Meninger

Eit godt liv i fjørdrakt

Det er opp til fleire som arbeider i kulissane for å oppretthalde økosystemet her på Sellanrå. Nokon som både ryddar, gjødslar og skapar liv på tunet er fjørfea våre. Høns og ender går fritt ikring, og gjer stort sett som dei sjølv vil. For oss handlar dyrevelferd om at dyra skal få leve så naturleg og så godt som mogleg, og det etterstrevar me kvar dag.
Mikal Tessem Larsen Hane

DET ER INGEN hemmelegheit at fjørfeindustrien har eit stort forbetringspotensiale når det kjem til dyrevelferd. Me er mange som har grøssa over bilete av raskt veksande kyllingar som er for skjøre til å halde seg på beina, og bilete av alt for mange «frittgåande» høns stua inne på små område. Ikkje minst det faktum at me har tusenvis av kraftfôr-etande dyr inne i store hallar, som vert gassa og kassert etter eit kort liv med egglegging. Det er jo klart stor forskjell på å ha ti eller titusen høns, men det rettferdiggjer likevel ikkje korleis systemet legitimerer slik behandling av dyr og sløsing med ressursar. Som sjølvbergarar er det klart me vil fikse fjørfehald sjølv på ein måte me kan stå innanfor, slik at me kan ete både egg og kjøt med god samvit.

Fjørfe er nok det mest naturlege å byrje med om du har lyst på husdyr og er så heldig at du har plass til det. Om du skal ha hane får du vurdere ut i frå kor greie naboar du har. Høns og ender går godt i lag, så det kan absolutt kombinerast. Det einaste du må tenkje på er at om du fôrar dei saman må du sjå til at hønene får nok fôr, då endene er ganske glupske når det kjem til mat. Både med høns og ender er det ein fordel å velje sunne rasar som passar til dine klimatiske forhold, og gjerne rasar som har instinkta på plass. Om det er rovdyr i området må du sjølvsagt ha dette i baktankane når det kjem til rutinar morgon og kveld. Elles er både høns og ender veldig enkle dyr å ha, men nokon ting må jamvel på plass for å gje dei gode liv.

Høner i gresset
Me har to ulike hønseflokkar med to hanar som går ilag. Det gikk overaskande fint å introdusere den nye gjengen, og me har ikkje hatt noko problem med hakking. Noko av grunnen til det er nok at dei har god plass å boltre seg på.

HØNS
For at hønene dine skal ha det bra treng dei eit tørt hus å opphalde seg i på natta og dei dagane vêret er dårleg. Det finst mange kreative løysingar på hønsehus, og mange av dei finn du på nett. Me bygde vårt hønsehus av materiale som låg att på garden frå førre eigar, eit enkelt uisolert hus med rugekasser. Om du har kalde vintrar der du bur bør du isolere hønehuset, og

Både med høns og ender er det ein fordel å velje sunne rasar som passar til dine klimatiske forhold.

gjerne også trå til med nokre varmekjelder. Her hadde me to veker med minusgrader i fjor vinter, då etterisolerte me med ull og la tjukke lag med høy og ull i huset. Vår erfaring var at dette fungerte og at hønene treivst godt med desse tiltaka. Når du leitar etter informasjon om dette på nett vil det vere mange motstridande meiningar om kva som er best, men det beste er nok å bruke sunn fornuft og sjå til korleis hønene dine har det.

Høner er aktive om dagen, og vil gå inn for å sove på vaglepinnen når det vert mørkt. Det vil seie at ein treng eit lys i hønsehuset om vinteren dersom dei ikkje skal vere inaktive det meste av døgnet. Høns treng om lag tolv timar lys for å få i seg nok mat og drikke, særleg om dei skal legge egg. Når det kjem til egglegging så har hønene godt av å ta ei pause frå dette eit par månadar i året. Denne pausen tar dei som regel naturleg når dei myter om hausten, altså når dei mistar fjøra for å gro ut nye.

