Meninger

Nokon jobbar i fjella våre

For dei fleste er fjell fritid og ferie, men dei ville ikkje vore så tilgjengelege om ikkje nokon hadde produsert mat i dei.
Der Maten Kjem

Ferierer du i Noreg? Då er det god sjanse for at du ferierar i norsk utmark. Rettsleg er utmark definert som alt som ikkje er innmark – med andre ord alt ubygd areal som ikkje vert dyrka. Uproduktiv skog, myr, strand, innsjø, vatn og ikkje minst fjell er alle delar av utmarka vår. Der sørgar Allemannsretten for at vi kan boltre oss fritt, så lenge vi held oss 300 meter frå folk og flyttar oss annankvar dag.

At utmarka ikkje vert dyrka tyder ikkje at ho ikkje vert nytta i matproduksjonen vår. Faktisk er det det som gjer utmarka sjølvøkologisk, ho føl i seg sjølv økologiske prinsipp. Difor bør vi som støttar slikt jordbruk òg støtte mest mogleg bruk av norsk utmark.

NO ER DET SLIK; den beste måten å tene pengar på utmarka er å regulere ho til hyttetomter som ein sidan sel, enten som dei er eller med ferdige hytter på. Og det er jo aller mest trist, tenkjer eg. Ikkje fordi eg ikkje vil ha folk i fjella våre. Tvert om er det superviktig at dei av oss som ikkje er aktive i matproduksjonen kjem oss ut der han foregår og ser kva som skjer. Men fordi sjølv om norske fjell kan føles uendelege, så er det kamp om ressursane her òg.

I 2015 fullførte vi hytteprosjekt over til saman 570 dekar. Det er kanskje ikkje all verda, men det er beiteområdet til kring 80 sauer, med kring 120 lam, som kunne vorte omlag to tonn kjøt. 44 prosent av Noreg er definert som "inngrepsfritt". Men berre 12 prosent er "villmarksprega". Samstundes som nærare halvparten av folk i Noreg allereie har ei hytte, har vi verdas kanskje beste Turistforening som eig og driv over 500 hytter vi alle kan bruke. I tillegg har Fjellstyrene kring 150 hytter til leige og Statsskog over 100 koier og buer vi kan søke ly i – heilt gratis.

KOMBINASJONEN stadig fleire hytter og stadig færre bønder med dyr i utmarka er uheldig. For vi gløymer fort kva det vil seie at dyra går fritt omkring i beiteperioden.

Det minste vi andre kan gjere er å late vere å klage over at det ligg kuruker på stien.

Vi gløymer at vi må ha hunden i band, sette opp eit hinder så vi ikkje får sauemøkk på terrassen, men at den på hyttegraset faktisk er god gjødsel. Byfolk veit ikkje lenger korleis de jagar kyr vekk frå vegen på ein trygg måte. Tamme hundar tek livet av fleire sauer enn sin ville fetter ulv, og bønder vert møtt med klager når dei spreier møk på enga si om våren. Slik kan vi ikkje ha det. Særleg ikkje når vi veit at bønder er blant dei viktigaste årsakene til at fjella er så opne og tilgjengelege for oss som dei er.

Ein fjerdedal av alle dei raudlista artane våre, både innan flora og fauna, er avhengige av eit aktivt forvalta kulturlandskap, med andre ord at bønder produserer mat i både innmark og utmark. Turistforeninga gjer ein kjempejobb med å vedlikehalde turstiane våre, men det gjer jammen dyrene òg. Det minste vi andre kan gjere er å late vere å klage over at det ligg kuruker på stien.

Flere artikler