gjennom munnen og huda direkte, er at det bør vere så naturleg som mogleg, og aller helst økologisk. Dette for å minimere inntaket av sprøytemiddelrestar, antibiotika og andre giftstoff som kroppen må bruke energi på å prøve å kvitte seg med.

Huda di er eit økosystem.

Huda er heim for eit mangfaldig økosystem av bakteriar, sopp, virus, midd og arkebakteriar.1 Omkring ein milliard mikrobar per kvadratmeter utgjer det økologiske samfunnet av mikroorganismar i huda di; ditt mikrobiom. Dette økosystemet byrja kultiveringa si i augeblinkane du vart fødd, og vert framleis kultivert av faktorar som rutinemessig hygiene, hudpleieprodukt, type klede som er i kontakt med huda, kontakt med andre og kontakt med naturen.2

HUDA ER menneskekroppen sitt største organ, og har ei rekke viktige funksjonar. Sunn hud held mellom anna på fuktigheit og vernar kroppen mot fysisk stress og påkjenningar. Talgkjertlar i huda dannar sebum; ein feit substans som held hud og hår fuktig, og gjer huda vasstett.3 Produksjon og ivaretaking av sebum i huda varierer mellom anna med hygienevanar. Sebum står også for den vernande barrieren som avgrensar kva for gunstige mikroorganismar og patogen (sjukdomsframkallande organismar) som får busetje seg i huda.4

Nyare forsking tyder på at endringar i huda sitt økosystem er assosiert med ei rekke helsetilstandar, deriblant acne5, og ei fersk studie finn at hudsjukdomar er assosierte med nedsett immunforsvar.6 Studien evaluerte huda sitt mikrobiom hjå menneske med sjeldne formar for primær immunsvikt (PID), samanlikna med ei frisk gruppe. Det viste seg at gruppa med primær immunsvikt var vertskap for mikrobar som ikkje vart sett hjå friske kontrollar. Dei hadde også mindre variasjon i ulike hudøkosystem på kroppen.

Økosystem er mangfald, så mindre variasjon tyder naturlegvis svekka eller dysfunksjonelle økosystem som er sår- bare for kolonisering av opportunistiske patogen.

MI LÆRARINNE i Naturleg Hudhelse, Signy Skåre, formulerer det slik: De færreste ville spist sminken eller deodoranten sin, så hvorfor skal vi da putte det på huden? Nyare forsking avslører at fleire av stoffa i konvensjonelle hudprodukt, som kan vere enda meir giftige enn det me et med munnen vår, absorberast gjennom huda. Stoffa er rett og slett påviste i human urin, blod- serum og morsmjølk.7

Den gjennomsnittlege kvinna eksponerast, i løpet av ein vanleg morgon, for over hundre forskjellige kjemikaliar.8 SLS i sjampoen, aluminium i deodoranten, paraben i andletskremen. Sepe, bodylotion, sminke, parfyme, sminkefjernar, andletsreins, nattkrem, tannkrem. Kjemikalia som er tillete i hudpleieprodukt er ikkje vist å vere openbart giftige for menneske, men forskinga som er utført til no er urovekkande og linkar fleire av dei til kreft og hormonforstyrring.9

Konvensjonelle hudprodukt er kjende for å innehalde konserveringsmiddel og syntetiske ingrediensar som kan forandre pH-en i huda og forstyrre det naturlege økosystemet. Kosmetikk har også vist seg å endre den mikrobielle samansetnaden i huda.10 Studium avslører ein tydeleg link mellom desse stoffa og tilstandar som hormonforstyrringar, nedsett fruktbarheit, allergi og kreft.11, 12

