Storfe Vinstervatn Oystre Slidre 030820 Yngve Rekdal 9
Storfe beitar ved Vinstervatn i Valdres
Meninger

Utmarksbeite – ressursgrunnlag og beitebruk

Klimaendringar og krigen i Ukraina som gjev prisauke på kunstgjødsel og andre innsatsfaktorar, har skapt uro for verdas matsituasjon og for norsk sjølvforsyning. Samstundes ligg det i norsk natur ein stor og nesten gratis fôrressurs for husdyr – utmarka.

I ein ny rapport presenterer NIBIO for første gong ei samla oversikt over utmarksbeiteressursane for heile landet og for kvart fylke. Det viser at husdyrtalet i utmark kan tredoblast. Målt i kroner var verdien av fôret husdyr hausta frå utmarka i 2019 om lag ein milliard.

Verdien av å ha dyr i utmarka kan ikkje målast berre i pengar. God dyrehelse, god dyrevelferd og eit bortimot økologisk sluttprodukt er òg viktig, samstundes som beitedyr etterlet seg to andre «produkt» – kulturlandskap og eit særeige biologisk mangfald.

BEITEKVALITET: Vekslande berggrunn, lausmassar, topografi og klima gjev norsk utmark stor variasjon i natur- og vegetasjonstypar. Det gjev òg stor variasjon i beitekvalitet som er viktig for kva tilvekst ein kan vente frå dyr på beite. Beiting foregår i mange naturtypar som snaufjell, fjellskog, produktiv barskog, raviner og kystlyngheier. Kvar type gjev ulike moglegheiter og utfordringar for den som skal drive beitenæring.

Tal frå ressursundersøkinga «Arealrekneskap i utmark» (AR18x18) viser at 14 prosent av landarealet i Noreg ikkje er å rekne som utmarksbeiteareal. Det vil seie at arealet anten ikkje er tilgjengeleg for beitedyr, eller er vegetasjonslaust. Det ein kan kalle tilgjengeleg utmarksbeiteareal utgjer av dette 262 000 km2 eller 86 prosent av landarealet. Delt på tre kvalitetsklassar fordeler dette seg med 41 prosent mindre godt beite, 48 prosent godt beite og 11 prosent svært godt beite. Klassane godt beite og svært godt beite utgjer det vi kallar nyttbart beite. Dette er areal som ein kan rekne med at dyra tek beiteplanter av betydning for tilvekst i frå. Nyttbart beite utgjer 137 000 km2 som er 45 prosent av det totale landarealet, eller 52 prosent av det tilgjengelege beitearealet i utmark.

Verdien av å ha dyr i utmarka kan ikkje målast berre i pengar.
Sau på beite i Askvoll i Sunnfjord.

Kvaliteten av utmarksbeitet for fylka viser ein klar samanheng med berggrunn og topografi. Troms har mykje rik berggrunn og variert topografi og kjem ut med klart best beitekvalitet. Heile 26 prosent av fylkesarealet er i beste beiteklasse. Nordland er ein god nummer to. Kvaliteten er lågast i områder med mest fattige bergartar og meir avrunda og låglendt topografi, som til dømes Finnmark, Hedmark og Agder. Gjennomsnittstal for fylka skjuler store variasjonar. Til dømes er Hedmark rikt i nord, fattigare i mellomfylket, og igjen litt rikare i sør.

Figur 1. Areal av ulik beitekvalitet for husdyr (sau og storfe) vist som prosent av tilgjengeleg utmarksbeiteareal i fylke og for landet totalt. Talverdiar er sett på søylene for svært godt beite.



BEITEKAPASITET: Tilpassing av dyretalet til beiteressursen er viktig. For mange dyr vil gå ut over tilveksten – for få dyr gjer skjøtselen dårleg og reduserer kvaliteten av beitet. Samla praktisk nyttbar beitekapasitet for husdyr for heile landet er berekna til 9,5 mill. saueeiningar. Ei saueeining er eit dyr med gjennomsnittleg fôrbehov i ein flokk med normal fordeling av søyer og lam. Det er heilt sikkert plass til mange fleire dyr i norsk utmark, men truleg går da venta tilvekst ned av di dyra må eta planter av lågare fôrverdi, til dømes lyngartar.

Beiting, slått og anna hausting gav eit ope, grasrikt landskap.

