Meninger

Solvendaren

Hagen er ein stille hage, som ikkje er stille i det heile. Jordpassaren er ei fargerik sjel utan sko. Med andre auge er ho ofte åleine, men ho er aldri einsam. Ho stoppar ofte opp; lyttar. Hennar auge er store og opne, for ho sansar sine medhjelparar med føtene; jordast
Solvendaren

SOLVENDAREN SJÅAST MED mange auge. For ein kunstnar er det ho som målar førsumaren gul; for ein birøktar eit kjærkome måltid for små heltar; for ein urtemedisinar ei verdifull gåve og ein sjølvsagt plass på kjøkenet. Somme auge ser ei brikke i eit ukjend puslespel. Kanskje gjer det vondt når deira mistydingar vert til hat, og hatet vert til urett. Når ho gjev alt for alle kringom seg, og det dei ser, er ugras. Då håpar eg ho tilgjev dei, fordi ho ser at dei er blinde. Då håpar eg ho famnar om seg sjølv. Då håpar eg at ho famnast av alle dei som elskar ho; dei som kan forstå, fordi dei ikkje sjåast, dei heller.

NÅR VÅRE FARGAR møtast, når mine nakne føter kjenner krafta, og eg står der i hagen min og ser deg, då ser eg at din blom ikkje er éin blom, men mange blomar. Dei sit samla i ei korg, gule; vakre. Dei sit der så rause og kloke, på ein stengel over friskgrøne blad i rosett ved grunna. Fargane dine er så lette å få auge på. Men den vakraste kunsten er reservert for dei opne hjarta.

SOLVENDAR er eitt av løvetanna sine mange namn (Hjelmstad, 2021, s. 351). Dei gule blomekorgene ser ut som mangfaldige soler der dei skin i kulturlandskapet. Lyttar du til dei, så delar dei kanskje forteljinga om solstrålane sin veg ned til jorda. For Solvendaren er raus, og rota hennar er tjukk; ho strekk seg djupt ned i jorda.

Vårsola skin på ei gul blomeeng og solstrålane treff plantedelane til Solvendaren

Vårsola skin på ei gul blomeeng og solstrålane treff plantedelane til Solvendaren

Du fekk kanskje høyre ein snever del av forteljinga om soltrålane i naturfagtimane; historia om dei grøne plantedelane som brukar solenergien til å produsere oksygen (fotosyntese). Den ukjende fortsetjinga av Solvendaren si historie høyrde eg fyrst på økoskulen i Aurland; så mykje som 50 % av solenergien kan Solvendaren velje å sende ned gjennom rota si og ut i jorda, i form av mangfaldige biokjemiske stoff (Ing-ham, Lewis & Lowenfels, 2019). Dei verdifulle solstrålane si ferd ned i jorda skjer av grunnar som ikkje er anna enn underfulle.

Med mikroskopiske auge ser me at langs heile den lange løvetannrota, i rotsona, rhizosfæren (rhizo=rot), møtast løvetannrota si overflate og mikroorganismane i jorda i eit myldrande liv av mangfald (Lowenfels et al, 2010, s. 20-25).

Jorda vert ein heim for levande organismar; så mangfaldige at me ikkje evnar å fatte deira omfang. Gjennom mikroskop og elektronmikroskop har me oppdaga eit univers av bakteriar, sopp, nematodar, amøbar, flagellatar, flimmerdyr, leddyr . . . og det har vore under føtene våre heile tida (Ibid, s. 20–25).

Me kallar dei mikroorganismar, fordi dei er så små at me treng mikroskop for å sjå dei. Mikroorganismane eksisterer i fascinerande mange artar og fasongar; alle med unike roller i økosystemet.

Heilskapen av jordskapingane, frå monstermeitemarken me kan sjå med auga våre (makroorganisme), som me fryda oss sånn over då me var små, til dei milliardane av flagellatar (mikroorganisme) i ei handfull jord, som gjev næring til plantane i eit økosystem.

«A lateral root releasing exudates»
«A lateral root releasing exudates» Foto: James White.

Alle økosystem er grunna i mangfald, og mangfaldet startar i vårt felles opphav: Jorda!

