Meninger

Alle med, all mat ned?

Einsidig tenking har mykje av skulda for det som har blitt eit enormt ressurssløseri langs verdikjeda for mat. Mangfald av folk og tenkjemåtar inn i denne verdikjeda kan kanskje hjelpe oss ut av uføret, skriv Margit Fausko.
Margit Fausko foto Morgan Carlsen

«ET DU IKKJE STILKANE og blada til graskaret?» Dette spørsmålet fekk den ferske marknadshagebonden Thomas Cottis i sommar av sine nyinnfløtte naboar frå Kongo, som vidare hadde illustrert for han korleis dei tynner og nytter stilkar og blad til kalde og varme rettar, til dømes suppe. Thomas, som til vanleg også underviser i agronomi ved Blæstad, fortalde om denne hendinga då eg var på Løten for å lære om marknadshagen hans i sommar, og at det dessutan gir agronomisk meining at graskara blir større og sterkare av slik tynning.

Kongo–Norge: 1–0! Et heile planta! Eg, som frå eit miljøperspektiv har forkynna om å ete heile dyret og snåle grønsaker i ei årrekkje, måtte ta av meg hatten. På ei reise seinare om sommaren skulle eg lære at tynning og suppekoking av raudbetar, med blad og det heile, er ein velsmakande slager i Polen. Tru kor mykje etande matskattar som ligg att på jordene, fordi dei er gløymt, fordi dei ikkje passar inn i systemet vårt her i Norge?

Stilk og blad frå graskar og beter er også døme på temaet eg skreiv ein heil rapport om i fjor – underutnytta matressursar frå norsk jordbruk. Her kartla eg, i samarbeid med andre, etande mat som ikkje blir ete, og som heller ikkje er definert som mat-svinn – og difor ikkje er omfatta av det nasjonale matsvinnarbeidet. Hovudfunnet var som venta: det finst enorme mengder etande mat som aldri eingong slepp inn i matindustrien eller butikken.

Det finst enorme mengder etande mat som aldri eingong slepp inn i matindustrien eller butikken.

RESSURSANE er i stor grad biprodukt. Kring 14 000 grønsaker blir pløgd ned og meir enn dette gitt som dyrefôr, fordi dei har feil fasong eller fordi leveringsavtalene til kjedene er usikre. 17 000 tonn bryggerimask og 1600 tonn pressrest av bær og frukt blir stort sett brukt til dyrefôr eller kompost, heller enn som sunne matingrediensar. 3 millionar høner og 30 000 geitekillingar blir destruerte, fordi verdikjeda for mat ikkje finn lønsemd i dei. Rundt 70 000 tonn etande innmat og 100 000 tonn bein og margbein blir fôr for kjæledyr og pelsdyr i inn- og utland, noko går til kylling- og svinefôrproduksjon, noko til gjødsel og resten til destruksjon og energiproduksjon. Råvarene passar ikkje til standardane, handsaminga tek for lang tid.

Rapporten problematiserer også bruken av korn. Alt norsk korn er i utgangspunktet etande for menneske. 85 % går til husdyrfôr. Bygg og havre utgjer dei største voluma, og kan og bør etast meir direkte. Mest hårreisande er likevel kveite. Med bakeeigenskapar langt over kva ein kunne drøymt om for nokre tiår sidan, blir norsk kveite omdefinert til dyrefôr og erstatta med kveite importert frå ei verd i svoltkrise, fordi kornet ikkje hever raskt nok for den stadig meir sentraliserte bakeindustrien, som skal bake 40 000 brød på tre timar. Berre sidan 2014 har minstekravet på protein i kornet auka frå 10 % til 12 %, og >13,5 % gir no best betaling. Krava er sterkt kunstgjødseldrivande. Samansettinga av ulike kornklasser må dessutan stemme eksakt, koste den importen det koste vil. Slik blir mjølet tilpassa bakemaskinene.

Norsk kveite omdefinert til dyrefôr og erstatta med kveite importert frå ei verd i svoltkrise.

NOKON TENAR store pengar på å fortelje oss at det ikkje finst lønsemd i å bruke dei underutnytta matressursane. At norsk kveite må blandast med importkveite for å vere god nok, og overhovudet ikkje er eigna for pasta. Det er sant – om me aksep-terer deira logikk.

Min gofa var bonde av ein eldre tradisjon, og aksepterte ikkje at min far meinte det var irrasjonelt å bruke ein dag på å hauste slåttekantane med ljå. Logikken han levde etter handla om god nytting av ressursane, med større bruk av arbeidsinnsats og låg bruk av innsatsmiddel. Kongolesarane på Løten verker til å dele denne logikken. Det same gjer samane, med sin gjennomførte måte å bruke heile reinsdyret på – ikkje ulikt andre urfolk i verda. I dagens Oslo er det også påfallande at plassane som omset mest innmat og flest snåle grønsaker er halal-slaktarar og uavhengige daglegvarebutikkar, ofte kalla «innvandrarbutikkar», som tek inn heile dyr og heile parti grønsaker. Frå folk som nyleg har fløtt til landet har eg høyrd utsegn som «eg skulle gjerne kjøpt innmat, slik at eg kan lage mat frå det italienske kjøkkenet», og «får de ikkje mangelsjukdommar i Noreg, her som det er så lite innmat tilgjengeleg»?

Eg heier på at eit større kulturelt mangfald skal ta del i og forme det norske matsystemet.

Situasjonen er ikkje håplaus for dei av oss som er unge og høyrer til den etnisk norske majoriteten, heller. Stadig fleire av oss har ikkje minst viljen til å handle og ete mat ut i frå tanken om heilskap og klok ressursbruk. Og mange er gode på dette. Men det er ein kjennsgjerning at stadig færre av oss har fått inn ressurslogikken med morsmjølka.

EG HEIER PÅ at eit større kulturelt mangfald skal ta del i og forme det norske matsystemet. Dei eldste bør få lage mat med barna. Og når urbant landbruk veks fram i ei rekkje byar og blir tala om som eit godt tiltak for integrering, tenkjer eg at det minst like mykje er eit godt tiltak for at me etnisk norske nordmenn kan utvide perspektiva våre om produksjon, foredling og tillaging av mat. Kanskje, til og med, er det frå innvandrarar me kan hente attende noko av kunnskapen som mange av våre besteforeldre alt har teke med seg i grava.

Flere artikler