Meninger

Å bera børa i lag

Ein skal ikkje undervurdere utopien; draumen om utopien kan flytta både fjell og haldningane til eit heilt samfunn. Kollektiv levemåte er framtida, skriv Marlin Nakken Kjelsvik når ho reflekterer kring to år på Sellanrå gardskollektiv. Samstundes delar ho sine erfaringar og råd til andre som ønskjer å prøve denne levemåten.
1

Å leve i fellesskap er noko me har lang tradisjon for også i Noreg. Me menneske er jo trass alt flokkdyr, og har hatt ein tendens til nettopp å leve saman med fleire. Berre for hundre år sidan var det vanleg å bu i generasjonsbolig, klyngetun og tett knytte lokalsamfunn. Medan samfunnet me lever i har blitt meir individfokusert og konkurranseprega har det blitt som ei uskriven sanning at me alle må syte for vår eiga lykke på kvar vår tue. Samstundes er einsemd eit bratt aukande problem, og trenden seier vel neppe at me har blitt meir lukkelege til meir isolerte me har blitt.

ETTER TO ÅR med mykje moro, læring og arbeid her på Sellanrå har me seld garden og gitt stafettpinnen vidare til ein ny gjeng kollektivistar som skal drive Sellanrå Gardskollektiv vidare. Grunnane til denne avgjerda er fleire, men mest handlar det om at me ønskjer å komme tettare på familie og venar i tillegg til at me vil bli meir økonomisk fristilte. Me vil finna eit nytt stykke jord som dekkjer fleire av våre behov, og ta med oss den kollektive livsstilen dit hen. Som dei fleste andre har me kjend på trongare tider økonomisk, og det sit langt inne å skulle dra på seg meir lån. På ein gamal vestlandsgard som denne er det klart at det er ein del bygningsmasse som treng investeringar og vedlikehald, noko me ikkje har midlar til. Då er det betre at garden vert teke hand om av nokon som har moglegheit til å halde den ved like. Vårt mål no er å finne noko som er tilnærma gjeldsfritt og heller bu enklare i små bueiningar, for å ha fridommen til å leve enno meir i tråd med sjølvbergingslivsstilen. Me er veldig glade for dei to åra me har hatt på Halsnøy, og ser fram til fortsettinga med eit nytt kapittel ein annan stad. Ikkje minst gler me oss over at Sellanrå Gardskollektiv skal fortsette med nye eigarar. For å bruke deira eigne ord er dei nye eigarane eit «internasjonalt kollektiv som vil forske på korleis dei kan leve meir beredyktig i fellesskap, og vere rusta for å møte dei kommande klimaendringane. Dei vil skape ein levande, kunstnarisk og oppbyggande stad der venar og familie kan kome saman.»

Par på gardskollektivet
I tillegg til å drive garden i fellesskap har me hatt mange frivillige og venar til hjelp.

Det er viktig for oss at dette vert sett som ein siger heller enn at det vert sett som eit tap, for eigentleg betyr dette berre at me har fått enno eit gardskollektiv å ønskje velkomen her i Noreg! Håpet er at den kollektive levemåten er noko me vil sjå mykje meir av framover, kanskje vil det også bli heilt naudsynt i møtet med dei utfordringane me står ovanfor med klimaendringar, naturtap og auka sosiale skilnadar.

Å finna eit gardsbruk når du er ung og blakk er nærmast berre ein utopisk draum, og for mange blir det nettopp berre med den draumen.

Å FINNA EIT GARDSBRUK når du er ung og blakk er nærmast berre ein utopisk draum, og for mange blir det nettopp berre med den draumen. Dei fleste unge har ikkje rukke å spara opp hundretusenvis i eigenkapital, og mange har heller ikkje eit fast arbeid som kan gje lån i banken. Derimot er denne draumen langt nærmare realisering om ein slår seg i hop med fleire som også vil dyrke jorda. Med gode avtalar og kontraktar kan det bli ei kjempegod løysing som vert både billigare og hyggelegare. Ein er heller ikkje nøydd å finne eit tradisjonelt gardsbruk for å oppfylle jordbruksdraumen. Så lenge du har nok jord kan det like gjerne vere ei lita hytte eller to som står på eigendommen, eller ein nedlagt campingplass. Om ein ikkje er materielt kravstor har ein mange moglegheiter.