FOR EIN LITEN flagellat vert Solvendaren si pælerot ein evig lang fôringsstasjon; langs rhizosfæren møtast mikroorganismane til store slag om hennar verdifulle roteksudat (dei biokjemiske stoffa ho lagar av solenergi), som dei livnærer seg på (Lowenfels et al, 2010, s. 20–22).

Solvendaren startar fotosyntese tidleg om våren; ho er blant dei fyrste til å forsyne jordlivet med roteksudat. Fordi solvendaren si rot er så tjukk og så lang, kan ho nå fram til mikroorganismar som heldt til i dei djupare jordlaga. Ho kan finne på å gjere bytehandlar på ei meter djupne, om ho vil (Bragdø, 2019).

Alle økosystem er grunna i mangfald, og mangfaldet startar i vårt felles opphav: Jorda!

EIN TIDLEG VÅRDAG vendar Solvendaren sollyset ned i jorda. Roteksudata hennar liknar omtrent magisk tryllestøv, og verkar heilt uimotståelege der dei sig utover rotsona.

Ein heldig bakterie vaknar til. Han rører seg målbevisst mot rotsona, sjølv om ho er livsfarleg for ein liten bakterie; det er mange andre som er interesserte i dei verdifulle stoffa, og i han.

Bakterien entrar rotsona i ærefrykt; her sansar han ein buffé av søte karbonsubstansar, produsert på solstrålar og kjærleik. Han får ete seg mett, og fortset på si ferd, takksam og lett.

Ein dag døyr bakterien, og næringa i kroppen hans vert vidareført til andre mikroorganismar kringom han. Kanskje var det ein sulten nematode som åt han levande, eller kanskje døydde han av andre årsakar, og vart omdanna av ein lukkeleg sopp.

Sopp og bakteriar er alltid involverte i denne prosess en, anten ved å ete og omdanne organismen direkte, eller ved å forsyne seg av avfallsstoffa frå organismen som åt han (Lowenfels et al, 2010, s. 23). Slik vert næringsstoffa trygt lagra i kroppane til mikroorganismane og som avfallsstoff kring rhizosfæren.

Næringsstoffa er trygt lagra i rhizosfæren, i plantetilgjengeleg form; næringssirkelen er intakt.

GJENNOM MIKROSKOPISKE studium av rhizosfæren ser me at plantane sine roteksudat vekker, tiltrekk seg og dyrkar spesifikke helsenyttige bakteriar og sopp som livnærar seg på dei (Lowenfels et al, 2010, s. 20–22).

Faktisk indikerer ei rekke studium at individuelle plantar, som vår venn Solvendaren, kan kontrollere tala og dei forskjellige typane av mikroorganismar gjennom roteksudata dei produserer (Lowenfels et al, 2010, s. 21–22).

Gul kjole, gule blomar
Gul kjole, gule blomar Foto: Asgeir Heggernes Storheim

Plantane veit kva dei treng, og kva for mikroorganismar som kan by dei det.

I EIT ØKOSYSTEM takkar mangfaldige mikroorganismar for maten på mangfaldige måtar:

Somme tilfører vatn, andre fjernar vatn ved flaum, somme tilfører kalk, somme bakteriar er nitrogen-fikserande (dei lev i symbiose med plantar som hentar nitrogen frå lufta), mange artar tilfører mineralsk næring, nokre varmar ved frost, andre kjøler ned om det skulle verte for varmt, somme fjernar giftstoff, andre vernar mot dei, nokre produserer antibiotika ved åtak av patogene organismar, andre produserer fysiske forsvarsbarrierar kring planterøter og blad, somme varslar planten og andre mikroorganismar om farar (me veit at dette skjer, men ikkje korleis. Merk: i alle fall ikkje i 2019), somme produserer vitamin, somme transporterer næring, og atter andre produserer ulike typar veksthormon for planten, osv.…» (Lønning, 2019, s. 29).

Solvendaren er klok, for ho har forstått at me treng kvarandre

Mangfaldet i jorda er livsgrunnlaget for alt som veks i ho, og difor for alle som et av det som veks i ho.

«Without healthy soil, we cannot have healthy crops or healthy animals or healthy people. We must promote the health and functioning of the ecosystems in which we farm» (Brown, 2018, s. 107).

Ein flagellat; ein løvetann; ei humle; ein grønkål; ein hjort; eit beitedyr; eit menneske. Me er alle del av ein større sirkel, om me lét oss sjølv få vere det.

