Sellanra foto Mikal Tessem Larsen
Råvarer

Sjølvberging med Sellanrå Gardskollektiv

I denne spalta får du bli kjend med Sellanrå Gardskollektiv, og fylje årstidene saman med oss på vegen mot å bli sjølvberga. Me er fire utdanna øko-agronomar i tjueåra som alle brenn for eit beredyktig og rettferdig landbruk. Våren 2021 gjor me det som for mange blei med draumen, me flytta til eit nedlagt småbruk for å dyrke jorda i fellesskap.

Saman har me ein visjon om at garden vår skal drivast økologisk og regenerativt, samstundes som me nyttar permakultur aktivt i drifta. Med spade og greip vil me skape ein stad som er oppbyggande for både folk og jord, nett fordi jordhelse og gode sosiale relasjonar går hand i hand. Målet er å bli so sjølvberga og autonome som mogleg, og det skal dykk få vera med på gjennom denne spalta.

Å FLYTTE til ei framand øy for å starte opp eit gardskollektiv er ikkje noko du berre vaknar opp og gjer ein dag. Vegen som førte oss hit har ikkje alltid vore sjølvsagt, men mykje var nok gjort då me alle bestemte oss for å studere økologisk landbruk. Me har saman med mange i vår generasjon kjent på makteslausheit, sinne, sorg og frykt i møte med klima- og naturkrisa. Ein kan bli brote ned av langt mindre. Heldigvis for oss har desse kjenslene blitt bensin på bålet for å gjere ein forskjell. For me har i all beskjedenheit trua på at me skal vere med på å endra måten me tenkjer jordbruk og levemåte på. På Sellanrå vil me dele kunnskap og inspirere til å ha det gøy med å tenkje utanfor boksen, og ikkje minst vil me at folk skal oppleve kor sjukt feitt det er å gjere ting sjølv! Me ønskjer å vise at ein kan leve rikare og friare liv med mindre forbruk. For i kvart eit spadetak er det politisk motmakt.

I kvart eit spadetak er det politisk motmakt.

SELLANRÅ LIGG fint til mellom skog og hav i den litle grenda Arnavik. Med tanke på sjølvberging er me heldige med landskapet i kring oss. Med romsdalsfæringen ror me ut på fjorden og fiskar når vinden frå vest tek ei velfortent pause. Salting, speking, røyking og raking. Fisken foredlar me på alle tenkelege måtar. I fjøresteinane sankar me tang og tare både til mat, jorddekke i hagen og som ekstra næring til komposten. I dei djupe skogane bak nova bognar det av ville vekstar, sopp og bær som me sankar nesten heile året rundt. Med alt me haustar frå naturen i kring oss og avlinga frå eigen hage, seier det seg sjølv at mykje av dagane går med til foredling av råvarer. Kjellaren fyllast opp med nærmast eksplosive fermentasjonar og ville brygg av alle slag, medan hjortelår og ribber prydar veggar og tak.

NÅR EIN skal leva godt er det fleire handverk som er bra å kunne. Middagen skal gjerne fortærast i behagelege omgjevnader. Eg har òg sterk tru på eigarskap til eige arbeid, og at gjenstanden slik verdsetjast meir og vert teke vare på. Garving, spinning, dreiing, tjærekoking og lafting, ein vil kunne litt om alt. Dette er handverk som har blitt gløymd i åra med auka konsum, og dei fortener å bli børsta støv av. Det er jamvel klart at det krev fleire år med erfaring før desse kunstane sit godt i hendene, så ekspertar kan me ikkje kalla oss. Me prøvar nye ting, har det gøy og lærer masse undervegs. Og det me kan deler me gjerne med dykk. Saman skal me drive aktivisme med jord under naglane, og du er invitert til å vere med!

Ekspertar kan me ikkje kalla oss. Me prøvar nye ting, har det gøy og lærer masse undervegs.

Å TØRKE STØV AV SKINNFELLEN

SLAKTETIDA BYR på alvor og vemod for gardbrukaren. Jamvel er det òg ei tid for å vera kreativ i korleis ein kan nytta alle ressursane. Av respekt for dyret som måtte bøta med livet, nyttar me på Sellanrå alt frå hjerne og testiklar til skinn og ull.

Skinngarving er eit handverk som tek vare på skinnet, og som gjer det anvendeleg. Garving som handverk og skinnet som ressurs har lenge stått i skuggen av eit auka konsum av billige plastprodukt. Skinnfellen fortener å bli børsta støv av. Då meiner eg ikkje den masseproduserte skinnfellen du får kjøpt på Ikea framstilt med bruk av giftige kjemikaliar, men det ekte, berekraftige og stolte handverket som garving faktisk er. Her får du difor ei enkel oppskrift på korleis du kan garve skinn heilt sjølv!

