1
↑ Frå øverst til venstre: Bianca Wilhelm, Stefan Wilhelm, Luise Malur, Jesse O'Brien, Heiner Hansen, Kilian Röder, Klara Linde, Judith Alpert, Lea Hansen, Anne Dirsch og Maurice Neuwirt.
Reportasjer

Ny vår på Fokhol gård

Generasjonsskifte og nykommarar set no fotspor på det gamle gardstunet i Stange. Med over 100 hektar dyrka mark er Fokhol ein av dei største biodynamiske gardane me har her til lands, og bruket er i tillegg eit av våre lengst levande gardsfellesskap.

PÅ SOLSIDA AV MJØSA ligg Fokhol Gård vent til, omkrinsa av kornåkrar som bølgjar seg i landskapet.

Det var i 1993 at pionerane greidde å overtyde Stange kommune om å selje garden til den nyetablerte Stiftelsen Fokhol Gård, etter over 100 år i kommunen sitt eige. Sidan byrjinga har garden vore ein bauta innan biodynamisk landbruk som ein viktig stad i samband med den bio-dynanamiske utdanninga Bingn. I tillegg har garden vore ein av dei største produsentane av Demeter-grønsaker her i landet.

I oppstarten la stiftinga til grunn at garden skulle skjøttast av minst to familiar, og sidan den tid har Fokhol vore driven av fleire. I 2022 trakk pionerane seg tilbake, og nye krefter fekk sleppe til. I dag husar garden 11 voksne og 8 barn som bur, lever og arbeider saman. Lea Hansen, Klara Linde og Jesse O’Brien er tre av dei fastbuande på garden. Dei fortel om eit liv fylt med gode samtalar, ærleg mat, fridom, arbeid og slit, heilheit og meining.

På to år har dei etablert eit fellesskap som saman driftar ein særs mangfaldig gard. I dag har dei mjølkekyr og hestar, dei dyrkar grønsaker, gras, korn, bær og urter. Du kan også booke deg inn for ei natt i gjestehuset på Fokhol, få servert mat med kvalitetsråvarer frå garden, og få eit glimt av livet i eit gardsfellesskap. Dei har allereie mange jarn i elden, og jamvel har dei fleire komande prosjekt og idear, både for nær og fjern framtid.

SJØLV OM MYKJE ER NYTT på Fokhol, ber dei med seg nokon ting frå gardsfellesskapet si historie vidare. Med over 100 hektar er det sjølvsagt at traktoren er eit essensielt hjelpemiddel i arbeidet, men heilt sidan oppstarten for tredve år sidan har jamvel arbeidshesten hatt ei viktig rolle i drifta. Eit langsiktig mål dei no har sett seg er å gjere om 60 dekar med grønsaksproduksjon til å driftast så langt det lar seg gjere med hest, og slik gjere produksjonen utsleppsfri.

Garden har tidlegare i stor grad vore ein produksjonsgard, med grønsaker og korn i fokus. Den nye gjengen fortel at dei vil satse meir på direkte sal til kundane og sal frå eigen gardsbutikk. Med utsal frå garden håpar dei at flest mogleg vil komme og handle der direkte, slik at dei får sjå kvar råvarene kjem frå, og verte betre kjend med bøndene. Saman ønskjer dei å skape ein meir open og tilgjengeleg gard kor folk kan oppleve, lære og bli kjend med biodynamisk landbruk og kollektiv levemåte.

Jesse fortel at dei ikkje ønskjer å være eit lukka samfunn«…men eit pustande fellesskap som er opent for omverda». Jesse kjem opphaveleg frå USA, og er blant dei som har ansvar for vedlikehald av maskiner, og produksjon av korn og grønsaker.

LIVET I GARDSFELLESSKAP byr på både gleder og utfordringar, og gode plattformar for å snakke saman er naudsynt. På Fokhol har dei møter tre gongar for dagen i tillegg til eit møte kvar veke, som dei prøvar å halde så kort og strukturert som mogleg. Lea kan også fortelje at dei har community-building, der dei fokuserer på styrking av fellesskapet. Ho kjem eigentleg frå Hamburg, og har saman med fleire ansvar for kyrne og mjølkinga på garden. Vidare snakkar dei om korleis det i biodynamisk landbruk vert lagt stor vekt på sosial beredyktigheit på lik linje som berekraft i det biologiske krinsløpet på garden, og kor essensielt fellesskap er for mennesket si helse. Klara meiner at fellesskap er framtida i landbruket og løysinga på mange av dei problemstillingane bønder har med psykisk helse og arbeidsmengde. Klara kjem også frå Tyskland, og på Fokhol arbeider ho blant anna i gardsbutikken, og med praktikantane.

Den neste generasjonen nyt også godt av å leve i fellesskap i landlege omgjevnader. Dei fortel at barna vert trygge og opne i møte med andre, fordi dei ikkje treng å bli haldne tilbake, men får fritt ta del i fellesskapet og garden. Dei har fridommen til å vere kreative og boltre seg ute, og treng ikkje bli passa på heile tida. Denne fridommen gjev ein tryggleik både for barna, men også for dei vaksne. Somme gonger treng du ei hjelpande hand, og då er ho heller ikkje langt unna. – Du kan alltids spørje nokon om å halde eit auge med barnet ditt medan du gjer eit ærend, legg Jesse til.

På Fokhol Gård er det utan tvil ein ny vår, med nok folk til skape både stort og smått. Det er likevel viktig for dei å nemne at dei midt i alle ideane og draumane, faktisk akkurat no lever det livet dei har ønskt seg. Og sjølv om det krev sitt å bu og arbeide saman, så er det heilt klart verd det. Og som dei sjølv seier, dei har berre vore der i to år, dette er berre starten.

Flere artikler