«You are what you eat, and you are what what you eat eats, and you’re even what what what you eat eats eats» (Formidable Vegetable, 2016).

«ROTA ER VEGEN ned i jorda for sollyset», seier gartnar Morten Bragdø (Bragdø, 2019). Solvendaren omdannar sollyset til fleire hundre tusen mangfaldige stoff, og desse vekker og lokkar til seg hundretusenvis av forskjellige artar av mikroorganismar (Bragdø, 2019). Med pælerota si når Solvendaren langt ned i djupet av jorda, til mikroorganismar som andre plantar ikkje når; difor kan ho byte til seg godar frå mikroorganismane som ikkje alle andre kan.

Det hender ofte at Solvendaren, i si jakt etter magnesium eller eit anna livsviktig stoff, får byta til seg meir enn ho sjølv treng. Då tek ho med seg det ho fekk til overs, og fraktar det opp til medplantane sine, og delar raust med alle kringom seg (Bragdø, 2019).

Solvendaren er klok, for ho har forstått at me treng kvarandre

Homler på lilla blomst
Å gjødsle med honningblom: I ei grøngjødselblanding av mellom andre honningurt, får røtene tilføre verdifull næring til jorda. Blomane produserer imponerande mengder nektar for pollinatorane, og gjev biologisk vern mot skadedyr, då dei tiltrekker seg blomefluger som et bladlus og andre skadedyr (WWF, 2022). Foto: Elisabeth Fagerland

Ho forstår at jorda er heimen vår; at Mor Jord treng vern, ikkje berre med plantedekke av sin eigen art, men av mangfaldige artar.

Mangfaldet av plantar vernar mellom anna jorda mot vind- og vasserosjon, og dei mangfaldige roteksudata livnærer mangfaldige mikroorganismar med mangfaldige eigenskapar.

«…plant health, function and biomass improve and increase with diversity. One of many important reasons for this is the fact that a diverse plant population provides a much more diverse diet of root exudates for soil microbes» (Brown, 2018, s. 115).

Plantane veit kva dei treng, og kva for mikroorganismar som kan by dei det.

Difor lev plantane saman, sender ut biokjemiske stoff saman, snakkar saman; koplar seg på kvarandre sine røter, hjelper kvarandre.

EG VIL INVITERE deg og auga dine ut i hagen min; her er så mange eg gjerne vil du skal få helse på.

Fyrst vil eg be deg om å sjå utover beitene; skogen; kulturlandskapet. Ser du nøye etter, får du kanskje sjå mi lærarinne. Ho kallast ofte Naturen. Eg brukar å kalle ho for Mor Jord. Gaia.

Mi lærarinne er svært vakker. Ho kler seg alltid i fargar; mangfaldige fargar. Somme opplever ho som vill. Ho er komplisert, seier dei. Aller helst skulle dei vel ha sett at dei klara å temme; få kontroll over; forenkle.

Ho er for komplisert, seier dei, og røskar av ho fargane til dei ligg isolerte frå dei andre, som meiningslause pigment. Ulogiske kontekstar utan heilskapen dei ein gong stod i.

Og når ho forsøker å dekke sine opne sår med modige pionerplantar, i eit desperat forsøk på å pleie seg sjølv tilbake til balanse og fruktbarheit, ja, då tek dei fram giftsprøyta og drep like godt det som er att.

Dei ser ugras, med auge som berre ser den grøne veksten på jordoverflata. Det som i verkelegheita berre er toppen av isberget.

«The vast majority of producers focus only on the potential profit a particular crop may bring them that year; they do not look at the ecological capital that diversity builds. If a pasture ecosystem in its natural state includes as many as one hundred different species of grasses, legumes, and forbs, how can we possibly expect the system to function well if we reduce plant diversity to only one or two species?» (Brown, 2018, s. 115).

Solvendaren sjåast med mange auge. For ein kunstnar er det ho som målar førsumaren gul.

EG SER HO kvar haust langs landevegane. Den eine fargen ho fekk i år, gyllen som kornet ho bar, har dei no forsyna seg av. Ho ligg naken att, nedverdiga, livlaus. Og etter overfallet, når ho visnar til ei skugge av seg sjølv og ikkje lenger har meir å gje, då tvingar me på ho den fargen me har velt sjølve; den syntetiske kjemien me har kalkulert oss fram til, så ho i alle fall ser flott ut på overflata.