TRIVSELSTIPS FOR HØNS

  • Tørt og reint underlag.
  • Sandbad. Høns reinskar fjøra sine i sand, gje dei ei kasse med fin sand så blir dei glade og reine.
  • Gje dei tilgang på skjelsand eller knuste eggeskal. Hønene treng nok kalsium for å produsere egg. Me knuser eggeskal i ein morter og gjev det til dei, på det viset vert det òg eit lukka krinsløp. Eit tips er å ha eggeskala i steikeomnen i nokre minutt før du mel dei opp, då blir skala porøse og prosessen vert mykje meir effektiv.
  • Matrestar av ymse slag. Me hentar gamle matvarer hjå dei lokale butikkane som me gjev til både høns og ender. Dette gjev dyra ein variert kost, i tillegg til at me reddar mat frå å gå i søpla.
  • Vaglepinnar. Hønene vil helst sove på ein vaglepinne, og dei likar generelt å komme seg opp i høgda.
  • Eit frodig uteområde kor dei kan få boltre seg og ete alt frå insekt til urter og bær, dette er essensielt for eit naturleg hønseliv.
  • Hønene set ekstra stor pris på om du lar hagen vere vill med buskas og langt gras kor dei kan gøyme seg for rovfugl.
  • Aktivitetar og snacks i hønsehuset. Til dømes brukar
    me å henge opp kålhovud som dei kan hakke på.
  • Ei lampe i hønehuset på vinterstid for nok lys.
Ender i gress
Endene hjelper deg gjerne med hagearbeidet, og er ivrige snegleetarar om dei får gå seg ei runde i kjøkkenhagen din.

ENDER
Saman med hønene våre har me ein stor gjeng med ender. Me starta med fem ender som vart henta på naboøya med robåt ein sommardag i fjor. Det viste

Kvar morgon me skal hente egg er som ei påskeeggjakt!

seg at dei var veldig flinke til å gøyme egg i busker og kratt, og vips så hadde fem ender blitt til tjue. Kvar morgon me skal hente egg er som ei påskeeggjakt, men det er det verdt for så gode egg. Våre ender er ein miks av mykje rart, og dei er ganske hardføre. Det finst mange ulike rasar med ulike kvalitetar og eigenskapar, og nokon krev meir oppsyn og komfort enn andre.

Ender er elles takksame og enkle dyr å ha. Me har anlagt ein andedam med naturleg vassføring, slik at dei har moglegheit til å bade og vaske seg. Tilgang til vatn er heilt naudsynt om du skal ha ender, sidan dei vaskar både fjørdrakt og nebb på denne måten. Elles treng dei ein tørr plass med ly for vêr og vind. Det skal seiast at våre ender heller vil henge under andehuset enn inni det, og heilt tydeleg diggar regn og gjørme i motsetting til hønene.


TRIVSELSTIPS FOR ENDER

  • Andedam! Dei må ha tilgang på vatn som nemnd ovanfor.
  • Tørr plass med tak og ly for vind kor dei har moglegheit
    til å gå inn.
  • Eit mangfaldig uteområde. Endene trivs med å vagge rundt og ete alt frå frø til mark, insekt og ikkje mist sniglar! Så om du har eit snigleproblem i hagen er det berre å la endene gjere jobben.
  • Nett som hønene får endene også middagsrestar og gamle matvarer frå butikken, men våre ender er litt kresne og held seg helst til ulike salattypar og bløyta brød.
Ender ved dam
Når endene har tilgang på vatn vil dei ha det bra og halde seg friske og reine.

Å ha eigne fjørfe gjev oss rom til å frigjere oss frå ein industri som me ikkje ønskjer å ta del i, i tillegg til at det gjev oss meiningsfull kunnskap når det kjem til alt frå stell til slakt. Når du skaffar deg eigne husdyr tek du eit oppgjer med ditt forhold til dyr, velferd, liv og død som samfunnet elles vert meir og meir framandgjort frå. Ikkje alle har moglegheit til å ha eigne dyr, men det er òg mogleg å kjøpe råvarene sine frå produsentar som tek dyrevelferd og miljø på alvor. Saman kan me stille krav og gjere endringar for dei som ikkje har ei stemme, dyra.

Se også Sellanrås oppskrift på Ande-rillet.

Flere artikler