Meninger

– Det er ikkje nok å lagre frø i ein fryseboks

Ei nepe førte Merete Furuberg inn i styret i KVANN, ein organisasjon for entusiastiske frøsamlarar. Fire månader seinare er ho styreleiar for alle dei som tek vare på plantearven vår.
Merete furuberg og lur geit

KVANN – Norwegian Seed Savers er det levande frølageret i Noreg, der medlemmene tek vare på hundrevis av sortar gjennom dyrking, frøhausting, poding og aktiv bruk.

I EI BADSTOVE ikkje langt frå Furuberget på Finnskogen fann ein slektning av Merete korn av svedjerug, eit kornslag alle trudde var tapt. Dei spirte! All norsk svedjerug som vert dyrka i dag, snart 50 år seinare, kjem frå desse gamle rugkorna.

– Vi som voks opp i det skogfinske, åt og et framleis noko av den gamle tradisjonsmaten. Oldemor mi på svensk side av Finnskogen skildra korleis svedjing vart forbode, difor vart ein del korn- og grønsaksartar borte, fortel Furuberg. På gymnaset skreiv ho særoppgåve om forfattaren Åsta Holth, som ho kjende godt både gjennom bøker og samtalar. Slik fekk ho høyre om svejdenepa.

Mange trur at KVANN berre driv med dyrking av Vossakvann, ein av dei eldste kulturplantane våre. Men den er berre ein av hundrevis av sortar, som vert tekne vare på gjennom aktiv dyrking av dei kring 850 medlemmene, frå Stavanger til Kirkenes. Facebook-sida «KVANN – Norwegian Seed Savers» har vel 11 600 medlemmer.

Svedjenepa
Svedjenepa, som skogfinnene dyrka, er ein av mange utryddingstruga sortar som KVANN har redda gjennom aktiv dyrking. Foto: KVANN

KLIMAVENLEG og lokal matproduksjon er essensiell med tanke på auka matberedskap og i møte med klimaendringane. KVANN (Kunnskap og Vern Av Nytteplanter i Norge) er ein nasjonal, ideell organisasjon for bevaring av plantemangfald, og samarbeider med tilsvarande frøsamlargrupper over heile verda. Medlemmer over heile landet jobbar både for å ta vare på gamle, norske nytteplantar og prøve ut nye, fleirårige grønsaker og skogshageplantar, særleg i fjellet og i Nord-Norge.

KVANN vart skipa i 2016 med utgangspunkt i dei tidlegare Planteklubbane som vart etablert i 2005, med Åsmund Asdal som prosjektleiar. Han er no dagleg leiar av Frøkvelvet på Svalbard. Stephen Barstow vart den første leiaren i KVANN, og han er framleis ein krumtapp i bevaringsarbeidet. «Den ekstreme salatmannen» har prøvd ut over 4 000 ulike grønsaker i hagen sin i Malvik utanfor Trond-heim, bygd på prinsippet permakultur.

Når ein arbeider frå hjartet, har ein mykje meir energi å hente ut enn om ein heile tida skal tenkje taktisk

JAKTA PÅ SVEDJENEPA sette Merete Furuberg i kontakt med Stephen Barstow hausten 2022, så gjekk det slag i slag slik det alltid har gjort for dama med ein CV lengre enn eit svedjerugaks. Ho var denførste kvinna i verda som tok doktorgrad i driftsteknikk i skogbruket, eit svært mannsdominert felt.

I 30 år har ho kombinert forsking og undervisning ved NMBU på Ås. Ho var med på skipinga av Kvinner i skogbruket, var styremedlem i Glommen Skog SA, no er ho «resirkulert», som ho seier, og sit i styret i Skogselskapet i Hedmark. Furuberg var gruppeleiar for Senterpartiet i Hedmark Fylkeskommune i 12 år og nestleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS), som førte ho til Europarådet i Strasbourg. For bønder er ho mest kjent som leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag gjennom åtte år. Det er ingen grenser for kva verv ho har hatt i tillegg til jobb, to ungar og gard. Korleis har ho fått tid til alt?

– Eg er ei gammal dame, seier 68-åringen tørt. Men alt eg har gjort har vore lystprega, understrekar ho som aldri har tenkt på karriere, men vald opp-gåver som ho brenn for. Når ein arbeider frå hjartet, har ein mykje meir energi å hente ut enn om ein heile tida skal tenkje taktisk. Det har ikkje skorta på karriereråd; «du må dempe meiningane dine for å få den og den rolla», har ho støtt fått høyre. Det kunne ikkje falle ho inn. I staden trimmar ho mykje og stressar lite.

No kan vi vere stolte av bakgrunnen vår, men historia til minoritetar
er full av undertrykking!

– Det hjelper også å overleve kreft to gonger, det utløyser veldig mykje energi, legg ho til. Ein krefto-verlever som får livet tilbake, kastar ikkje bort tida. Ho meiner dessutan at som skogfinne er ho født med låg sjølvtillit.

– No kan vi vere stolte av bakgrunnen vår, men historia til minoritetar er full av undertrykking. Det har gjort meg sjølvkritisk. Dessutan er eg nok miljøskadd frå forskinga, det er difor eg blir så grundig i alt eg gjer.

KVANN ER DELT OPP i ulike laug, til dømes potetlaug, tomatlaug, kållaug og bærlaug. Dei arrangerer ei rekke kurs og formidlar frø, podekvistar og potetknollar til medlemmene. Det vert også lagt til rette for at dei kan dele og byte seg i mellom, og det gjer dei til gangs.

På leiting etter svedjenepa fann Merete Furuberg også KVANN. Ho kjente att namnet frå jordbruks-forhandlingane og potten for genressurstiltak. No gler ho seg til å dyrke svedjenepe saman med andre på Finnskogen att. Barstow klarte å få tak i nokre frø på den svenske sida av Finnskogen i fjor.

– Eg ville lære meir om bevaring gjennom bruk, og det er hovudgrunnen til at eg gjekk inn i styret. Med bakgrunnen min frå skognæringa veit eg at det ikkje er nok å lagre frø i ein fryseboks. Gjennom eit langt organisasjonsliv har eg opplevd motstanden mot å bruke pengar på genressurstiltak, vi har frøkvelvet og det er liksom nok.

Ho brenn for å få arbeidet til KVANN opp og ut, og auke forståinga for kor viktig bevaring gjennom levande dyrking år etter år er. Naturvern og kli-maproblematikk ligg hjartet hennar nær.

– «Laug» er eit herleg ord! No har eg vorte medlem i kållauget, der svedjenepa høyrer heime.

Flere artikler