Permanent i pigmentlaust hår; sminke over eit grått andlet.

KANSKJE HØYRAST DET overdrive ut, når dei andre auga ser ein haustpløya kornåker.

Men eg har sett korleis ei levande jord ser ut, og eg ser ei jord som skulle ha vore full av liv. Ei jord som skulle ha vore full av fargar; full av rørsle.

Plantane saman, sender ut biokjemiske stoff saman, snakkar saman; koplar seg på kvarandre sine røter, hjelper kvarandre.

I dag veit me at pløying momentant bryt i stykker sopphyfer, drep meitemark, riv opp og knusar leddyr... Pløying øydelegg jordstrukturen som forsyner jorda med luft og vatn. Pløying etterlet heile biomangfaldet i ubalanse (Lowenfels, 2010, s. 26–27).

Naturen er heilt lik oss i møtet med stress: Me taklar stress frå tid til annan, men me er ikkje skapa for kronisk stress. Me taklar ikkje kronisk (årleg) pløying, tilføring av kunstgjødsel eller sprøytemiddel (Brown, 2018, s. 111).

ME KAN IKKJE ta frå jorda livet, og forvente at ho skal produsere livskraft for oss.

Det er naivt og arrogant å tru at me kjemisk kan framstille kunstig gjødsel basert på berre tre næringsstoff, av heile næringsstoffspekteret som finst i ei levande jord, og tru at sluttproduktet på nokon måte skal verte ein heilskap.

Me legg blind tillit til menneskeskapt kjemi i møtet med ein samanheng som me truleg ikkje forstår ein einaste prosent av til no. I etterpåklokskapens namn veit me at både kunstgjødsel og sprøytemiddel er giftige for enkelte medlem av økosystemet, verkar avskremmande på andre, og endrar med dette heile miljøet omkring dei (Lowenfels et al, 2010, s. 26).

AV ALL KUNSTGJØDSEL som tilførast plantane våre, er det berre ei lita mengd som faktisk treff rotsona til planten og vert absorbert. Størstedelen drenerast og hamnar i grunnvatnet vårt; og vidare til stader me verken har kontroll over eller kjenner til, for den saks skuld (Lowenfels et al, 2010, s. 23).

Plantar som får syntetisk næring, vert late. Kvifor skal dei orke å flørte med mikroorganismane i same grad, når dei kan få ferdigmat utan å jobbe for det?

Me kan ikkje ta frå jorda livet, og forvente at ho skal produsere livskraft for oss.

Me mistar viktige symbiotiske forhold mellom sopp, bakteriar og plantar når me tilfører kunstgjødsel; populasjonane av mikroorganismar reduserast i takt med plantane sin latskap. Og når populasjonar av bakteriar, sopp, nematodar og flagellatar forsvinn, forsvinn naturlegvis også andre medlem av økosystemet. Slike som meitemarken, som i sin mangel på mat og irritasjon over syntetiske nitrat i den vassløyselege kunstgjødsla, heller flyttar til andre, meir levelege kår. Meitemarkane er viktige nedbrytarar av organisk materiale, og deira fråfall er difor eit stort tap (Lowenfels et al, 2010, s. 26-27).

SPRØYTEMIDDEL er ei meir direkte form for åtak på jordlivet. Dei fungerer mykje på same måten som antibiotika; enkelte av dei er faktisk registrerte som antibiotikum. Eit døme er glyfosat, det aktive verkestoffet i sprøytemiddelet RoundUp (Brown, 2018, s. 170).

Anti biotika = Anti liv. «If we apply an insecticide to kill a particular pest insect, the insecticide is not going to kill only that species, it will kill others as well, including some that are harmless and many that are beneficial» (Brown, 2018, s. 111).

Glyfosatet i RoundUp er også eit døme på ei systemisk sprøytegift. Det vil seie at gifta absorberast av og transporterast rundt om i planta, til dømes til grønsaks-, bær- og fruktkjøtet som me finn i butikken si grøntavdeling.

Kanskje var det dette Monsanto (i dag under namnet Bayer) hadde i tankane då dei gav namn til sprøytemiddelet sitt?

