3
↑ I Byssan er det god plass – me har både stue, kjøkken, bad, garderobe, foajé, spiskammers, yogarom, vinkjellar og cockpit.
Reportasjer

Fridom på vegen

Tre år har no gått sidan Mikal og eg flytta inn i Byssan, heimen vår på fire hjul. Til no har me tusenvis av kilometer bak oss, og på vegen har me funne noko som moglegvis var litt uventa. For eit liv på vegen kan verke rotlaust – men me har slått djupare røter enn nokon gong.

Å BU I BIL HEILE ÅRET i Noreg er nok for spesielt interesserte. Vinteren for to år sidan budde me i hagen til ei venninne i Oslo – det skulle bli den kaldaste vinteren i hovudstaden sidan 70-talet. Gassvarmaren vår slutta å funke i november, og den lille varmevifta frå Clas Ohlson jobba tappert mot dei 26 minusgradene som sverja på fullt overtak i det vesle rommet. Om me hadde middagsrestar kunne me like greitt sette dei på golvet – dei vart botnfrosne. Tepper vart pakka kring alle vindauge, opphaldsrommet vart gjort så lite som mogleg – full påkledning om natta. Det er kanskje verdt å nemne at Byssan er ein veteranbubil frå 1991, med mykje sjarm og lite isolasjon. Det skulle likevel vise seg at det vart vår til slutt, også dette året. 

FØR MED FLYTTA INN I BYSSAN dreiv me eit sjølvbergingsbruk ilag med vener av oss, Sellanrå Gardskollektiv. Sjølvberginga har på ingen måte blitt mindre viktig for oss etter at me flytta ut på vegen – men praksisen er noko annleis, med liten plass, og eit hus som stadig røyrer på seg. Til dømes dumpstrar me mykje – i søpla til butikkane finn me alt frå tørrvarer til meieriprodukt, og grønsaker. I fjor åt me dumpstra pinnekjøt heile vinteren, nesten heilt utan å bli lei – for tru meg, du kan gjere mykje gøy med pinnekjøt! Elles sankar me ville vekstar og sopp til mat og medisin, tørkar urter til teblandingar, salver og sprituttrekk. Me syltar og fermenterer. Me fiskar i fjord og innsjø, og me bakar brød. Tyttebæra og molta held seg godt i matlageret ei stund. Til sesongen som kjem skal me prøve oss på mikrogrønt av ville frø. Avgrensingane er få, men liten plass hindrar oss sjølvsagt frå storproduksjon. Elles er Byssan utstyrt for å vere sjølvberga han òg! Med opp til fleire solcellepanel, ein stor batteribank, vasstankar og gass – om me vil, kan me vere utanfor sivilisasjonen i månader i strekk. Campingplassar vitjar me berre for å tømme toalettet. 

↑ Dumpstring er ein stor del av vår sjølvberging, men det er også veldig gøy! Ein veit aldri kva som ventar – det kan vere alt frå eit rotent eple, til mozarella og spekeskinke.

ME HAR NOK EIT LITT utradisjonelt syn på arbeid, og om CV-ane våre tek seg godt ut, kjem vel an på auget som ser. For i tillegg til at me begge skriv frilans, tar me arbeid der det passar oss, som oftast sesongjobbar. Me vel sjølvsagt det som høyrest mest gøy, givande og lærerikt ut. Dei siste tre åra har me blant anna sanka sopp for Michelinrestaurantar i Oslo, snorkla etter østers i Kattegat, røkta pukkellaksfeller i Finnmark, rydda strender i Troms, arbeidd hjå ein hjortegard i Sveits – og ikkje minst har me mjølka, hesja, sådd, planta og hausta i fjord, fjell og dalar over heile landet. Med jordbruk som vår hovudsyssel og bakgrunn har det å reise frå gard til gard, og få jobbe med – og lære av – alle dei flinke bøndene rundt om, verkeleg vore rått. I sesongen som kjem skal me restaurere eng, rydde strender, yste og lage rakfisk,– ei salig blanding av jordbruk og naturskjøtsel. Me tar kanskje ikkje karrierane våre så veldig seriøst, likevel synast me sjølv at det vert eit fargerikt lappeteppe av erfaringar. 

DET ER SJELDAN ME ER på éin stad i meir enn to månader. Når det nærmar seg tida, er det noko i oss som seier at me skal vidare – me kan høyre fjellet rope, som dei seier på Månetoppen (for dei som hugsar det). Då salar me på, og tek ferda ut på nye eventyr. Eg skal ikkje rosemåle dette livet, av og til er det beintøft, i alle fall om vinteren. Eller dei gongane me plutseleg står på planet til ein bergingsbil, utan å vite kor lenge me må bu på ein verkstad – når me eigentleg (sjølvsagt) hadde heilt andre planar. Nokre gonger trynar me, men me reiser oss att, køyrer vidare og finn ei løysing – alltid. Kor enn me drar er det blanke ark å finne. Det er ikkje slik at livet er perfekt om ein bur i hus heller, plutseleg får ein vasslekkasje og må rive heile badet. 

↑ Det er mykje gjennom sankinga at me har lært norsk natur å kjenne, og dimed kjend oss meir og meir som heime.

SOMME TRUR AT ME OFRAR mykje med denne levemåten – men me har aldri følt at me har ofra noko. Når me sit der med sjølvfiska aure, fancy dumpstra ost, og sopp og bær frå skogen, då kan ikkje livet bli stort betre. Me snakkar ofte om at me har hacka livet, som at det me gjer eigentleg ikkje er lov, eller ikkje skal vere mogleg. Men så sit me der, og føler at me har alt me kunne ønske oss og meir til. For er det ikkje eigentleg dei som jobbar seg halvt i hel for ein treroms i byen som ofrar både tid og energi? Me arbeider fulltid i eit par månadar, så er me på eventyr i fire – det er nesten så eg ikkje tør å seie det. Me merkar ein forskjell no frå då me var i 20-åra. Det går opp for folk at me ikkje berre er i ei fase, men at me rett og slett berre er slik som me er. Me må stå meir rakrygga, og vise at me er stolte av det me gjer. Heldigvis lever me godt med å være litt rare. 

I BYSSAN HAR ME FRIDOM til å køyre vidare, når me vil. Me har økonomisk fridom, frå lån, renter og leieprisar. Og ikkje minst har me fridom til å vere ute i norsk natur. I denne fridommen, med mil etter mil gjennom brattlendte fjell, bølgande dalar, og vêrhard kyst har to rastlause sjeler endeleg kome heim. Som ruren på berget, grana i skogen, eller rypa på fjellet kjenner me at me har djupe røter i omgjevnadane våre, i naturen, i det som er vår bakgard. Det kjem ein dag kor me skal dyrke eiga jord igjen, eit liv som også gjev stor fridom – det er noko me drøymer om. Men bubilen blir nok med, klar for nye eventyr når me høyrer at fjellet ropar.

Flere artikler