Lista over stoffar som kan vere skadelege på ulike vis er long; ftalat som er reproduksjonsskadelege; ftalat som er miljøskadelege; ftalat som skadar immun- og forplantingssystemet; ftalat påvist i produkt som ikkje har dei oppførte i ingredienslista;13 parfyme med kjemikaliar som produsenten ikkje er forplikta til å opplyse om; mineralolje/parafin/petrolatum frå oljeindustrien, som tettar huda og hemmar hennar evne til å puste (og dermed hemmar kroppen sin utreinskingsprosess)14; intakte paraben påvist i brystkreftvev og studium som linkar auka konsentrasjon av ftalatmetabolittar i urinen med auka risiko for brystkreft.15 Og for å verkeleg setje fart på akselereringa: Propylenglykol (PG) for auka hudpermeabilitet, slik at stoffa lettare trekk inn i huda. 16

Holistisk sett vert cocktail-effekten komplett når ein legg til sprøytemiddel og kunstgjødsel, forureina luft og diverse giftstoff i klede, reingjeringsmiddel, plastikk og møblar. Åleine, utanfor heilskapen, er kanskje ikkje stoffa farlege nok til å gjere stor skade. For meg vert det likevel naturleg å vere audmjuk i møtet med dei potensielle konsekvensane av kombinasjonen av desse.

HUDPLEIE OG KOSMETIKK, som sepe, parfyme, deodorant og hygieneprodukt generelt, kan endre huda sitt økosystem på ein måte som ikkje er tiltenkt frå naturen si side. Me kan samanlikne med ville dyr som tek støvbad; dei badar huda si i jordbakteriar, og det er desse som held dei reine.

Med dette meiner eg ikkje nødvendigvis at du treng å erstatte morgonrutinane dine med faktiske støvbad, men nyare forsking viser altså at mikrobiomet i huda vår har reingjerande eigenskapar i seg sjølve; det er antiinflammatorisk og styrkar immunforsvaret. Kjemikaliar i hudpleieprodukt kan forstyrre mikrobiomet, så å spare huda for dei kan medføre ei regenerering av huda si evne til å ta vare på seg sjølv.17

Ynskjer du å gje huda di eit forsprang i regenereringa si, finst det no fleire selskap som byr på produkt som inneheld ein ammoniakk-oksiderande bakterie ved namn Nitrosomonas eutropha; denne var ein gong vanleg å finne på huda vår, men sepe har rett og slett vaska han bort. Bakterien er tilsett hudprodukta med føremål om å tilbakebringe huda sine naturleg vernande, fuktigheitsgjevande og reinsande eigenskapar. Dette vil kunne redusere eller til og med fjerne behovet for hudpleieprodukt.

SEPE ER KANSKJE det hudproduktet mange brukar mest av, som det er svært enkelt å finne naturlege alternativ til. Ein kan handle seg ei sepe som berre inneheld oljer og andre kjende ingrediensar, eller ein kan ta fram forkle og bjørkekol (kaustisk soda om du vil lage sepe i fast form) og lage sepe sjølv.

Eg har særleg fått auga opp for verdien av oljer. Her finst det mange forskjellige å velje mellom, alle med særeigne eigenskpar. Oljer som oliven, kokos og jojoba er fantastiske for huda, og lette å få tak i. Og i motsetnad til petroleumsbasert «hudpleie», så fuktar dei faktisk huda i staden for å tørke ho ut.

VAL AV HUDPRODUKT kan verte eit førebyggande tiltak for huda sitt mikrobiom, og har stor innverknad på huda si helse. Det kan naturlegvis vere stoff ein reagerer på også i naturlege og økologiske produkt, men økologiske produkt har ei rekke garantiar som skil seg frå dei konvensjonelle:

Økologisk sertifiserte produkt inneheld hovudsakleg økologiske ingrediensar, er heilt fri for genmodifiserte organismar (GMO), paraben, nanopartiklar, silikon, syntetisk parfyme, fargestoff og petrokjemikaliar som mineralolje og petrolatum. Å velje økologisk hudpleie og kosmetikk er ein enkel måte å unngå restar etter sprøytemiddel, kunstgjødsel og andre kjemiske substansar. Råvarene så vel som det ferdige produktet er ikkje testa på dyr, og produktet er produsert etter miljøvennlege og berekraftige prinsipp, med biologisk nedbrytbare råvarer. Reine produksjonsledd; rein mat for huda di.

