Fortidsdyr er framtidsmat

Er dei norske landrasane av storfe berre museumsdyr, eller ein del av framtida for norsk matproduksjon? Nils Sigurd Drabløs er bonde og driv med Vestlandsk fjordfe. Han trur at matmarknaden er i ferd med å bli delt i to; dei som vil ha billege bulkvarer og dei andre som vil betale meir for kvalitetsmat med ei historie.

Stedegenhetslæra, som hevda at ein rase er tilpassa terrenget og klimaet der den har vore i lang tid, står ikkje på læreplanen lengre. Men når ein ser ein buskap med Vestlandsk fjordfe i fullt firsprang ned ei bratt li, forstår ein at desse dyra faktisk har ei evne til å ta seg fram i utmark og utnytte beitet der på ein måte dei moderne rasane ikkje kan.

VI HAR SEKS godkjende landrasar av storfe i Noreg; Dølafe, Telemarkfe, Østlandsk rødkolle, Vestlandsk raudkolle, Sidet trønder-og nordlandsfe og Vestlandsk fjordfe. Landrasane er dei eldste levande kulturminne vi har. Formødrene til desse dyra har vore her i fleire tusen år. Saman med geita sørga dei for at våre forfedre gjekk over frå å vere jegerar og samlarar, til å verte fastbuande bønder. Dei har forma kulturlandskapet vårt både i låglandet, i fjellet ved stølsdrift, ved kysten på Vestlandet og i Nord-Noreg. Dei gjorde det mogleg å livberge seg på dei små hyllegardane i verdsarvområda i fjordane våre.

TINE HAR REKNA ut at vår buskap av Vestlandsk fjordfe tok opp 8,2 fôreinigar gras i utmarka på fjellet. Dei to buskapane som går i området no, held ope 1700 da kulturlandskap. Samtidig tok Norsk Rødt Fe, NRF, opp litt meir på eit fulldyrka fellesbeite. Det vart rekna ut i frå ytelse, fosterproduksjon, vekt tillegg/-tap og kraftfôropptak. Om ein reknar opptak per kilo kroppsvekt, i snitt 400 kilo mot NRF 600 kilo, er Vestlandsk fjordfe overlegne i beitekapasitet. Om produkta frå landrasane er sunnare enn NRF kan vi vise til analyser utført i Uppsala. I mjølk frå våre kyr var det 1 del omega 3 og 0,9 deler omega 6. I kjøt 1 del omega 3 og 1,2 deler omega 6, i feitt 1 del omega 3 og 1,4 deler omega 6. Professor Jana Pickova ved Sveriges landbruksuniversitet som stod bak desse analysane hadde ikkje sett så gode resultat før. Tilsvarande produkt frå konvensjonelle kyr inneheldt 1 del omega 3 og 15-20 deler omega 6. Som vi veit er omega 3 den gode feittsyra, medan omega 6 er den dårlege for helsa vår.

Vi veit at i framtida kan vi ikkje bruke 40-50 prosent kraftfôr til mjølkekyr.

PRODUKTA er ikkje berre sunne. Dei beste kokkane i landet uttalar at kjøt frå landrasane er det beste kjøtet dei har hatt mellom hendene. Ikkje så rart, for desse oksane veks 300-400 gram per dag, medan kjøtrasane veks 1500-1700 gram per dag. Når dei veks langsamare blir kjøtet meir finfibra, og i tillegg meir marmorert, noko som igjen gir betre smak. For smaken sit i feittet. Desse dyra brukast både som kjøttdyr, mjølkekyr og ammekyr og dei kan greie seg med svært lite kraftfôr. 

VI VEIT AT i framtida kan vi ikkje bruke 40-50 prosent kraftfôr til mjølkekyr. Kanskje må vi ned mot 0. Desse landrasane er ei sikkerheit for at vi kan få både mjølk og kjøt i framtida. I tillegg veit vi altså at maten frå slike dyr er sunnare enn kraftfôrbasert mat, og alt no er folk villige til å betale for kvalitet. Gamaldagse kyr og gamaldagse produkt? Nei, framtidsretta dyr etter mi meining, dyr som vi tufta overlevnaden vår på i tusenvis av år og som vi gjer klokt i å satse på igjen. Men dei må opp og fram i lyset. For historia er slik: I 1960 var det 60 000 av desse dyra på Vestlandet. I 1970 var det 500, på 1980-talet var det 70-80 dyr i åtte buskapar. Alt medan talet på NRF, som er avhengige av kraftfôr, auka tilsvarande. På 80-talet starta så redningsaksjonen der Norsk landbruksmuseum og Norsk bufe med base i Bergen gjorde ein stor innsats. I 1992 vart Laget for Vestlandsk Fjordfe skipa, og vi som har engasjert oss her, har drege det tyngste lasset i arbeidet sidan. Men også med hjelp av Norsk genressurssenter og partane i jordbruksoppgjeret, som no løyver 2000 kroner per ku og avlsokse. Ved årsskiftet vart det 717 kyr av Vestlandsk fjordfe.