FOR BØNDER SOM STÅR åleine er arbeidsmengda så stor at mange blir sjuke av å leve slik over lengre tid. Dei som tar på seg å drive gard åleine er ikkje mindre enn superheltar. For oss vanlege dødelege er det ein stor fordel å fordele arbeidsoppgåvene på fleire hender, då ein får gjort mykje meir utan å møte veggen. Når ein er fleire gjev det også større moglegheit til å drive garden på ein berekraftig måte, med handreiskapar og omsynsfulle metodar som vanlegvis tar lengre tid enn eit effektivisert og maskinelt jordbruk. Å vere sjølvberga handlar ikkje om å berge seg sjølv, men om å ha ein stor rikdom av ressursar saman med fleire. I ei gruppe har ein gjerne eit stort mangfald i både kunnskap, erfaringar, arbeidskapasitet, reiskapar og andre ressursar. Om alle kan bidra med litt, vert det meir enn nok til alle. Med fire fastbuande her på Sellanrå var det fortsett for mykje arbeid per hovud, så om me ikkje skulle flytte ville me fått inn fleire kollektivistar på sikt. Ei fornuftig arbeidsmengde og nok fritid er sosial og helsemessig berekraft i praksis.

En rekke støvler utenfor gårds døra
Å ta gode pausar saman mellom slaga er viktig.

Å drive denne garden kollektivt har vore eit stort sosialt eksperiment. Mykje av kjernen i prosjektet har vore å finne ut korleis ein kan skape eit miniatyrsamfunn kor me klarer å bu og arbeide i lag på ein måte som er oppbyggande for både folk og natur. For vår del har det vore viktig å nytte gode verktøy som ikkje-valdeleg kommunikasjon og ein sosiokratisk møtestruktur. Om ein har gode rammer rundt diskusjonen vert det lettare å finne løysingar som fungerer for alle. Det finst ingen fasit på korleis eit slikt miniatyrsamfunn skal fungere, så ein må berre prøve det ut. Med ein del lærdom og erfaring etter to år på Sellanrå vil me gjerne dele nokre tankar, kanskje kan det vere til hjelp for ein blivande kollektivist.

Det finst ingen fasit på korleis eit slikt miniatyrsamfunn skal fungere, så ein må berre prøve det ut.

Nokre ting du lærer når du startar opp eit gardskollektiv i 20-åra:

