DEN GODE OG RETTFERDIGE Balder hadde ei stund vore plaga med vonde draumar som viste korleis han ein dag skulle dø. Æsane samla seg i bekymring for å finne ut kva dei kunne gjera. Stundom vart dei einige om at Balder måtte vernast mot alt vondt slik at ingenting kunne skje han. Mor til Balder, Frigg, hadde i likskap med ektemannen Odin den evna at ho visste skjebna til både æsane, menneska og verda. Jamvel brukte ho all si gudommelege kraft på å legga i ed alt levande og dødt som fanst. Dei måtte lova at dei aldri skulle skade Balder. Etter at alle hadde gjeve sitt løfte sat æsane Balder til å vere skyteskive, som eit prov på at ingenting kunne skade han lenger. Dei mora seg og skaut med alle slags vapen, utan at Balder fekk så mykje som ei skramme. Samstundes vaks det på eit tre austanfor Valhall eit lite skot av misteltein, som Frigg hadde oversett i tru om at det var for ungt til å legga i ed. Den onde Loke hadde fått nyss i dette, han knakk av mistelteinen og tok den med seg.
DÅ LOKE KOM FRAM til æsane, var alle opptekne i skyteleiken med den usårlege Balder som blink. Alle bortsett frå Hod, Balder sin blinde bror som sto litt i utkanten av dei andre æsane. Loke gjekk bort til den blinde broren «Kvifor skyt ikkje du mot Balder, slik som dei andre?» Hod svarar: «Eg ser ikkje kvar han står, og dessutan har eg ikkje våpen». Då seier Loke: «Du må då vel også heidre bror din med eit skot. Eg skal vise deg kvar han står, så kan du skyte han med denne teinen». Overtydd gjorde Hod som Loke sa, og skaut. Til alle si skrekk vart mistelteinen omgjord til ei pil i lufta, som gjekk tvers igjennom Balder så han datt død om.
ETTER DET DRAMATISKE DØDSFALLET prøvde æsane å få Balder tilbake frå Hel, men utan å lukkast. Han måtte bli i Helheim fram til etter Ragnarok. Kanskje seier denne historia noko om mistelteinens eigenskapar, for sjølv om den kan sjå uskuldig ut så er den altså giftig. Planta seiast også å ha gode medisinske eigenskapar, men i so fall skal det alltid takast i form av reseptbelagte preparat i dialog med lege. Planta veks som ein parasitt på løvtrær som lind, lønn, eple, hagtorn, rogn, asal, og ein sjeldan gong på eik (det er enno ikkje funne misteltein på eik i Noreg). I gamledagar trudde dei at sjela til vertstreet overvintra i mistelteinen, sidan treet mista blada sine om hausten medan parasittplanta heldt seg grøn gjennom heile vinteren. Også hjå kelterane har mistelteinen hatt si kulturelle betyding. Druidane, som var sjamanar, prestar og lærarar hjå desse folkegruppene i romertida og jarnalderen, nytta mistelteinen til sjamanistiske riter. Inntak av store mengder mistelteinbær kan verke hallusinogent, noko druidene skal ha nytta for å motta profetiar frå gudane, lækje dei sjuke, og for å sjå inn i andre verder. Den aller heilagaste mistelteinen var den som vaks på ei eik, sidan den då tok krafta til dette symbolsk sterke treet. For å feire starten av vinteren skar ein av dei øvste prestane ned ein misteltein frå eit eiketre med ei gullsigd. Dette vart gjort den sjette dagen etter nymåne, heilt i byrjinga av året. Seremonien var ei fruktbarheitsrite, som skulle sikre gode avlingar og fruktbarheit hjå både folk og dyr. Det er slike gamle fruktbarheitsritar som er opphavet til tradisjonen som mange kjenner til, om å kysse under mistelteinen i jula. I folkemedisinen har misteltein vore brukt mot epilepsi i fleire land heilt sidan Hippokrates si tid. Ei oppskrift på medisin mot sjukdommen står oppført i den første offisielle danske medisinboka frå 1772, som også gjaldt her til lands då me var underlagt Danmark. Kuren inneheldt misteltein, krepseauger, peonfrø, raude korallar og gull, med andre ord eit ordentleg heksebrygg.
EIN SKAL IKKJE UNDERVURDERE mistelteinen der han veks høgt oppe i tretoppane, skal ein tru Eddasoga. Og sjølv som omtalt medisinplante og juledekorasjon er det best å la planta bli værande, ikkje berre fordi ho er giftig, men ho er også totalfreda i heile landet. Spaserer du i ein liten kystby langs Oslofjorden kan du likevel beundre denne myteomspunne planta, og vie ein tanke til Balder som kanskje enno er i Helheim og ventar på ragnarok.