DR. DON HUBER, professor ved Purdue University og ein av våre leiande autoritetar på kjemi-jord-plante-interaksjonar, er alarmert over kvantum og volum av ugrasmiddel som brukast i moderne matproduksjon, på deira effekt på økosystemet; på vår helse (Brown, 2018, s. 110).

Mangfaldet i marknadshagen, flybildet
Mangfaldet i marknadshagen. Foto: Tore Berntsen

University of Illinois publiserte eit studium i 2009 som såg på resultatet av ei kornavling som hadde vore dyrka med éin kultur (monokultur) og gjødsla med dobla mengd kunstgjødsel i 50 år, opp mot resultat frå dyrkingssystem med fleire kulturar. Forfattarane slår fast: «Despite five decades with approximately double the input of synthetic nitrogen, corn yields are still lower with monoculture cropping… » (Brown, 2019, s. 109-110).

Studiet er eit vitnesbyrd om verdien av biologisk mangfald. Det avslører også ei tydeleg tendens i samtida på korleis syntetisk næring gjer oss avhengige av å tilføre større og større mengder for å oppretthalde ei avling.

Konklusjonen på studiet var denne: «The prevailing system of agriculture does not provide the means to intensify food and fiber production without degrading the soil resource» (Brown, 2018, s. 110).

Det konvensjonelle, industrialiserte landbruket kan ikkje forsørgje vår moderne matproduksjon utan å øydelegge jorda.

Det konvensjonelle, industrialiserte landbruket kan ikkje forsørgje vår moderne matproduksjon utan å øydelegge jorda.

TAPET AV BIOMANGFALDET og deira biologiske aktivitetar, påverkar ikkje berre næringssirkelen i jorda, men også alle dei andre goda eit sunt jordliv forsyner oss med; slik som jordstruktur, og dermed også transport og lagring av vatn.

Ved tap av biologisk mangfald i jorda får patogena (skadegjerande organismar) fritt spelerom til å etablere seg (Lowenfels et al, 2010, s. 24). Du kan samanlikne med det som skjer i tarmen din etter ein antibiotikakur; når soppen Candida albicans får bløme til skadelege populasjonar fordi antibiotikakuren sette heile mangfaldet av mikroorganismar (tarmfloraen din) i ubalanse (O’Neill, 2017, s. 13-16).
Mangfaldet av mikroorganismar; dei som skulle ha konkurrert med dei skadegjerande organismane (patogena) så deira populasjonar var kontrollerte (Lowenfels et al, s. 24).

Mikroorganismane; dei som utgjer økosystemet i deg som les denne artikkelen.

Som Dr. Raphael Kellman seier: «The microbiome is a miniature ecosystem populated by trillions of microscopic organisms that orchestrate our immune system,influence our mood, help determine the expression of our genes, digest our food, and regulate our metabolism».

Du tek valet indirekte kvar gong du handlar maten din: Ville du ha tilført antibiotika i tarmfloraen din, på ein årleg basis? Vil du handle mat frå produsentar som tilfører antibiotika i maten din, på ein årleg basis?

Jorda i balanse; plantane i balanse; beitedyra i balanse; deg og meg i balanse

NÅR EG SER den nakne monokulturåkeren om hausten, tenker eg på korleis ho hadde sett ut hadde me alle sett oss sjølve som ein del av økosystemet. Om me hadde vore audmjuke nok til å lære av dei som faktisk veit kva dei driv med. Om me hadde spelt på lag med mikroorganismar som meistrar heilskapen.

Hadde me latt mangfaldet få vere ein del av dyrkingssystema våre; då hadde mangfaldet gjort mesteparten av jobben for oss.

Då hadde me vore frigjorte frå dei økologiske og økonomiske kostnadane av kunstgjødsel og gift; me hadde bygga jorda sterk, så ho var trygg i møtet med klimaendringane; jordorganismane hadde vore kjære vennar, for me hadde levd i ein symbiose saman; heile året hadde dei stilt opp for oss, billionar av dei, og me hadde stilt opp for dei, fordi jorda var vår felles heim; me hadde aldri vore einsame, for i ei handfull av vår eigen kompost hadde det vore fleire levande vesen enn det finst menneske på heile jordkloden.

