melking-sinjarheim-foto-elisabeth-fagerland
Mjølking på Sinjarheim
Meninger

Melken et lite mirakel

Ein skal ikkje gråte over tapt mjølk, heiter det. Det er omlag det dummaste eg høyrer.

Bak den mjølkekartongen du betalar rundt 20 kroner for i butikken ligg det 500 liter blod. Ikkje blod som har vorte tappa heldigvis, men blod som har gjort jobben sin. Kyr og geiter må pumpe 500 liter blod gjennom juret sitt for å lage ein liter mjølk. Det er fordi mjølka ikkje oppstår av seg sjølv, og blodet leverer næringsstoffa mjølka er sett saman av. At mjølk ikkje kjem frå kartongen er nok klart for dei fleste som les dette. Men ho kjem ikkje frå juret til kua heller: Mjølka kjem frå det fôret den kua et.

DIFOR ER sommarmjølk noko anna enn vintermjølk. Fordi dyr på sommaren har ein annan diett enn dei har på vinteren – føresett at dei får høve til å gjere det vi alle vil på den tida av året; vere ute, på utsida av gjerdene, i den uregulerte utmarka – skogen og fjellet. Kyr på fjellbeite gjev oss ei mjølk som har meir omega 3, meir umetta feittsyrer og mindre metta, og høgare innhald av antioksidantar og vitamin, syner både norsk og internasjonal forsking.

I AURLAND kommune er det ein dal som heiter Rausmeisdalen. Ordet rausmeis har vorte til frå raudt smør – det heiter seg at det er så gode beiter i den dalen, at smøret budeiene kinna der vart heilt raudt. Årsaka til det igjen er det høge innhaldet av karoten i graset, lyngen og buskene kyrne et. Karoten kjem i fleire former, som varierer mellom gult og raudt på farge – det er dei som gjer gulrota oransje. I kroppen vår vert betakaroten danna om til A-vitamin – augevitaminet – som utover synet óg er viktig for hud, fosterutvikling og immunforsvaret vårt.

Det som er godt for planta, er godt for kua, er godt for mjølka, er godt for deg.

GULROTA KAN VI LAGRA utover vinteren, men vinterfôret til kyrne klarar ikkje ta vare på karotenet like godt. Dei forsvinn ved lagring, om det no er som surfôr eller tørt høy. Kanskje er det difor vi ikkje klarar å bestemme oss for om vi skal kalle gouda for kvitost eller gulost – fordi osten rett og slett vert kvitare på vinteren, og gulare på sommaren? Kva er det som gjer fjellbeitet så næringsrikt? Det veit vi framleis for lite om, men mykje tyder på at det rett og slett er dei tøffe forholda der oppe: Fjellplanter må klare å reprodusere seg på ein kort sesong, med store skilnader på dag- og nattetemperatur. Dei må stå i mot sterk vind, mykje sollys og plutseleg frost. Både E-vitamin og karoten beskyttar mot UV-strålar og hjelp planta å halde på varme.

VITAMIN E er ein antioksidant som styrker cellemembrana i kroppen vår i kampen dei kjempar mot frie radikaler. Det styrker immunforsvar og er viktig for nervesystemet. Det er óg eit vitamin vi bør få i oss mest mogleg av gjennom mat. E-vitamin frå tilskot har ikkje same verknad, meiner forskarar for tida. Bioforsk har funne at innhaldet av E-vitamin i lyng, siv og urter på fjellet i Valdres er sju til ti gonger så høgt som E-vitamininnhaldet i gras.

Umetta feittsyrer beskyttar plantene betre mot frost enn metta, då dei har lågare frysepunkt. Altså; det som er godt for planta, er godt for kua, er godt for mjølka, er godt for deg. Difor er det ekstra synd at stadig færre norske kyr kjem seg ut på beite i mjølkeperioden, og at berre eit fåtal av dei mjølkar medan dei går i fjellet.

I 2014 vart det innført beitekrav. Etter det skal i prinsippet alt storfe ut og beite i åtte veker kvart år. Men om kyrne går i lausdriftsfjøs, og beite ikkje er tilgjengelege, kan kravet handhevast i ein betongluftegard. Det er altså framleis berre økologiske kyr som har krav på å få beite i Noreg.

OG DA HAR VI ikkje ein gong nærma oss smaken. Norske forbrukarar byrjar å skjøne at terroir, geografi, geologi og klima, påverkar eit landbruksprodukt og ikkje berre gjeld alkoholhaldige drikkar, men óg alle andre produkt som veks ut av jorda. Kanskje får vi mjølkesmaking i framtida, på same måte som vi har vinsmaking no? Då må vi handsame mjølka minst like varsamt som ein handsamar ein god vin, helst bør smakarane kome til mjølka, og ikkje omvendt. Mjølkesmakingsturisme neste?

Skal vi ta med oss mest mogleg gode vitamin og antioksidantar inn i vintermånadane, må vi foredle mjølka på best mogleg vis. For mjølk er framleis aller mest ei råvare, noko som gjer mjølkebønder til råvareprodusentar. Det gjev dei nærast endelause moglegheiter.

Siri Helle er utdanna økologisk agronom, har jobba som journalist og skrive bøkene Handle rett – Lure val i ein matbransje full av juks (2014) og Skal landet gro att? (2015) I Ren Mat skriv ho om skjulte sider - og store samanhengar i jordbruket.


Flere artikler