Fjordbruket 02
Reportasjer

Fjordbruket

Omkrinsa av fjord og kystlynghei på Fjellværøya i Hitra finn du Fjordbruket. Her møter du Anne Trætteberg Reitan (25) som gjev inntrykk av å vere ei dame med energi, draumar og tæl til å realisere dei.

I 2022 KJØPTE Anne småbruket etter lenge å ha kjend på ein trong til å «komma heim». I byen var det mykje folk, men lite kontakt, og mange moglegheiter, men lite meining. Både Anne, verda og landbruket hadde behov for endring. Då var det berre å prøve det! Med bakgrunn i klima- og miljørørsla har Anne vore engasjert lenge. Aksjonar med og utan sivil ulydnad har vore særs viktige verkemiddel i ein kamp for å fremje rettferd for framtidige generasjonar og artar, samstundes ønskte ho seg meir erfaring med den livsstilen som ho sto på barrikadane for. Er det mogleg å leve på eit vis som er genuint og som dekker både våre behov og naturens behov? Anne måtte stikke fingrane i jorda for å finne ut av dette.

Anne Trætteberg Reitan

Etter eit og eit halvt år på Fjordbruket seier ho at det har vore ei bratt læringskurve. Støyen frå byen er langt unna, og roa har senka seg etter at ho flytta ut til Fjellværøya. Det har likevel vore mykje å lære reint praktisk. Ein veit ikkje korleis ting skal gjerast før ein står midt oppi det, sjølv om du har lest om det fleire gonger. Det er ein tøff måte å lære på, særleg når ein plutseleg sit med so mykje ansvar. Likevel legg ho vekt på at det er nettopp å utføre slikt hardt arbeid for noko som er større enn seg sjølv, som er kjernen av meininga. Det er godt både for kroppen og for hovudet. Ikkje minst har det vore essensielt å gjere det i fellesskap med andre. Anne ville aldri flytte ut på bygda åleine, då ho beskriv seg sjølv som veldig sosial. Jamvel hadde ho ikkje tolmod til å vente med å kjøpe gard til fleire i venekrinsen hadde bestemt seg, så ho hoppa berre i det med håp om at folk ville bli med ho ut på øya. Det skulle ikkje bli noko problem.

SJØLV OM ANNE er den som har kjøpt garden, er ho på langt nær åleine på bruket. Allereie er der ein ven som ho reknar som fastbuande, og snart kjem også kjærasten flyttande til Fjellværøya. I tillegg skal det ha vore over hundre personar innom garden det siste året, som har kome for å bidra til- og oppleve Fjordbruket. Nokre av desse kjem for dagsbesøk, medan andre blir værande i månandar.

– Det er sjølvsagt krevjande til tider å organisere så mange folk, men mest av alt er det utruleg gjevande. Det er viktig å få fram, seier ho.

Anne seier sjølv at formidlinga av bodskapen er det aller viktigaste med å velje dette livet.

– Min visjon er å inspirere andre. Ein ting er å gjere dette for seg sjølv; men om me er hundrevis av unge i Noreg som ønskjer å dyrke jorda på lag med naturen, kan me bli ei bølge stor nok til å starte ein revolusjon.

I tillegg til å ha mykje folk på besøk, deler Anne aktivt på sosiale medier, og du kan følgje reisa til Fjordbruket både på Instagram og TikTok. Her formidlar ho gladeleg om reisa som ny gardbrukar, om økologiske og regenerative metodar i jordbruket, permakulturelle prinsipp, no-till, sanking i naturen og nytting av ressursane ho har kring seg.

I løpet av kort tid har Fjordbruket blitt ein stad dei fleste unge som er engasjerte i landbruk veit om. Med sitt fokus på den holistiske tankegangen, den kollektive levemåten og visjonen om endring, er Fjordbruket eit viktig samlingspunkt for folk med like idear. Slik som Anne seier er me nøydt å få fleire liknande prosjekt som dette om me skal ha sjans å få til dei store endringane me treng i matsystemet vårt og i samfunnet elles. Me veit jo at endring startar hjå grasrota, men kanskje startar endringa allereie i jorda. Då treng me dei som med spade og greip inspirerer morgondagens jordbrukarar.

Flere artikler