Dei største beiteressursane ligg rimelegvis i dei tre nordnorske fylka, da dette er store fylke. Nordland og Troms har i tillegg høg kvalitet på utmarksbeitet. Desse fylka har store areal som ligg slik at dei er lite aktuelle å nytte som husdyrbeite, men mykje av dette er viktige areal for reindrifta.

BEITETRYKK: Kor mykje fôr som kvart år blir hausta i utmark kan bereknast ut frå dyretal sleppt på utmarksbeite henta frå søknadar om produksjonstilskot (PT-data). Utmarksbeitet må òg delast med andre utmarksbeitande dyr. Det er berekna grovt eit fôruttak for ulike hjortedyr som er i konkurranse med husdyra sin beitebruk.

Samla beitetrykk for landet i 2019, inkludert hjortedyr, på beiteressursen tilgjengeleg for husdyr, utgjorde etter dette 4 245 000 saueeiningar. Dette gav eit landssnitt på 45 prosent utnytting. Rogaland kom høgast ut med 107 prosent av berekna kapasitet, men her er tala frå produksjonstilskot vanskeleg å bruke av di mykje dyr går i grensesona mellom innmark og utmark. Høgt låg òg Hordaland med 80 prosent, Sogn og Fjordane 71 prosent, Møre og Romsdal 70 prosent og Oppland 67 prosent. Lågast i utnytting var Telemark og Oslofjordfylka med 25 prosent og Finnmark 27 prosent. Etter dette var 55 prosent av beitekapasiteten i utmarka ikkje nytta. Det vil seie at det i 2019 kunne vore sleppt 5,3 mill. fleire saueeiningar. Dersom den ledige kapasiteten berre skulle nyttast av husdyr kunne dyretalet i norsk utmark da bort i mot tredoblast.

Figur 2. Beitetrykk i utmark i 2019 målt i prosent av tilgjengeleg beiteressurs for husdyr i fylke og for landet totalt. Blå del av søylene viser kva som var nytta av husdyr og oransje viser hjortedyr.


BEITEBRUK: Våre berekningar viser det er rikelege ressursar for meir husdyr i utmark i dei fleste fylka. Fôruttaket kan òg aukast mykje ved lengre beitesesong, særleg for storfe. Kor mykje av ressursen som er mogleg å nytte i praksis er usikkert og vil vera ulikt på kort og lang sikt. På kort sikt er det mange avgrensingar i høve til produksjon av vinterfôr, fjøskapasitet, kraftfôrpris, marknad, beiterettar og ikkje minst økonomi for den enkelte bonde.

Beiteressursane i utmark er ulikt fordelt, med store regionale og lokale variasjonar. Eit paradoks er at dyretalet i fleire fylke med heller skrinn utmark er høgt, medan utnyttinga er lågast i nokre av fylka med høgast beitekvalitet og med den rikelegaste ressursen. Ikkje minst gjeld dette Troms, som har ei låg utnytting av utmarksbeite av høgaste kvalitet.

Beitekvaliteten i utmarka er ikkje berre naturgjeve. Mykje av vegetasjonsbiletet er ein arv etter tidlegare tiders veldig intensive utmarksbruk. Beiting, slått og anna hausting gav eit ope, grasrikt landskap. I det meste av landet i dag er beitetrykket for lågt. Buskvegetasjon og tresetting blir tettare og planteproduksjonen i undervegetasjonen blir redusert når lys og varme ikkje slepp ned. På den beste marka kjem høgvaksne urter og bregner inn og skuggar ut graset. Beitekvaliteten blir derfor sakte redusert på store areal og kulturlandskap forsvinn saman med det beiteskapte biologiske mangfaldet. Utmarka må brukast og skjøttast skal desse kvalitetane takast vare på.

Kvar sommar produserer fotosyntesen grønt plantemateriale over store delar av norsk landareal. Dette kan vi nyttiggjera oss til mat og fiber, men vi må ha drøvtyggande dyr til haustinga. Ressursen kan dessutan ikkje sentraliserast – skal den nyttast må vi ha eit landbruk over heile landet.

Referanse: Rekdal, Y. og Angeloff, M. 20121. Utmarksbeite – ressursgrunnlag og beitebruk. Arealrekneskap for utmark. NIBIO rapport 7(2028)2021)

YNGVE REKDAL har vore beitegranskar i vel 40 år. Han er utdanna sivilagronom og tilsett ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som seniorrådgjevar.



Flere artikler