Alle dyreskinn kan garvast. Venar av meg har garva påkøyrde grevlingar med godt resultat, og eg kjenner folk som har garva fiskeskinn med urin. Ein annan populær variant er den tradisjonelle pengepungen av garva vêrpung. Det finns mange måtar å garve på, til dømes feittgarving, alungarving, barkegarving, hirsegarving, og som nemnt ovanfor kan også urin nyttast. Feittgarving er den eldste teknikken, og gjev eit skinn som toler vatn og dimed passar til utandørs bruk. Ein kan nytte ei rekke matoljer som til dømes oliven-, raps- eller solsikkeolje, og dersom ein vil gjera det på ekte sjølvbergarvis kan ein bruke fiskeolje frå forderva fiskelever. Her på bruket nyttar me hjernen til det slakta dyret, då den inneheld mykje feitt og ikkje kan brukast til so mykje anna.

Her på bruket nyttar me hjernen til det slakta dyret, då den inneheld mykje feitt og ikkje kan brukast til so mykje anna.

Til alle typar garving treng du ei god skinnskrape, ei bryne og grovsalt. Skinnet får du lett tak i ved å kontakte ein lokal sauebonde før slakting, eller eit jaktlag i nærleiken om du ønskjer eit viltskinn. Her tek eg utgangspunkt i saueskinn. Med ein gong du har fått råmaterialet i hus må du leggja det i salt. Strø 2-4 kg salt over heile kjøtsida, og brett det saman. Det er viktig å vere nøyen med saltinga så skinnet ikkje rotnar. Fellen skal få ligge slik i ti dagar eller lenger før du fortsett prosessen. Når dagane har gått og saltet har gjort jobben sin, kan du skrape skinnet reint for feittrestar. Då heng du skinnet over ein brei stolrygg eller eit gelender, slik at skinnet heng på plass medan du skrapar. Ha gjerne bryna og ei skål vatn lett tilgjengeleg, og nytt bryna ofte. Pass på at kantane på skrapa ikkje er for kvasse, då det går fort hol i skinnet. Om det vert hol er det inga krise, det kan syast i hop seinare. Begynn øvst i eit hjørne, og arbeid deg nedover. Prøv å få lange drag med skrapa, og ikkje vær redd for å bruke litt kraft. Når skinnet er reina heilt for feitt kan du velje kva garvemetode du vil gå for.

Til alle typar garving treng du ei god skinnskrape, ei bryne og grovsalt.

Sidan alungarving kanskje er den enklaste metoden, er det den eg vel å gå gjennom her. Det gjev eit mjukt og lyst resultat, men passar best til innandørsbruk då det ikkje toler vatn. Alun høyrast kanskje ukjend ut, men det er eit heilt naturleg mineral som du får kjøpt på apoteket.

ALUNGARVING

  • Vask skinnet med grønsåpe eller øko ullvaskemiddel. Temperaturen på vatnet skal være under 30 grader. Hugs at ull tovast lett, så ikkje vær for hardfør.
  • Vri lett på skinnet for å få ut vatn. Plukk ut synleg rusk, ulla røyter lett av når skinnet er vått, så vent med børsting til skinnet er tørt att.
  • No er det klart til å påføre alundeigen. Bland 5 ss alun, 2,5 ss salt, 5 dl vatn og nok kveitemjøl til at det får tekstur som ei brøddeig. Dekk heile skinnsida med deigen, og pass på at det ikkje er luftbobler melom skinnet og deiga.
  • Brett skinnet saman og legg vekt over det, la det so ligga i om lag 5 dagar. Vend skinnet etter 2 dagar. Det er ferdig garva når skinnsida er kvit og fast, og då kan du skrape av deigen.
  • No skal skinnet mjukgjerast medan det tørkar i romtemperatur. Det gjer du ved å strekke og gni det, gjerne over ein bordkant eller liknande. Begynn i ein ende og arbeid deg innover. Det er særleg viktig at skinnet vert mjukt nok rundt kanten. Det er fint å la det tørke på stua og arbeide med det medan du til dømes høyrer ein god podcast. Det er ideelt å bruke ein halvtime kvar gong, og at det får kvile i nokre timar i mellom.
  • Heilt til slutt kan du pusse skinnet med sandpapir for å få det enno mjukare, og du kan kjemma ulla med ei børste.

Du har no ditt eige sjølvgarva skinn!

FOR OSS I Sellanrå gardskollektiv er sjølvberging ein måte å ta eigarskap over eige liv på. Når me garvar eit skinn, er ikkje målet åleine å få ein varm fell til vinteren. Det handlar like mykje om respekt for dyret og audmjukheit for det me tek frå naturen. Det er ei lausriving frå forbrukarkulturen og eit politisk standpunkt. Vi gleder oss til å dele meir om sjølvberging med dykk framover!

MARLIN NAKKEN KJELSVIK (f.1995) Er utdanna øko-agronom og har ei brennande interesse for eit framtidsretta landbruk. I dag er ho meddrivar av Sellanrå Gardskollektiv som starta opp på Halsnøy på utsida av Hardangerfjorden våren 2021. Garden rettar særleg fokus på sjølvforsyning, naturkunnskap og formidling. Følg dei gjerne på Instagram under @sellanraagardskollektiv.

Flere artikler