SÅ KORLEIS VEIT du som forbrukar kva for produkt du er på utkikk etter? Det kan vere forvirrande å leite i jungelen av ulike omgrep og merkeordningar, for kvart enkelt omgrep tyder noko eige, og produsentane er flinke til å pynte produkta sine. Ofte framhever produsentane spesifikke plantebaserte ingrediensar i salsteksten, når resten av innhaldet er syntetisk fram- stilt og i verste fall skadeleg.

DET ER BERRE økologiske sertifiseringar som kan garantere at eit produkt er økologisk, om ein ikkje då vel å produsere produkta sine sjølv. Det finst anerkjende sertifiseringar ein kan sjå etter når ein handlar hudpleie og kosmetikk. I tillegg bør ein lese innhaldslista nøye.

VEGEN MOT REIN MAT for huda treng ikkje å vere prega av storinnkjøp og drastiske inngrep. Det kan vere lurt å byrje med å erstatte produkta med høgast innhald av skadelege stoff, samt produkt ein brukar mykje av; til dømes sepe, sjampo, balsam, sminke, deodorant, parfyme, andletskrem, leppepomade/leppestift og bodylotion.

Lag deg ei mental oversikt eller gå fysisk gjennom skåpet og stelleveska; få ei oversikt over kva du har og kva du brukar dagleg. Lag gjerne ei liste over kva du brukar mest, og erstatt desse med reinare alternativ. Produkt som brukast sjeldnare, kan erstattast etter kvart som det vert tomt. Om du ynskjer å lage dine eigne produkt, skreddersydde for di hud, finn du inspirasjon og oppskrifter i boka Renere liv (Holt & Magnussen, 2014). Eg kan også varmt tilråde Tunsberg Medisinske Skole sitt nettstudium, Naturlig Hudhelse. Faglitteraturen eg støttar meg på i denne teksten, har i all hovudsak vorte introdusert for meg gjennom dette studiet. Som sertifisert rettleiar i naturleg hudhelse har eg hatt mykje glede av å kokkelere og tilpasse produkta saman med mi hud.

Det finst nettsider og applikasjonar for dei av oss som ikkje går rundt og hugsar på alle kjemikalienamna me ikkje klarar å uttale riktig. Dei gjer det enkelt å finne ut om produkt inneheld skadelege kjemikaliar.

    Nyttige ressursar
  • SKIN DEEP frå Environmental Working Group, som også står bak «Dirty Dozen», er døme på ein slik nettstad. Her kan du søke både etter enkeltprodukt og ingrediensar, og for spesielt interesserte byr nettstaden på godt dokumentert informasjon om meir enn 99 000 produkt.
  • THINK DIRTY er ein applikasjon som tillét forbrukaren å scanne produkt. Skulle produktet kome dårleg ut, byr appen på forslag til tryggare alternativ. På Think Dirty finn ein også oversikt over kva for produkt som er forbode i somme land, men tillate i andre.
    Alle applikasjonane finst i App Store og Google Play.

TIL DEG SOM KJENNER inspirasjonen og ynskjer å gjere nokre aktive grep for eit viktig, kanskje litt teke for gitt, organ: Gjev huda di tid til å venne seg til nye og grønare rutiner, særleg etter fleire år med opphoping av giftstoff. Ei sunn hud vil kunne reinse seg sjølv frå desse stoffa, og ei slik reinsing kan resultere i midlertidige kviser og ureinsker. Berre hugs på at det er midlertidig, og at huda di vert reinare og som regel mykje finare etterpå. Hugs også på at huda di er unik, og kan reagere på ingrediensar også i økologisk hudpleie. Om huda di vert irritert utanom vanlege ureinsker, bør du stoppe å bruke produktet med umiddelbar verknad, uavhengig av om det er konvensjonelt eller økologisk. Klorofyllet forlét haustlauva for denne gong, og eit kvitt vinterteppe legg seg lunt over vakker kompostering. Eg ser ut vindauget att og håpar du sit med ei kjensle av ny kunnskap og ein rein sti, med reiskapane du treng for å gå han. Som ein kjær medisinmann ein gong formulerte det: «To Walk in Beauty».19

