BITTERHEIT ER OFTE noko me prøvar å koste under teppet hjå oss sjølve, men denne planta blir hylla nettopp for denne særskilde eigenskapen. Å nytte humle i øl er sannsynleg noko som har komme frå Aust-Europa, og som sidan har spreidd seg utover kontinentet. Humlen er med på å konservere ølet, og aukar dimed haldbarheita til den folkelege drikken. Mykje humle i brygget saman med ein forhøgja alkoholprosent, er det som seiast å vere opphavet til øltypar som til dømes India Pale Ale. For å frakte øl frå Europa til India måtte brygget tole variasjon i temperatur, og ikkje minst måtte det tole tida det tok frå brygging til at den bitre drikken skvulpa i magen på ein koloniherre i landet i aust.
HUMLE VEKS VILT i Noreg heilt opp til Bindal og Velfjord i Nordland. Om villstyringen høyrde til i skogane våre først, eller om ho er forvilla frå kultivering, veit me ikkje. Ettersom planta kan sporast tilbake til Kina og Amerika, er ein av teoriane at planta vart teken med av finsk-urgiske eller slaviske stammar under folkevandringstida i tidleg mellomalder. Det me veit er at me byrja å dyrke humle allereie på 1100-talet, og skal me tolke Frostatingslova fekk planta fort høg status i kulturen. Frå 1400- til 1700-talet var gardbrukarar lovpålagde å dyrke humle heilt opp til Nord-Trøndelag, noko som sette fart på dyrkinga i sør. Det nemnast også i lova at det venta alvorlege konsekvensar for den som stal frå annan manns humlegard.
I FOLKEMEDISINEN har humlen regjert minst like lenge som han har vore dyrka her til lands, blant anna med ry på seg til å behandle søvnløyse. Urta vart sydd inn i putevaret, og slik ville den sterke lukta av planta ha ein søvndyssande effekt på kvar ein med lakenskrekk eller uro i sinnet. Hoblomar av humla vart også lagt i likkistene for å sikre den døde «evig søvn», heilt frem til førre århundre. Humleøl vart brukt utvortes på hovne bein, humlekongler vart lagt i vatn og drukke mot hoste, humlesaft mot øresus, avkok mot innvollsorm, og beskyttelse mot skrømt, lista er lang over kva denne anvendelege urta kunne nyttast til før i tida. I selskap med lin og hamp har også humlestengelen blitt brukt til tekstilar og reip. Sidan den fleirårige urta visnar ned kvar haust, kunne stengelen haustast samstundes med konglene. Fiber av humle skal ha vore grovt og sterkt, og det var dimed godt å bruke til striesekkar og tau.
I KRIG OG NAUD får gamle kunnskapar nytt liv. I Jens Holmboe si bok Gratis mat av ville planter frå 1941 drar han opp frå gløymsla ei dansk oppskrift på stuet humle frå 1785. Han fortel at humlen skal plukkast når den er ein litlefinger lang, kokast, og blansjerast med smør, fløte og salt. Eit herremåltid av villnis for ein familie i krigstid, skulle ein tru.
INNAN ME BYRJA å nytte humle til ølbrygging her til lands var det vanleg å bruke ulike ville urter, som til dømes ryllik, til å krydre ølet med. Rylliken var rekna som ein favoritt blant mange, og fekk difor tilnamnet «ølkongen». Det var stor variasjon i kva eit øl kunne innehalde heilt frem til 1857, då reinheitslova kom. Denne regelen innebar at det vart forbode å selje øl som inneheldt anna enn dei fire ingrediensane vatn, malt, humle og gjær. Det var ikkje før i 1994 at reinheitslova vart avskaffa for godt, og i dag er det igjen berre fantasien som set grenser for kva du kan finne av øl i polhyllene.
EIT HOPETAL av mikrobryggeri har opna på denne sida av tusenårsskiftet, og me kan vel seie at ølbrygging har fått ein renessanse. Med dette har også norske råvarer i øl fått ein auka etterspurnad, deriblant norsk humle. Tradisjon og historie står sterkt i norsk ølbrygging, og med det i tankane ligg mykje til rette for at ein fremover skal kunne få fatt på eit heilnorskt øl med smak av bitter, lokal humulus lupulus.
Kilder:
Hjelmstad, Rolf. Medisinplanter i Norge, Arnika.no
Lohrbach, Maria. Det store norske leksikon. Humle (plante)
Thomsen, Mette. Nå kan du dyrke norsk humle til ølet ditt. Nibio.no
Solbraa-Bay, Juliane. Gratis mat av ville planter. Nasjonalbiblioteket. Nb.no