Næringsstoffa trygt lagra i jorda; grunnvatnet reint; glade og mette på næringsstoff i den forma kvar enkelt ynskjer seg og treng; mindre stress for plantane; mindre stress for oss; intakte imunsystem; naturleg førebuing og vern mot sjukdom og skadegjerarar; smaken av rein livskraft i næringstett mat.

Jorda i balanse; plantane i balanse; beitedyra i balanse; deg og meg i balanse

NÅR EG SER restane av eit tapt liv i ein monokultur om hausten, då kan eg velje å tenke på ein marknadshage i Grindal; på mine kjære vennar Sigurd og Elisabeth, som dyrkar over 60 forskjellige sor,tar grønt. Då kan eg kjenne håpet for framtida att. Og vil du kjenne på håpet, du også, kan du lese om marknadshagen i Elisabeth Fagerland sin artikkel: «Skisse til selvforsyning» (Fagerland, 2019). Du finn Ren Mat-artikkelen i kjeldelista.

Løvetann Foto: Maren Ekra Frøhaug
Dei gule blomekorgene ser ut som mangfaldige soler der dei skin i kulturlandskapet. Foto: Maren Ekra Frøhaug

Og skulle eg vere verkeleg uheldig, og kome til å tenke på patogena av vår eigen art; som når Monsanto sig inn i og forureinar sitt nye skalkeskjul … Ja, då kan eg gå opp til jorda og komposten i hagen min; snuse inn dufta av den antidepressive mikroorganismen Mycobacterium vacii, så han får lyse opp nevrotransmitterar i hjernen min og frigjere serotonin. Så kan eg ta av meg skoa, og tenke på at jorda er eit antidepressiva.

Eg har studert mi lærarinne ei stund for å forstå at eg forstår svært lite. Mi lærarinne er svært samansett, og det skal ho få lov til å vere. I min hage skal ho få bera fargane sine. Ho skal få danse i mangfaldet av dei og halde fram med å undervise.

Så Solvendaren får skine med sine mange soler.

Så økosystema får vere i balanse; så meitemarkane får omdanne organisk materiale til kompliserte sambindingar av humus; så mycorrhizasoppane får fred til å halde fram med sine symbiotiskromantiske planterotforhold; så humlene får ete seg friske av mangfaldige blomar; så dei får halde fram med å pollinere vår felles matsikkerheit; så fuglane får spreie jordprotistar med føtene; så dei kan ta med seg meitemark på flygetur og flytte dei til nye område; så beitinga frå beitedyra stimulerer karbonlagringa i jorda og symbiosen mellom plante og mikroorganisme; så me berre drit i jorda når me drit i ho fysisk; så driten forsynar åkerløparane med næring.

Så Solvendaren får skine med sine mange soler.

KILDER
Bragdø, M. (2023). Levende jord, stueplanter og
«hvordan». Henta frå: https://godvar.no/pages/om-lev...
Bragdø, M. (2019, 19. mai). Ugress, lus og compost [Podkast]. Spotify.
Brown, G. (2018). Dirt to Soil: One Family’s Journey into Regenerative Agriculture. Vermont: Chelsea Green Publishing.
Fagerland, E. (2019, 11. april). Skisse til selvforsyning. Ren Mat. https://www.renmat.no/artikler...
Formidable Vegetable (2016). You Are What You Eat. Album: Grow Do It.
Hjelmstad, R. (2021). Medisinplanter i Norge (6. opplag). Oslo: Gyldendal.
Ingham, E., Lewis, W. & Lowenfels, J. (2010). Teaming with Microbes: The Organic Gardener’s Guide to the Soil Food Web. Kina: Timber Press.
Lowenfels, J. (2022). Teaming with Bacteria: The Organic Gardener’s Guide to Endophytic Bacteria and the Rhizophagy Cycle. Timber Press.
Lønning, D. J. (2019). Jordboka: Det fantastiske universet under føtene våre (4. opplag). Forlaget Nyskaping.
O’Neill, B. (2017). Self heal by design: The role of
microorganisms for health (5. utg.). Australia: Bang Printing.
WWF Verdens Naturfond (2023). Honningurt; Phacelia tanacetifolia. https://www.wwf.no/dyreleksiko... honningurt

Flere artikler