Kilder:
1: Grice E. A. (2014). The skin microbiome: potential for novel diagnostic and therapeutic approaches to cutaneous disease. Seminars in cutaneous medicine and surgery, 33(2), 98–103.
2: Kong, H. H., & Segre, J. A. (2012). Skin microbiome: looking back to move forward. The Journal of investigative dermatology, 132(3 Pt 2), 933–939.
3: Grice, E. A., Kong, H. H., Conlan, S., Deming, C. B., Davis, J., Young, A. C., NISC Comparative Sequencing Program, Bouffard, G. G., Blakesley, R. W., Murray, P. R., Green, E. D., Turner, M. L., & Segre, J. A. (2009). Topographical and temporal diversity of the human skin microbiome. Science (New York, N.Y.), 324(5931), 1190–1192.
4: Wikipedia. (2023, 18. juli). Sebaceous gland.
5: Fitz-Gibbon, S., Tomida, S., Chiu, B. H., Nguyen, L., Du, C., Liu, M., Elashoff, D., Erfe, M. C., Loncaric, A., Kim, J., Modlin, R. L., Miller, J. F., Sodergren, E., Craft, N., Weinstock, G. M., & Li, H. (2013). Propionibacterium acnes strain populations in the human skin microbiome associated with acne. The Journal of investigative dermatology, 133(9), 2152–2160.
6: Oh, J., Freeman, A. F., NISC Comparative Sequencing Program, Park, M., Sokolic, R., Candotti, F., Holland, S. M.,Segre, J. A., & Kong, H. H. (2013). The altered landscape of the human skin microbiome in patients with primary immunodeficiencies. Genome research, 23(12), 2103–2114.
7, 9: Darbre, P. D., & Harvey, P. W. (2008). Paraben esters: review of recent studies of endocrine toxicity, absorption, esterase and human exposure, and discussion of potential human health risks. Journal of applied toxicology : JAT, 28(5), 561–578.
8, 14, 16: Holt, T., Magnussen, B. (2015). Renere liv. Cappelen Damm
10: Staudinger, T., Pipal, A., & Redl, B. (2011). Molecular analysis of the prevalent microbiota of human male and female forehead skin compared to forearm skin and the influence of make-up. Journal of applied microbiology, 110(6), 1381–1389.
11, 15: López-Carrillo, L., Hernández-Ramírez, R. U., Calafat, A. M., Torres-Sánchez, L., Galván-Portillo, M., Needham, L. L., Ruiz-Ramos, R., & Cebrián, M. E. (2010). Exposure to phthalates and breast cancer risk in northern Mexico. Environmental health perspectives, 118(4), 539–544.
12: Yueh, M. F., Taniguchi, K., Chen, S., Evans, R. M., Hammock, B. D., Karin, M., & Tukey, R. H. (2014). The commonly used antimicrobial add itive triclosan is a liver tumor promoter. Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America, 111(48), 17200–17205.
13: Black, R. E., Hurley, F. J., & Havery, D. C. (2001). Occurrence of 1,4-dioxane in cosmetic raw materials and finished cosmetic products. Journal of AOAC International, 84(3), 666–670.
17: Grice, E. A., & Segre, J. A. (2011). The skin microbiome. Nature reviews. Microbiology, 9(4), 244–253.
18: Økologisk Norge (12. juni, 2023). 7 grunner til å velge økologisk.
19: Heart, Bear. (1998). The Wind is My Mother: The Life and Teachings of a Native American Shaman. BERKLEY BOOKS

Flere artikler