NRF-KYR får i snitt 1,88 kalvar før dei blir slakta. Slike dyr blir ein ikkje kjent med, dei er berre produksjonsdyr. ”Grålin” frå Volda, den eldste Vestlandsk fjordfe kua vi veit om, vart 35 år og fekk 33 kalvar. Vår eldste ku her på garden, ”Dalmøy”, vart 22 år og fekk 20 kalvar. Ein stor del av kyrne i populasjonen vår er over ti år gamle. Slike dyr blir ein kjent med. Ulempa er at det er vanskeleg å skiljast åt. Desse dyra blir som vener, dei er også kulturarbeidarar og tradisjonsberarar. Samfunnet brukar mykje arbeid og pengar i museumssamanheng i å ta vare på gamle hus og reiskap frå bonde-samfunnet, men dyra som var grunnlaget for mat for folk var det ingen som tenkte på før det nesten var for seint. Framleis brukar staten berre småpengar på bevaringsarbeidet, bøndene må framleis ta det største ansvaret.


Svulmande, grove musklar får best klasse og pris. Dette gjer at vi no ser på andre måtar å omsette kjøtet på.

FOR NOKRE ÅR sidan starta Ola Langleite Urfe, en marknadsretta kanal for omsetning av kjøt frå landrasane. Han fekk til at bøndene slakta på sitt næraste slakteri, enten det var samyrkeslakteri eller privat. Han distribuerte kjøtet til gode restaurantar. I fjor måtte han gi opp, til tross for en marknad i vekst, og Nortura tok over. Men dei vil ikkje ta i mot slakt frå private slakteri. Landrasemiljøet er ikkje nøgde med Nortura si klassifsering av slakta vår. EUROP-klassifiseringsystemet er svært urettferdig for landrasane. Nedskjeringsforsøk har vist at våre dyr har 14-15 prosent bein, kjøtferasar 17-18 prosent, medan NRF har over 20 prosent bein. Sjøl om kjøtet frå våre rasar blir prisa og mye brukt av landets beste kokkar, vil ikkje Nortura betale det kjøtet er verdt. Smak kan visstnok ikkje brukast i klassifsering, det kan berre utsjånad. Svulmande, grove musklar får best klasse og pris. Dette gjer at vi no ser på andre måtar å omsette kjøtet på. Ved å avtale slakting på lokale slakteri kan vi enten få ein høgare pris, dei omset kjøtet til utvalde kundar, eller vi kan ta tilbake kjøtet og omsetje det sjølv. Slike initiativ er i gang i Nord-Østerdal med Røroskua, i Østfold med Guldkolla og på Sunnmøre i samarbeid med Ringdal slakteri. Kva kan konkurrere med kjøt frå Dølafe frå Gudbrandsdalen/Østerdalen, eller Vestlandsk fjordfe frå verdsarvområda på Vestlandet? Dei som har smakt dette kjøtet meiner verken Charolais frå Jæren eller Limousin frå Trøndelag kan det, og har heller ikkje same gode historia å fortelje. 

Nei, det er ikkje berre pengar som tel, vi må ha det artig og det vi driv med må ha ein meining også

EG TRUR AT matmarknaden er i ferd med å bli delt i to. Dei aller feste vil framleis ha bulkvarer som er billege, medan andre er villige til å betale meir for god kvalitetsmat som har ei historie, og som gjerne er økologisk. Her er det produkta frå landrasane passar inn. Sunnare, bedre på smak og lokalprodusert på gardar der kundane kan bli kjent med bonden, om dei vil. Ein må ha det artig som bonde òg, landrasekyrne gjer kvardagen meiningsfull og spennande. Alt kan ikkje målast i pengar. Å ha ei ku som har ei historie, som er gløgg, teknisk interessert, og svarar når du tar kontakt, som har fokkinstinkt, kjem heim til mjølking og forsvarar seg mot angrep frå fiendar, er verdt mykje. Og kva er lønnsomheit? Å ha kyr som har vore på stølen i hundrevis av år, og har skapt kulturlandskapet der? Korleis kan lønnsomheit målast i å ha ein grå okse i flokken der kyrne kappast om å pusse den, sjøl om dei ikkje er brunstige? Korleis kan ein verdsetje å ha ein kufokk som er svarte, raude, kvite, grå, blakke, brune, einsfarga, botete, sida, sadla, skyrete, brandete, skimla, nygla eller horna, ei ku som skaffar deg mange vener i inn- og utland. Nei, det er ikkje berre pengar som tel, vi må ha det artig og det vi driv med må ha ein meining også.

Nils Sigurd Drabløs starta som konvensjonell bonde i 1971 med NRF-kyr. Blei etterkvart meir og meir tvilande til sprøytemiddel og kunstgjødsel, og byrja å legge om hovudet midt på 80-talet med deltaking på det som fans av økoseminar. La om første stykket i 1989, ferdig omlagt i 1994. Leverte økomjølk på Sunnmøre fram til 2014 då Tine sentraliserte økomjølk-produksjon. Har vore tillitsvald i Bonde og Småbrukarlaget, i Midt-Norsk økoring, leiar i Norsk bufe og leiar i Laget for Vestlandsk fjordfe frå starten i 1992 til i dag. I boka ”Kom jentene mine” kan vi  følgje livet på Ellinggården i Velledalen i Sykkylven, der Nils Sigurd og Gunhild driv med den gamle rasen Vestlandsk Fjordfe. Den vakre fotoboka kan bestilles ved å sende en e-post til nilss-dr@online.no