  • Sjølv om du har lest Stein Jarving si bok Et Grønnere Liv til punkt og prikke vil du framleis gjere bortimot alle feila han åtvarar deg om. (Et Grønnere Liv er ei bok frå syttitalet om korleis starte gardskollektiv).
  • Bruk god tid på å finne den rette staden som gjev ei god kjensle av å vere heime. Kom fram til nokre punkt som er viktige for dykk, og ta valet utifrå om plassen oppfyller desse punkta.
  • Ikkje start med for høge mål. Bruk tid på å bli kjend med staden og området. Landskapet i kring veit ofte best kva som er fornuftig å gjere av tiltak, difor er det lurt å bli kjend med været, vindretninga, jordsmonnet, solforholda, vassdraga, fuglelivet, rovdyra og biotopen i si heilheit før ein gjer noko som helst anna.
  • Flat struktur er viktig ikkje berre i teorien, men også i praksis. Det må vere lav terskel for å snakke om skjulte maktskeivheiter.
  • Når de ein sjeldan gong kan kome dykk bort frå garden må de rekne med å bli møtt med stor undring over korleis det er mogleg å leve slik de gjer. Oftast med begeistring, men også med vitsar om fleirkoneri og lange anekdotar frå eldre menn/sjølvutnemnde ekspertar om kvifor dette aldri vil gå bra.
  • Prioriteringar. Det er veldig lettande om ein kan skyve bort det uviktige og fokusere på ein ting av gongen.
  • Å ta dykk ein fridag om sommaren kor de berre badar og drikk pils utan å ha 140 i puls av tanken på alt de eigentleg skulle gjort. Det er ALLTID noko de skulle gjort, og det er viktig for fellesskapet å ha det gøy saman òg.
  • Ting tar lengre tid enn de trur.
I åkeren på gardskollektivet
Hesjinga er typisk ei oppgåve kor det lønner seg å vere fleire!
  • Ein skal vere ein god blånisse som lånar og gir noko tilbake. Altså ikkje låne ei sag og gi tilbake stand som det var.
  • Det er små nyansar i kva som er berekraftig, både sosialt og på garden elles. Alt frå balanse mellom fellesskap og aleinetid, til balansen mellom karbon og nitrogen i komposten.
  • Klar kommunikasjon har alt å seie. Ver tydeleg på kva forventningar de har til ein prosess, og lytt til kva behov og forventningar alle andre har. Det er viktig at de er samde om kva retning de skal gå i og at alle arbeider for det same målet, sjølv om metodane kan vere ulike.
Alt frå balanse mellom fellesskap og aleinetid, til balansen mellom karbon og nitrogen i komposten.
  • Øv på kommunikasjonsverktøy som ikkje-valdeleg kommunikasjon, bruk det når ein situasjon dukkar opp sjølv om det kan vere vanskeleg.
  • Ikkje ver redd for konflikt. Konfliktar som handterast godt er oppbyggande for relasjonen og for fellesskapet. Om de tar opp det vanskelege med ein gong unngår de at det vert enno større og enno vanskelegare.
  • Ha møter kvar veke, og skriv møtereferat. Dette heng saman med dei førre punkta, og er sjølve kjernen i eit fungerande kollektiv. Møtet er ein plattform for å kunne ta opp alt frå små detaljar i noko som må gjerast til store vanskelege tema.
  • Vel dine kampar. Du vil ikkje få det slik du vil heile tida, så spar usemjene til det faktisk er noko som er viktig for deg.
  • Alle må ta ansvar for sine eigne behov! Om kropp og hovud treng ei pause er det berre ein sjølv som kan gjere noko med det. At alle lyttar til eigen kropp og eige sinn er viktig i kollektiv forstand òg, då ein ofte vert meir omgjengeleg om ein er raus med seg sjølv.
  • Sjølv den mest idealistiske sosialist og kollektivist vil møte seg sjølv i døra den dagen ein gøymer ting ein ikkje vil dele med andre.
  • Planlegg ting i god tid. Det positive med god planlegging er at ein kan få vårkjensla allereie i januar når ein skal fundere på kva som skal dyrkast til våren.
  • Ting vert aldri heilt som planlagt, så gje rom for endringar.
  • Noko av det viktigaste me har lært er at det i ein kollektiv livsstil er viktigare enn nokon gong å gje plass til individet, eigarskap over eige arbeid og personleg eigendom.
Arbeid på gården
Noko av det viktigaste me har lært er at det i ein kollektiv livsstil er viktigare enn nokon gong å gje plass til individet, eigarskap over eige arbeid og personleg eigendom.
  • Som ei fortsetting etter førre punkt er det smart å ha kvar sine bueiningar. Det er viktig å ha ein stad å trekkje seg tilbake til som du kan kalle din eigen. Anten ein vil bygge seg ei lita hytte i skogen, eit minihus eller få inn ei campingvogn. Me starta med å bu alle saman i våningshuset, det vart litt trongt etter kvart, så då flytta nokon av oss ut i campingvogn, medan nokon satt opp ein tipi for å ha eit eige lite krypinn.
  • Det er få ting som slår kjensla av å bli ferdig med ei stor arbeidsoppgåve i fellesskap, for so å sette seg i solveggen med eit heimebrygg og kjenne på stoltheita av å ha fått det til.
  • Tida me lever i krev at me tenkjer annleis om korleis me bur, arbeider og skaffar oss mat. Gje oss jord å dyrke, og me kan mette oss sjølve og dei me kjenner samstundes som me bygg opp og legg til rette for naturen i kring oss. Ikkje berre vil det frigjere oss økonomisk og vere positivt for klima og miljø, men det vil også bygge opp lokalsamfunna og forebygge einsemd. Ein skal ikkje undervurdera utopien; draumen om utopien kan flytta både fjell og haldningane til eit heilt samfunn. Kollektiv levemåte er framtida.
  • Ettersom me no har flytta og ting vert annleis ei stund, er dette mitt siste bidrag til spalta Sjølvberging med Sellanrå Gardskollektiv. Det er nok ikkje siste gongen de ser noko av meg, men no skal eg ta meg ein ferie. Takk for at de har fylgt med på reisa vår so langt!

Flere artikler