LIN HAR KVALITETAR som gjer at den kan nyttast både til å lage tekstilar, rep, papir, olje og mat. Med det i tankane er det ikkje rart at denne vene, blå blomen har vore ei populær kulturplante i fleire tusen år.
Før var tekstil og produksjon av klede ein naturleg og naudsynt del av kvardagen til folk, av openberre grunnar. Materialar som ull, hamp, brennesle og lin vart omgjort til tekstilar, ikkje på magisk vis, men etter mange timar med hardt arbeid. I dag vil me neppe fryse om vinteren om me ikkje har sett oss til å spinna på rokken hausten før. Har det jamvel verdi å få kunnskap om dette raudlista handverket til å sitta i våre elles så mjuke, moderne hender?
Å gjere lin om til garn er ein særs tidkrevjande prosess, og det er korkje billig eller lettvint. Norsk tekstilproduksjon rømde landet i takt med tilgang på «fast fashion» frå Asia, og i dag er det ingen som lenger driv med linproduksjon i Noreg. Jamvel er det fleire entusiastar her i landet som har teke til å dyrke den særs nyttige planta, og fleire av dei lagar også spinnbart lin av det. Kanskje kan desse gamle kunstane inspirere oss til å tenkje nytt, i ei tid kor me treng lokale svar på globale utfordringar?
DET ELDSTE FUNNET av ein lintekstil er frå Midtausten og er 7500 år gamal, og før den tid veit me at dei nytta planta til mat. Her i Noreg vart linet først nemnd i Edda, og dei har gjort sikre funn av lin hjå ein bustad i Hordaland frå 300-talet. Linet er ein av våre eldste kulturvekstar. Planta slik me kjenner den i dag, er jamvel ikkje den same som dei hadde for fleire tusen år sidan.
Forgjengaren til Linum Usitatissimum, Linum Bienne var ein lågare fleirårig vekst som lett forgreina seg. Med tida har me avla fram to typar lin som dyrkast på verdsbasis, fiberlin og oljelin. Fiberlinet er odla for å ha ein lang stilk med mykje spinnbart fiber, medan oljelinet er odla for å få fleire frø. Oljelinet er difor kortare, og det forgreinar seg med mange små frøkapslar.
FØR I TIDA var det altså vanleg at alle gardane hadde sitt eige lin til eige bruk. Linet vart høgt verdsett i alle samfunnslag, frå stalldrengen til dei adelege. Dei skulle produsere mykje lin, for det skulle nyttast ikkje berre til skjorter og skjørt, men også til sengetøy, undertøy, dukar og meir til. Det finaste linet vart nytta til alterdukar og anna finstas, medan det grovaste linet, også kalla stry, vart brukt til rep, isolering av hus, striesekkar og andre bruksgjenstandar.
Utover syttenhundre- og attenhundretalet gjekk bruken av lin kraftig tilbake til fordel for bomull, som lettare let seg spinne maskinelt i tillegg til at det var betydeleg bil-ligare. Til slutt var det berre det aller finaste tøyet som enno vart laga av lin, som tildøme alterduken og finskjorta.
Mange år skulle gå med låg interesse for den allsidige planta, fram til Nyttevekstforeininga satte fokus på å framsnakke linet att i starten av forrige århundre. Utover nittenhundretalet svinga linet i nyttegrad, medan det i selskap av fleire eldre sjølvbergings- og handverksteknikkar toppa seg att under andre verdskrig.

FRÅ FRØ TIL LINSKJORTE er ein omfattande prosess med mange detaljar, og det anbefalast å ta eit kurs om du vil læra det. Norges Linforening er aktive, held fleire kurs og driv elles med formidling kring den særs nyttige planta, blant anna på den informative heimesida deira: norges-linforening.no.
Noregs Husflidslag har også eit prosjekt som heiter «1 kvm lin», der dei blant anna har ei gruppe på Facebook kor folk saman med husflidslaget kan gå gjennom prosessen, og dela erfaringane dei har.
Det ser ut til at fleire i dag viser interesse for lindyrking og tilarbeiding av lin. Kanskje er me fleire som kjenner behov for noko handfast, at me vil læra noko nevenyttig i møte med dagens utfordringar. Moglegheitene er iallfall mange for den som vil prøve seg på lindyrking, og det er inga tvil om at linet er ein gamal kulturvekst som er verd å ta med seg vidare.