JORDSKOKKEN KOM til Noreg på slutten av 1600-talet. Tidlegare i same århundre hadde knollane kome til Europa med skip, som ein av mange godar koloniherrane tok med seg tilbake frå Nord-Amerika. Urfolk i USA og Canada hadde brukt rotveksten som mat i hundrevis – om ikkje tusenar av år før det. Det starta med at dei åt røter frå ville variantar innan Helianthus-slekta, for so at det vart meir vanleg å kultivere planta. Dette gav naturlegvis større knollar, og meir mat.
KULTURVEKSTEN VART fort ei viktig matplante i Noreg, med sine gode eigenskapar og sitt høge næringsinnhald. Men vinden skulle straks dreie for jordskokken då han fekk ein konkurrent som gav enno betre avlingar – poteten. Den folkekjære poteten vart introdusert for nordmenn midt på 1700-talet. Folk var først veldig skeptiske, men med forkynning og god reklame frå kyrkja vart poteten etterkvart vår aller viktigaste matplante. Noreg vart det me kallar eit pottitland, og sverga til rotveksten i tjukt og tynt. Det er klart det ikkje er lett å konkurrere mot noko slikt, så etter denne entréen takka jordskokken for seg i lang tid. Det er ikkje før dei siste tiåra at jordskokken har byrja å dukke opp att på norske tallerkenar. Nokon har fått augo opp for knollen med den nøtteaktige smaken. Er det jordskokken sin renessanse me augnar starten av? Me treng ikkje å legge poteten på hylla for å gje plass til ein gamal kjenning, men kanskje kan det bli eit gjevande tilskot i hagen og på middagsbordet.
JORDSKOKKEN EIGNAR SEG nemleg ypparleg til økologisk dyrking, og har eit potensiale til å gje mykje tilbake for lite innsats. For jordskokken er raus, og krev lite attende. Hadde jordskokken vore eit menneske hadde du kanskje råda han til å sette grenser og å krevje litt meir balanse i relasjonane sine. Det finnast knapt nokon vekst som er enklare å dyrke. Han set stor pris på sol og næringsrik jord, men han set det over hovudet ikkje som eit krav. Dei knudrete knollane skyt fart om våren, og vert til to meter høge blomar som
kan minne om slektningen solsikka. Dei høge stilkane kan danne ein slags hekk, noko som med fordel kan fungere som ein vindbrytar i hagen. Knollane kan du hauste etter avblomstring, men du kan også la dei stå over vinteren. Har du milde vintrar kan du moglegvis hauste av avlinga direkte frå jorda heilt til neste vår.
SLIK KAN DU GJERE det for å vere sikra eit godt resultat, men i praksis kan du også kaste nokre knollar i ein haug, og framleis få ei avling med jordskokk. Det er opp til deg kor mykje innsats du vil legge i det.
Den rause veksten har ikkje berre ein plass i historia vår, den har moglegvis også ein rettmessig plass ved middagsbordet og i hagane våre. For den hardføre og folkelege rotgrønsaken viser med sterk vilje til å vekse at den er kvardagsmat for mange, og ikkje ein kortvarig trend for dei få. Kanskje skal me gje jordskokken ein sjanse den komande sesongen?
Slik dyrkar du jordskokk
Med ein tendens til å spreie seg om du ikkje får hausta kvar ein knoll, kan det vere lurt å avgrense området du dyrkar jordskokk på. Dette kan til dømes gjerast med å nytte pallekarmar.
Til meir sandig jord du har, til lettare er innhaustinga av jordskokkane. Sett bort frå dette kan dei trivast i det meste av jordtypar.
Sett knollane 10-15 cm ned i jorda, med 40 cm avstand frå kvarandre i luftig og næringsrik kompostjord.
Legg gjerne eit jorddekke som til dømes ull når vekstane har begynt å komme opp.
Du kan gjødsle med til dømes husdyrmøkk når plantane har begynt å bli store, om du vil gjere deg flid.
Når plantane har avblomstra kan du ta opp ein knoll for å sjå an storleiken, moglegvis kan du byrje å hauste.
Knollane toler ned mot -30 grader, så dei kan gjerne stå over vinteren, men vit at næringsinnhaldet kan synke noko med denne metoden. Om du forståeleg nok vil ha jordskokk utover vinteren kan du lagre dei på ein kjølig plass i ein behaldar med fuktig sand eller mose.




